søndag 3. mars 2013

2.mars - arbeidet går vidare

Då vart det ei ny hyttehelg på byggarane vår. Det vart med berre ein dagstur på laurdag denne helga, Eirik, min far og onkel Ole kjørte oppover laurdags morgon som vanlig. Planen var at eg skulle komme oppver laurdagskveld, men dårlege vegar sette ein stoppar for det. Greit å halde seg heime når været er som det er denne helga. 3t aleine i bilen i mørket, på sørpeføre, i snøvkave var ikkje spesielt fristande..
 
Denne helgas innsats er oppsumert i bilda under:
 
Kummen for å slå på vatn til hytta var plassert midt i vegen, under 15cm med knall har is. Med det rette verktøyet (luftmeisell, spade og spett) fikk dei  vekk isen og kunne skru på vatnet. Vi har no altså fått hytte med innlagt vatn :) (vel og merke berre kaldt frå hovudkrana foreløbig)
Er vel på sin plass med ein beklagelse til eventuelle hyttenaboar som måtte høre på duren av ein luftmeisel ein laurdag førmiddag. (Dei få som hadde tatt turen på hytta i det ruskete været )

Røropplegget til sentralstøvsugeren er på plass.

Spottkasser i 1.et er på plass. Totalt vart det 32 spottkasser.

Fytta endeveggen på gangen. Slik den var teikna inn kom døra til bad og hovudsoverom heilt inn i endeveggen, det var derfor ikkje plass til dørlister på den sida som gitt mot endevegg. Ved å flytte veggen litt får vi både plass til dørlister og kan henge opp noko på veggen uten at det kjem framfor dørene.
I veka som var har også rørleggar våre på hytta å laga klar slukane, så no skulle det ikkje være noko hindringar for å starte støyping av golv der det skal være støyp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar