lørdag 27. april 2013

Golv

Denne helga er dedikert til golv. Sida vi endeleg har fått vatnet att kunne vi lage klart for støyping. Golva som skal få varmekablar og flis har no fått eit tynt lag med isolerande isopor og bada har fått på plass varmekablar. Det skal også varmekablel i golvet på gangen, men sida vi er avhengig av å gå der må denne vente til vi har støypt ferdig bad og toalett.



Medan Eirik og Pappa har jobba med golva som skal støypast har eg beisa og lakka det lisje soverommet i 1. etasja og heile loftet (to soverom og loftstova). Ein jobb som har tatt litt meir tid og krefter enn eg hadde forestilt meg, men var ekstra deilig å avslutte i dag å være fornøgd med resultatet så langt.

For tregolva sin del reiste eg og Eirik oppover fredagskvelden. Veldig kjekt med ei mamma som ville vere barnevakt denne helga :) Golva måtte ryddast og vaskast godt reine for støv og eventuelt smuss (var mest sagmugg og anna byggestøv på vårt golv, men vekk måtte det). Etter anbefaling frå fagfolk lot vi golva tørke over natta før vi starta beisinga.

Eg starta med godt mot laurdagsmorgon. Forresten SVÆRT fornøgd med fargen :)
Først rulla eg på beisen med rulle. I 1. etasje kunne eg bruke skaft, men på loftet måtte eg rulle uten sida taket vart litt knapt og skaftet slo i taket heile tida.
Etterpå brukte eg ein nal for å drage av overskytande farge, og tilslutt pussa eg over med ei gamal tshorte. Særlig i dei små glippene mellom kvar fjøl samla det seg beis som måtte tørkast ut.
Etter at beisen hadde stått nokre timar å tørke (5-6 timar) hadde vi i kveld på første strøket med Trestjerner Gulvmatt. I morgontidleg ventar eit siste strøk før vi setter kursen heimeover.



Litt usikker om vi bør ha tre strøk, eller det held med to... Men rekk ikkje meir dinne helga så vi må ta ei vurdering på det når andre strøket har tørka og vi ser det ferdige resultatet.



2 kommentarer:

  1. Skjønner veldig godt at du er fornøyd med fargen på gulvet! Det ble riktig så fint! :) Vi brukte matt gulvlakk på spisebordet, og til at lakken er såpass matt, er det veldig lett å vaske av. Hadde to strøk på det bordet, men ville ha valgt tre strøk på gulv. Er atter en gang imponert over hvor effektive dere er! Synes dere får utnytta helgene til fulle. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Liv :)
      Vi kjører effektiv stil vi, må det skal det bli ferdig til ny vinter setter inn :) (pluss eg begynner å bli lei campinglivet, vil flytte inn i hytta, men då må den bli litt meir ferdig ;) )

      Slett