fredag 1. august 2014

Sommarmodus

Har våre i sommarferiemodus her på bloggen. Den nydelig sommaren har gitt lite tid til blogging. Eller rettare sakt, bloggen har ikkje blitt prioritert.

Vi har bukt mykje tid på hytta i sommar, Bjorli har virkelig overraska som sommardistinasjon.
Vi kjøpte tomta på Bjorli først og fremst med tanke på den flotte vinteren her, men til no har våren og sommaren berre gitt positive opplevelsar. Her er flatt og fint for sykling og mange flotte stiar til turgåing, og når vi etterkvart får fart i fjellbeina på ongane, er Romsdalsfjella og innover mot Tafjordfjella områder vi gler oss til å utforske. Til no har vi hatt nokre flotte turar i nærområdet, i går var vi på Rånåkollen (kjem eget innlegg om det).

Til no i sommar har vi mala, snikra, skrudd platting, trilla sand og singel og slappa av og sykla og gått tur mellom arbeidsoppgåvene. I tillegg satte vi oss på toget og fikk oss nokre dagar i Oslo og ein tur på Hunderfossen på heimvegen. No rundar vi av tredje av fire ferieveker, og håpar å få gjort enda litt arbeid før ferien er over. Eg har ein del malearbeid att, føler det aldri tek slutt, det må trillast ein del singel og det må byggast og isolerast i annekset. I tillegg blir det nok litt tur i næromårdet med ongane.

 
Lidvar (min far) og Anita (min mor) i arbeid ein gong tidleg i sommar.

Ei helg i juni fikk vi også flytta boblebadet og felt det ned i terassa.

Skruing av terassebord

I ettermiddag skin sola igjenn, yr.no melder regn og overskya mesteparten av neste veke, vi håper meldingane er feil og kryssar fingrane for ei siste ferieveke med mykje sol :)

Håpar lesarane våre nyt sommaren og at alle hyttebyggarane der ute kosar seg med prosjekta sine. Ser iallefall at her på Bjorli er det mange nye hytter som poppar opp, så ingen tvil om at hyttebygginga er inne i ein høgsessong no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar