søndag 24. mars 2013

Nermar seg påskeferie

Eirik hadde fri på fredag og tok seg ein tur aleine på hytta. Sida vi skal i eit familieselskap i dag vart det at han kom heim etter ei overnatting. Effektiv som han er får han gjort mykje på to dagar.

Planen for reisa var å få ferdigstilt taket på loftet. Der var det berre arken oppover som sto att, og for folk uten så altfor mykje snikkarerfaring få før, vart det litt tenking og prøving før vinklane satt som dei skulle.

Arken på loftet - Taket er på plass på heile loftet.
(Bilde frå mobilen til Eirik, som de ser er den moden for utskifting)


Tak på loft - Ferdig: Check!

Vidare starta han på taket i frambygget på stova.

Tak i frambyggetpå stova
Gikk også med litt tid til å prøve å få vatnet tilbake i hytta, men det er fortsatt fryst... Håpar vi får det til i starten av påska, blir tungvindt på camping/hyttetur uten vatn. MEN alt går, rart alt man finn seg i når målet er så flott og fint, ei ferdig hytte :)

Eirik har også fått rydda eit soverom nede, slik at det er klart for å starte med panel på tak og veggar der i påska. Eg har fått hasteoppdrag med å finne farge.. og eg slit med å bestemme meg.
Om nokon har tips til fargar tek eg imot med takk :)

Utpå kvelden på fredag var de kø med bilar i alle retningar med påskeklare hytteturistar på vei til hytta si. Virka som påska alt har starta for fuldt på Bjorli iallefall. For vår del blir det tre arbeidsdagar før vi setter kursen mot hytta på torsdag.
Blir nok ei påske med god blanding av snikring, solvegg, beis, ski, sol, bygging, tak, veggar, aking, leik og kos :)

I løpet av påska må vi også velge ut kvitevarer til kjøkkenet. Har blitt blada ein del i denne siste tida:

Nokon med erfaringar med AEG kvitevarer? Noko funksjon de absolutt ikkje villa våre foruten på koketoppen og steikeovnen? Erfaring med lydnivå på ventilatorar, oppvaskemaskin og kjøleskap? Eller om de har andre smarte tips de kan dele med oss i valget av kvitevare, så er det berre å kome med dei :)

God påske til dei som har tatt ferie :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar