fredag 3. januar 2014

Årskavalkade: 2013 - Vårt byggeår

Vi har hatt eit innhaldsrikt hytteår. med unntak av 3 helgar, har dei resterande av dei 52 vekene i 2013 blitt brukt på hytta. Stor arbeidsinnsats har blitt lagt av mange ildsjeler, hundrevis av dungnadstimar er gått med. Ongane har våre svært tolmodige, barnevakter har prioritert barnepass slik at andre skulle kunne bruke tida på hyttebygginga, vennar har nok knappast sett oss siste året og søvn har våre ei konstant mangelvare.
MANGE har bidrege på sin måte til at hytta no er "oppe å går", ein del prosjekt gjennstår, men dei skal vi kose oss med langs med.

Oppsummert i bilder vårt hytteår 2013:
I januar starta vi på loftet, stendara og deleveggar kom opp. Nede fikk vi på lekter på veggar og tak.  Hytta var full av matereal og det kjentest godt å få opp dei første spora av deleveggane.

I februar starta rominndelinga for fuldt i hovudetasja. Om vi trudde det var fuldt i hytta før så hjalp det ikkje å få opp konturane av alle veggane. I tillegg starta den store beisejobben. Vi valgte å behandle alt før vi festa panelen opp, tidkrevande der og då, men vedlig kjekt i ettertid.
 
I mars vart det tak på loftet og litt i hovudetasja. Dei første romma (soveromma på lofet) fikk panel på veggane. Rørleggar ordna eit toalett til oss slik at vi skulle sleppe å nytte porta-pottien i campingvogna.

I april starta vi på veggpanelen i hovudetasja. Golvet på loftet gikk behandling og dei romma som skulle støypast fikk inn varmekablar.

I Mai fikk vi støypte golv, fleire tak, veggar og golv i hovudetasja kom på plass. Våren kom til Bjorli og under snøven kom mykje byggerot fram, ein god innsats fikk rydda på tomta.
 
 
I juni kom meir veggar og meir tak, boda vart ferdig, rør- og eletrikararbeidet går frammover.  

I juli hadde vi sommarferie og med nokre veker sammanhengande hyttejobbing fikk vi malt hytta utvendig (neste strøk til sommaren2014) og fikk ferdig panelen på stova.

Etter ei veke på allinclusive i Tyrkia var vi fulle av arbeidslyst og klare til siste ferieinnsats. Utruleg kor mykje man får gjort når man har dag etter dag og ikkje berre ei helg. Utforingar, karmar og listverk kom på fleire stadar.
I tillegg fikk vi starta på monteringa av kjøkkenet og stigen opp til loftet vart bytta ut med trappa.

I september fikk vi flisar på badet, meir utforingar, karmar, dører og lister. Ute vart støttene til platten støypt. No har små pjusket starta, det som er i uendelege mengder, aldri tek slutt, og nesten ikkje viser att ;)

I oktober starta innflyttinga av alle møblane vi til no hadde lagra i kjellaren heime. Ute fikk vi krudd opp platten akkurat i tide før den første snøven kom.

IKEA montering, gardiner, listing, fuging, vasking, dill og dall. Siste innspurt :) 
 
Desember har våre berre hytteKOS. Lyg ikkje når eg seier at vi ikkje har løfta verken hammar, drill, spikarpistol eller sag i heile desember. Svært deilig å berre reise på hytta for å kose oss.

Det har våre eit år fyldt med knall hard jobbing. Vi har nådd ein draum vi lenge har lengta etter. Vi har jobba målretta og no er vi endeleg der vi hadde drøymt om, hytta er FERDIG. MEN; *kremt* vi har mykje att, små dill i hytta, uteomårde og eit anneks skal opp, forhåpentlegvis ila 2014.

Godt Nyttår til alle våre lesara!

8 kommentarer:

  1. Så bra - gøy å se utviklingen. Morsomt å se på januarbildene. bla seg rett ned til desember og se på forskjellen....Du har lagt en del mer arbeid i årskavalkaden enn jeg maktet :).
    Godt nyttår!

    SvarSlett
    Svar
    1. I januar var det nok berre eg som turde drøyme om innflytting før nyttår, dei fleste andre var nok meir realistiske ;) (hehe). Var kjekt å gå gjennom bilda frå byggeprosessen, mange gode minner :)

      Slett
  2. Flott oppsummering og gratulerer så mykje med flott arbeid! Moro å sjå framgongen :)

    SvarSlett
  3. Så kjekt å se hvor mye som har skjedd på det året! Dere har stått på noe utrolig! :-)
    Nydelig hytte har det blitt, og kan tenke meg at det smaker godt å reise på hytta nå :-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Veldig kjekt å mimre tilbake :)
      Å endelig kunne kose oss på hytta er ubeskrivelig, det har våre eit slitsomt år, men har ikkje fått skrekken ;)

      Slett
  4. Så artig med før- og etterbilder! FOR et arbeid dere har utført dette siste året! Resultatet er jo ei riktig flott hytte.
    Takk for fin kommentar på bloggen min. <3
    Et riktig godt nytt hytteår ønskes deg og dine! :)

    SvarSlett