søndag 21. april 2013

Lite soverom nr 1 i 1. etasje nesten ferdig

I dag har Eirik fullført veggar og golv på det eine av dei to små soveromma i 1.etasje. Berre å behandle golvet, montere på vindusforingane og montere dør og lister att ;) (går frammover, men utruleg mykje jobb att fortsatt).
Fargen vart vedlig bra, håpar den går godt i lag med golvfargen som vi har valgt til resten av hytta. Håpar å få starta med golvbehandling neste helg, så tida får vise.

Eit golv blir til - Dampsperre, lekt, isolasjon, furuplank

Medan Eirik snikra har eg og ongane kosa oss ute i hele dag, trilla lange turar og bygd sandslott i sanden rundt hytta.
Snøven har smelta mykje den siste veka på Bjorli. Det varfleire stadar spor etter store mengder smeltevatn i elvar, grøfter, og vegar, fleire hytter hadde fått dammar i oppkjørselen og vegar øydelagt av smeltevatn. Heldigvis for oss ser det ut til at dreneringa på vår tomt fungerer optimalt. ( Takk til vår grunnentrepenør Kvekroken Entrepenør for godt dreneringsarbeid). Tross stor snøsmelting var det tørt og fint rundt hytta vår.

Hytta og gata vår
Vintersesongen er no over på Bjorli, langrennsløypene er stengt/regna vekk og skitrekket hadde si siste helg denne helga. Snøven er ikkje longt frå vekk og det er ikkje same folkelivet i gatene som før i vinter.
For oss hyttebyggara er det igrunn heilt greit, hyttebygging blir litt lettare uten all snøven rundt hytta :)

6 kommentarer:

  1. Her går det unna ser jeg :-) Kjempefin farge på veggene!!! Når regner dere å bli helt ferdige?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! veldig fornøgd med fargen :)
      Har igrunn ikkje sett oss noko mål for når vi skal være ferdig, skal ha 4 ferieveker (minus det som går vekk til nokre småferieturar for ongane sin del) på hytta til sommaren, håper å få gjort mykje då iallefall. Til vinteren igjenn håpar vi at det meste av arbeidet skal være gjort og at de blir vår tur til å nyte vinteren på hytta ;)

      Slett
  2. Med den innsatsen dere legger ned i hyttearbeidet, kan jeg ikke skjønne annet enn at hytta må være ferdig lenge før året er omme! Må igjen få berømme dere for iherdig jobbing!

    Synes denne vinteren begynte tidlig og slutter seint, men nå er heldigvis snøtininga igang! Blir litt vått rundt omkring, men det må vi vel bare regne med...

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for skryt Liv :) vi står på så lenge der er arbeidslyst, enda er det slik at vi gler oss til helga og vi får jobbe på hytta :) noko som er eit godt tegn :) Håpar å få hytta ferdig i løpet av hausten, men tørr ikkje håpe for mykje. Har hørt at ting tek meir tid enn man trur på slutten ;)

      Blir kjekt med vår og sommar på hytta, sjølv om vi nok må legge inn ein egen post i byggebudsjettet for myggspray ;)

      Slett
  3. Det går fremover ser jeg=) Det var en flott farge på veggene.
    Stå på!

    SvarSlett