lørdag 1. juni 2013

Barnevennlig sjølvbyggartilværelse

Mange valg må tas så vi kjem vidare i arbeidet. Måtte finne fliser til boda så der blei klart for bl.a varmtvannsberederen. Var innom flisekompaniet i dag på veg til hytta og der fant vi nokre heilt enkle lys grå fliser på tilbud, heilt perfekt :)

Fant også bruddskifer til 50%rabatt til å ha under peisen/ovnen! No treng vi berre å finne ut kva vi skal ha på veggen, bak ovnen... Ho mor er i tenkeboksa...

Bruddskiferheller

Denne helga er det eg, Eirik og dei to små som er på hytta. Det lisje soverommet nede som har fått golv har no fått tittelen barnerommet. Dei to små har der installert seg med leiker, DVD og no på kvelden soveposar. 
Hyttebygging på sjølvbyggarnivå med små barn kan være ei utfordring. Hittil har vi våre mykje ute med dei, men denne helga regna det heftig, så då var det godt med eit "ferdig" rom som kunne gjerast litt barnevennleg. 

Veldig praktisk for mammaen og pappaen som kan jobbe begge to på hytta sjølv om arvingene har lagt seg. (Igrunn overraskande kor mykje bråk dei små kan sove seg gjennom... ;) Her går det i både saging og hamring.)

I dag har vi hatt primer på bad og bodgolv, og starta på panelen på gangen. 
Det er surt vær ute så vi måtte rydde plass til saga inne i hytta igjenn, nybeisa panel tålte ikkje regndråpa spesielt godt.
Saga har fått plass på stova

Gangen får panel - lik farge som loftstova 

No skal vi jobbe litt vidare på gangen før vi plukker med oss dei små ut i campingvogna. Ha ein fin laurdag vidare alle sammen :)


1 kommentar: