mandag 16. september 2013

Bad

Denne helga var Karoline, på blåtur med jobben. Eirik, ongane og foreldra til Eirik reiste derfor på hytta for å gjære ein innsats. Hovudfokuset var denne helga på badet. I tillegg var det haustmarknad med mykje aktivitet på Bjorli denne helga. Konsertar, salgsboder og mykje folk. Store og små hadde ei kjekke helg.

På det store badet har vi våre litt fram og tilbake på korleis vi skulle ha det. Tilslutt enda vi opp på grå fliser på golv og slettpanel i tre ulike bredder, behandla med Bloom panelvoks på veggane. Taket og taklistene har først fått eit lag med vanleg panellakk med dobbel dose kvit, men sida Panelvoksen hadde ein litt kvitare fargenyanse måtte taket få ei runde med voksen også for å ikkje virke gult.


Satse på å få opp innredning, do og dusj neste gong :)

2 kommentarer:

  1. Dette så jo veldig fint ut! Blir spennende å se det ferdig innredet.
    Vi er ennå ikke ferdig med vårt... :/

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Skal bli kjekt å få det heilt ferdig snart! Ting Tar Tid veit du, litt av "sjarmen" med byggeprosjekt det ;)

      Slett