fredag 29. mars 2013

Påska 2013 - Skjærtorsdag

Endelig kom påska med alle friagane som vi har venta på. Mange fridagar dedikert til hyttebygging og påskekos.
Torsdag morgon sette vi kursen mot Bjorli. Foreldra til Eirik var med og skulle bo på hotell til fredag. Kjekt med gode hjelpara når vi skal kombinere hyttebygging med familiekos.

Eg, svigermor og ongane var ute å kosa oss i nydelig påskevær mens Eirik og svigerfar var hyttebyggara. 


Mykje folk i skitrekket


Deilig med ein trilletur i sola


Mykje folk og mange opne butikkar i Vetlegrenda


Vart godt og varmt i solveggen


Fikk rydda oss ein solkrok, her må vi definitivt legge ein platting :)
Inne har det våre fokus på tak. Taket i frambygget på stova er ferdig, i tillegg har badet fått tak. 

Då ongane var komne i seng fikk eg sette meg til å mixe beisblanding til loftet og gangen. Såg litt skummel ut i spanna, og vart litt usikker då eg tok første fjøla, men når det tørka vart resultatet utruleg bra :) Perfekt farge!

  
Ferdig beisa panel til loftstova




Vi har hatt ein flott påskedag :) Familiekos og hyttebygging i fin kombinasjon :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar