søndag 16. desember 2012

Isolering i etasjeskilje og dampsperre

Endeleg har eg (Karoline) også fått gjort ein innsats på hytta. Barna fikk være hos mormor og morfar frå fredag til søndag og eg og Eirik har fått stått på i to dagar.

Vi starta på fredagskvelden med å få satt på litt varme i hytta, med ti kalde ute og ca like kaldt inne var det nødvendig å få opp tempraturen skulle vi kunne jobbe der.
Heldigvis har vi kjøpt campingvogn med svært godt varmeanlegg og der vart fort god tempratur i campingvogna. Merkar godt at vi har ei camingvogn beregna på norsk vinter, vannboren varme er gull verd når det er minusgrader ute.
Tross godt og varmt i vogna var det nokre voldsomme vindkast som reiv og gynga godt i vogna heile natta. Det vart det ei natt med svært lite søvn og ingen super start på helga.

Tross dårlig søvn var arbeidsinnsatsen på topp. Laurdag fikk vi isolert etasjeskiljet og sett påplass lektene for deleveggane.

Etasjeskiljet er isolert og Eirik fikk laga klart for å kunne feste deleveggane i taket.


Medan Eirik snikra fikk eg litt tid til å rydde og koste. Det var mykje isolasjonsrestar,rusk og rask runt om kring.


Mykje isolasjonsrestar måtte samlast opp og det vart rett flott når plata vart kosta skikkeleg


Laurdagskvelden var tilbrakt i campingvogna med burgermeny frå YX og Kon-Tiki på leigefilm. Det var to trøtte sjeler som tok kveld kl 22.

Vinden hadde heldigvis roa seg på laurdagskvelden, og sjølv om det var eit par kraftige vindkast, vart det ei mykje bedre natt.


Søndagen gikk med til å starte med montering av fuktsperren.

Vi fikk starte på dampsperra

Vi fikk starta på dampsperra. Dampsperra på taket kom på plass og i tillegg fikk vi festa dampsperra i øverste lekta slik at det skal være mulig for Eirik å fortsette når han skal opp i romjula. Vi må då også isolere ferdig over vindauga og døra før vi kan få festa plasten skikkleg.

Vart ei helg med mykje arbeid med armane opp over hovudet. Det var tungt og det blir garantert gongsperre i morgon, men absolutt så verdt det :) Kjekt med slikt arbeid som viser så godt igjen :)

4 kommentarer:

  1. Så godt å kunne dra på hytta og jobbe, ei uke før jul! Det kaller jeg bra prioritering! Dere fikk gjort mye. God jul! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mulig julenedvask, opphenging av julegardiner, julegåveshopping og andre nødvendigheter før jula setter inn hadde våre smartare prioriteringar akkurat no, men med snilde barnevakter så måtte vi berre nytte oss ;)
      Jul blir det uansett :)
      God jul til deg også :)

      Slett
  2. Følger bloggen deres. Vi har også satt opp en Familiehytte selv, og nærmer oss ferdig. Tips, ikke sett på varme før plasting er gjort, spesielt i taket. Med varme på får dere fukt mellom isolasjon og Tyvek.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tipset! :) viktig å ikkje fyre opp varmen for hardt ja!

      At vi satte på varme var kanskje å ta litt i, ein
      2kw byggvifte, meir beregna til å å skape litt sirkulasjon enn varme fikk vi satt på. Var fortsatt plaga med at restane i koppane og nistematen fraus om vi ikkje var raske nok å tømme koppen.

      No har vi derimot kjøpt eit nytt varmevidunder som truleg skal gjære susen på inne tempen når plasten er ferdig på.
      Skal bli fint å få jobbe i ein noko bedre inne temp :)

      Slett