lørdag 3. november 2012

Isolering

I dag har vi hatt vår første dag med eigeninnsats, fulle i pågongsmot starta vi dagen med ein god frukost i campingvogna.
Vi møtte snikkarane oppe på hytta, dei holdt på å rydde saman utstyret sitt og sette kursen til neste prosjekt. Før dei reiste gav Tomas oss litt tips til å kome i gong med vårt arbeid og litt tips om ting vi måtte passe på (tabber vi måtte unngå osv ;) )

Først nokre bilder frå i dag tidlig. Her starta vi arbeidet, mykje å ta tak i. 
 
 
 

 
 Hemsen blir romsleg


Sida det var en del vind og innimellom ganske kraftig vind burde vi i følge Tomas få tatt isoleringa så snart som råd. Vindsperrene burde ikkje ligge å blafre så lenge.
Vi satte derfor i gong med isoleringa, først taket, noko som i starten var ei utfordring sida det berre var nokre plater opppå takstolane, men etter ei stond vart vi vande med balanseringa.

 
 Viktig med godt isoleringsutstyr, eingongskjeldressar, maske, hanskar og ein god isolasjonskniv.

Før vi kunne isolere måtte isolasjonen bærast inn. Kjenner at eg har brukt kroppen til mykje tunge løft i dag.

Vi er i dag svært godt nøgd med eigen innsats, vi fikk gjort mykje og er no ferdig med isolering i taket (ikkje frammbygget) og fikk tatt litt over 50% av veggane nede.






Vi har ein halv arbeidsdag i morgon så håper at vi blir ferdig med isoleringa. Det er iallefall utruleg kjekt å være i gong :)




4 kommentarer:

  1. Vips, så hadde dere hytte! Skal si det har gått fort!
    Sikkert godt når isoleringsjobben er unnagjort.. Dere er flinke!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) Vi lærer mye langs med ;) har heldigvis fått med ein byggebeskrivelse frå Familiehytta, denne er god hjelp på veien :)

      Slett
  2. Wow, dere har fått isolert kjempemye på kort tid!! Knall bra jobba :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja isoleringsjobben gikk raskare enn frykta. Ca17 timer jobb på to personar så var hytta pakka på innsida med isolasjon. Var ei hard helg med tung jobbing. Merkar ei god gangsperre i armar og rygg i dag ;)

      Slett