lørdag 6. juli 2013

Helg igjenn

Denne helga reiste Eirik på hytta aleine. Vår søndag går denne helga vekk til familieselskap, så for effektiviteten si skuld vart eg heime med ongane og han fikk reise på hytta i fred og ro frå fredag til laurdag.  
Hovudoppgåva for helga var flising av golvet på lisjedo.
Nermar seg eit ferdig lisjedo :)

Når flisene var lagt hadde han eit par andre småoppgåver på planen. Eg mala for nokre helgar sida ventildekselet (heiter muligens ikkje det, men de ser av bildet kva eg meina...) og rundt ventilopninga på boda. Dette fikk han montert.
Han fikk også jobbe vidare med hjørnet der peis/vedovnen skal stå.

Ein liten snik kjik på fargen vi har valgt på hytta
 

Plate for ovn er støypt
No går planlegginga for fult hos oss, mange valg som må tas i "innspurten" (fortsatt lenge til målet altså). Taklampar må veljast, vi må bestemme oss for fargar på badet, kva innredning og dusj vi skal gå for. I tillegg trålar vi kjøp og salgsider på facebook og finn.no i jakt på møblar til hytta.

Til neste helg har vi fått barnepass til arvingane og då får vi oss, forhåpentlegvis, ei svært effektiv helg med hyttebygging før vi skal være alle fire på hytta nesten ei heil veke på sommar"ferie".  

7 kommentarer:

  1. Bra resultat etter enmannsjobben! Flott deksel som passer godt til hytta, og ikke et slikt vanlig metalldeksel. Flisene på lilledoen, er de grå? Kan tenke meg dere ser fram til ei hel jobbehelg på hytta om noen dager! :)

    SvarSlett
  2. Ventildeksela fant vi på Coop Obs Bygg, synest og at dei passa godt til hytta :)
    Flisene er gråbrune med ein trestruktur i, husker ikkje navnet no, men kan poste nokre meir detaljerte bilder etter neste helg :)

    SvarSlett
  3. Hei! Framleis imponerande framgong! Eg lurer på kor brei den brannveggen er ut frå hjørnet? Skal sette opp liknande vegg snart og vurderer kor brei vi skal la den vere :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Brannveggen er 60cm frå hjørnet. Plata på golvet har vi lagt på 90cm.

      Slett
    2. Takk for info! Blir nok det vi landar på også :-)

      Slett
  4. Dere er superflinke :-) Så flott du blogga om ventildeksela. Vi diskuterte det på hytta i dag at vi skulle lagd noe deksel til ventilene. Men nå går nok turen til Coop Obs ja. De var kjempefine :-)Vi har snekret nok for ei stund, at jeg tror nok vi går for den enkle løsningen og heller kjøper ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :)
      Litt enkle løysinga må man få lov å ta ;)

      Slett