mandag 25. februar 2013

Lisjedo

Vi har hatt ei helg med ei god blanding av familiekos, familiekaos og byggeaktivitet. Vi har i løpet av søndagen fått beisa (eller lakka blir vel rettare sida det er behandla med panellakk ;)) og snikra opp veggane på lisjedo. Ein hærleg gråfarge vart det.
Planen var å få kobla til vatn og få til eit primitivt toalett i løpet av helga, men ting går ikkje alltid heilt etter planen. Vatnet var godt beskytta av eit komlokk med 15cm is over, og vi har enda ikkje lykkast med å skaffe ei gammal toalettskål. Planen er uansett klar for neste helg, då skal det blir vatn!
 
Lisjedo er ikkje store rommet, med sine 80cm i bredda er det nok berre akkurat brett nok,men akkurat held det. Viktigaste er at det yter sin funksjon som gjestetoalett/ ekstra toalett. Det blir innbyggingstoalett på eine veggen og ein liten vask og speil på den andre.
 
Oppe: Lisjedo - Nede: Gangen mot lisjedo, bad, hovudsoverom.
Lisje do - Ei lita hytte i hytta.
Rett fram er eit soverom, i bakkant har vi badstu og hovudbad.

5 kommentarer:

  1. He he, ja veien er kort fra familiekos til familiekaos ;-)
    Jeg likte veldig godt fargen på «lisjedoen». Det blir nok bra med toalettmuligheter i byggeperioden ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, veldig godt nøgd med fargen vi også :)
      Har no fått låne eit toalett med rørleggaren vår og vatn skal det forhåpentligvis bli ei løysing på til helga, så dette går rette vegen :)Skikkelig do og innlagt vatn skal bli bra :)

      Slett
  2. Kjempe fin farge på doen:-) så grei rørlegger dere har, alltid greit med do-muligheter og vann:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Veldig serviceinnstilt rørlegger frå Lesja Rør :)
      Sjølvbyggartilverelsen kjem til å bli mykje meir behagleg no med vatn og toalett i hytta :)

      Slett
    2. Uten tvil at det gjør ting lettere:-)

      Slett