lørdag 20. april 2013

Tilbake på hytta

Endeleg var det klart for ny hyttehelg. I dag tidleg, kl hall 8, satte vi oss i bilen mot hytta. Eg, Eirik, begge ongane, min far og Onkel Ole.
Vi skal overnatte i campingvogna til i morgon, og min far og Ole hadde seg ein dagstur.

Ein gledelig overraskelse som møtte oss inne i hytta då vi kom fram var at vatnet var kome tilbake :) Jippi!!
Det betyr at vi no kan sette i gong med støyping av golv i nær framtid.
Vi fikk i vinter kobla på vatnet på hovudkrana, men lykka var kortvarig og vatnet fraus før vi rakk å nyte det. I sommar må vi gjære utbedringer slik at vi ikkje får same problem neste vinter.

Dagen i dag har gått til ein del el-arbeid, og beis og snekring av panel på eit av dei små soveromma i 1.et.
Har hatt ekstremt med beslutningsvegring på fargevalget på dei to små soveromma i 1.et. Tok tilslutt ei inpulsbeslutning på mørk grå.
Når eg skulle male første fjøla vart eg svært usikker på valget, men etter å ha mala på og tørka av med ei fille, vart det heldigvis eit svært bra resultat :) Absolutt ein farge som harmonerar godt med resten av hytta.


-Greit å kunne vokne til denne utsikta frå soveromsglaset-




-Når ongane er med blir det mykje turgåing i nærmiljøet, her er Anna Emilie på spasertur i Vetlegrenda-





- Lisje soverom nr 1 har fått grå beis på veggen. Lady interiørbeis Værbitt-




- Dagens byggehytte middag: Taco - Tips: Lag klar kjøtt og salat heime, då er det enkelt å varme i micro på eit primitivt sjølvbyggarhyttekjøkken -


No har kvelden senka seg i campingvogna, ongane søv tungt etter ein dag med mykje sol og frisk luft. Eg og Eirik jobbar på skift i hytta, ein passa ongane og den andre malar eller snikrar. Snart sig vi nok ned i sofaen og streamar oss ein film på Netflix, merkar godt at vi har 3G nettet nesten for oss sjølv denne helga. Turbo 3G samanlikna med sirupen som var i påska.

Ha ein fin kveld :)

2 kommentarer:

  1. Så fin farge på soveromma da!
    Blir nok lettere å jobbe med tilgang til vann. Vi får visst ikke det før 1.juli... :-/
    Det går virkelig unna med dere, dere er heldige som har et helt arbeidslag til å hjelpe til! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Var en lettelse å få tilbake vatnet ja, har klart oss fint med vanntankar, men litt tungvindt, særleg med ferskvatn/drikkevatn. Beste med å få tilbake vatnet var at vi no etterkvart kan starte støyping av golv :)
      Kjedelig å måtte klare dokke uten vatn heilt til 1. Juli da, men tida går heldigvis fort :)

      Slett