søndag 26. februar 2012

Tankar rundt hytta

Midt opp i jakta på drømmetomta har vi så smått begynt å tenke på kva hytte vi skal bygge. Mykje er idear og forslag enda, og vi har fortsatt god tid før beslutningene må tas, men planlegging og idemyldring er ein viktig del av prosessen :)
Først hadde vi høge tankar rundt hyttepalasset vi ønska oss. Lite rot hadde drømmen nok i verkligheita. I virkeligheita må pris, behov og tilpasning til tomta være på plass for val av hytte.
Vi har sett oss eit par ønsker for hytta vår.

- Tre soverom i hovudetasjen pluss to på hemsen
Då har vi plass til gjestar, men samtidig kan begge ongane ha eit soverom kvar i hovudetasja saman med oss.

- Loftstue eller hemsstue
Ein stad der ongane kan hande til, særlig når dei blir litt eldre enn dei er no og vil ha ein stad å sjå tv, spele sel og styre seg sjølve.

- Badstue
Ein ting eg har ønska meg, men som eg fryktar skjelden vil bli brukt. Tippar det står svært monge pent brukte badstuer ute i hyttenorge... Derimot så veit eg at eg kjem til å sakne det om vi ikkje utrystar hytta med badstu.

- Stort kjøkken, avdelt frå stove
Mykje av hyttekosen er god mat, og då treng vi eit stort og godt kjøkken. Eg vil at kjøkkenet skal være adskilt frå stova, men ei viss tilknytning må dei ha for den sosial delen. Skal kunne kommunisere i mellom ;)

- Torvtak og villmarkskledning
Er ikkje skikkelig fjellhytte uten.

- Store vindauge på stova
Eg ønsker å føle eg er ute når eg sit i den varme hytta og slapper av. Her må eg muligens moderer meg litt i forhold til innsyn og reguleringsplanar for hytteområdet vi endar opp med tomt på, men store vindu på stova må til.

- Stor gang
Ei heil familie pluss muligens gjestar som skal kle på og av vinterkle og tilhørende skisko krever sin plass.

- Bod med plass til skiutstyr og sykler
Mykje som krev lagringsplass, også på hytta.

- Pris
Ja den som hadde hatt ubegrensa med pengar ;) Rimligast mulig uten at det går på bekostning av funksjon, viktige ønsker og kvalitet.

Det var dei ønska vi har sett oss til no. Om nokon vil kome med innspel eller har andre idear dei vil dele, kanskje dele ønsker dykk har/hadde til eiga hytta, så set vi pris på det :)

Ein litt kundetilpassa versjon av Familiehytta sin Osensjøen kanskje?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar