søndag 8. september 2013

Helga oppsummert

Heilt i starten av hyttebygginga kjøpte mi mor ei lokal barnebok frå Romsdalen med sagnet om Trollveggen i. Særleg Sander har likt denne boka godt, og det er kjekt å få kjøre forbi Trollveggen på veg til og frå hytta med heile brudefølget øverst på veggen som går heilt opp til stjernene.
Inne i denne boka var det også ei oppskrift på Romsdalshorn. Det har våre ein tolmodig gut som har venta i spenning på at kjøkkenet skulle bli brukbart. Denne helga var alt klart for å kokkelere litt :)
 
Mykje matlaging denne helga :) Arbeidsbenken på venstresida er utruleg kjekk for kokken :)
 
I tillegg til kokkelering har vi jobba ein heil del også denne helga. Eg, Eirik, begge ongane, min far og Onkel Ole.
Vi har fått tatt første strøket med kvitmalinga utandørs på dei få attståande stadane. Det meste har fått to, men står att nokre vannbord og ein vinduskarm før vi kan krysse utvendig maling av lista før vinteren.
Alle flater malt
Inne har vi fått på ein del fleire lister, i tillegg har vi fått opp nokre panelovnar. Panelovnar er praktisk, men eg håper at dei "forsvinn" litt blandt interiøret når vi får inn møblar. Stikker seg litt fram no. Ovnane har termostatar slik at vi kan styre dei på samme system som varmekablane. Om systemet fungerar som planlagt skal vi kunne stille tempraturen i hytta via ein app på telefonen, det blir iallefall praktisk :)

Lister og panelovnar - 1. et er snart ferdig lista

Hovudmålet for helga var å få fliser på golvet på det største badet. Som bildet under viser kom vi i mål med det, berre fuginga att.
T.V.: Har blitt ein del beising også denne helga, lister og kottdør har fått farge. T.H.: Badet ferdig flisa. Fargen ser litt mørkare ut på bildt enn den virkeleg er.

 Kommande helg er eg på blåtur med jobben og det kan derfor være vi ikkje får jobba på hytta, tida får vise, må vel ha tid til anna også, innimellom.

4 kommentarer:

  1. De horna så virkelig gode ut! Det er en milepæl å faktisk kunne lage mat på hytta! Lykke til med innspurten, det er vel ikke mye igjen nå?!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Horna var stor suksess, to brett gikk med til lunsj, ikkje ein smule var att ;)
      Nermar seg raskt slutten no, har eit bad att før vi kan få inn rørleggaren og ferdigstille hytta heilt :)

      Slett
  2. Så bra at din tålmodige sønn endelig har fått sine hyttelaga horn! Og de så bra gode ut!
    Panelovner er gode å ha, og kjempesmart å ha med fjernstyring! De blir mer anonyme når møbler og annet interiør kommer på plass, vet du!
    Ja, det finnes et annet liv der ute utenom hyttebygging og -kos også, sjøl om man nesten nødig vil gjøre noe annet i helgene! Håper blåturen ble bra! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Blåturen var ein kjempe suksess! :) og jammen fikk vi jobba litt på hytta også ;) takke være gode barnevakter og byggeassistentar som ville være med på hytta :)

      Slett