torsdag 8. august 2013

Stovegolvet i mål :))))

Dagen i dag starta brått kl 0800 då vi fikk besøk av ein lastebil med støypesand som vi hadde bestilt. Oppkjørselen var full i bilar, så det måtte ei mobilisering til for å få flytta bilane å gjort plass til sandlasset. Sida alle alt var våken var det berre å starte arbeidsdagen. 

Lykken var eit lass med sand :)

Dagens mål var å få fullført stove/kjøkkengolvet, og no er vi NESTEN i mål!!! :)) Eg må berre ta det siste laget av tre med lakk før vi tek kveld. Til ein hærleg milepel det skal bli!! :D 

Her gler eg meg til å nyte hyttekosen om...litt..! Golvet er beisa med drivved og får tre lag med gulvmatt. 

No sit vi nyvaska etter eit lite besøk på Bjorli Vintercamping (der vi hadde campingvogna vår starten av bygginga) og har fått i oss taco til kveldsmat/sein middag. Gjorde godt med ein god vask etter nokre dagar med hyttebygging :) 

I morgon skal vi bygge ferdig veggen mellom stove og gang, der skal inn ei dobbel skyvedør for å kunne dele av fysisk mellom "oppe og nede". Døra fant vi ut litt seint i prosessen at vi ville ha, vi må derfor bygge litt om i forhold til den opprinnelige planen, men kva er vel ikkje ein byggeprosess uten litt utfordringar? ;)
Om været held seg blir det nok også mala meir av vindskeidene og jobba vidare med terassa. 
Arbeidsledige blir vi iallefall ikkje :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar