mandag 27. januar 2014

Endelig tilbake på hytta

Vi har hatt ein hektisk start på året, diverse festligheiter og fotballturnering har blitt prioritert, og det gikk derfor tre veker før vi fikk årets første hyttetur. Det var derfor ekstra deilig å komme seg på hytta i helga.

Det er mest kos på hytta for oss for tida. Litt småplukk blir det, fortsatt ein del å ta tak i, dog ikkje der vi har fokuset for tida ;) 

Boblebadet er poppulært både hos dei små og dei store. Heilt klart ein favoritt.
Ute var det ei kald og vindfull helg, det er lenge sida det kom snø, så snøen er skitten og isete. Det hadde absolutt gjort seg med eit skikkelig snøfall no. 

Fikk hengt opp ein slik på bad og lisjedo. Nøkkel tilgjengleg for voksne, men ikkje for barna som lett kan finne på å låse seg inne uten å mestre å låse opp ;) 
Kjøpt for ein billig penge på ebay.com 


fredag 3. januar 2014

Årskavalkade: 2013 - Vårt byggeår

Vi har hatt eit innhaldsrikt hytteår. med unntak av 3 helgar, har dei resterande av dei 52 vekene i 2013 blitt brukt på hytta. Stor arbeidsinnsats har blitt lagt av mange ildsjeler, hundrevis av dungnadstimar er gått med. Ongane har våre svært tolmodige, barnevakter har prioritert barnepass slik at andre skulle kunne bruke tida på hyttebygginga, vennar har nok knappast sett oss siste året og søvn har våre ei konstant mangelvare.
MANGE har bidrege på sin måte til at hytta no er "oppe å går", ein del prosjekt gjennstår, men dei skal vi kose oss med langs med.

Oppsummert i bilder vårt hytteår 2013:
I januar starta vi på loftet, stendara og deleveggar kom opp. Nede fikk vi på lekter på veggar og tak.  Hytta var full av matereal og det kjentest godt å få opp dei første spora av deleveggane.

I februar starta rominndelinga for fuldt i hovudetasja. Om vi trudde det var fuldt i hytta før så hjalp det ikkje å få opp konturane av alle veggane. I tillegg starta den store beisejobben. Vi valgte å behandle alt før vi festa panelen opp, tidkrevande der og då, men vedlig kjekt i ettertid.
 
I mars vart det tak på loftet og litt i hovudetasja. Dei første romma (soveromma på lofet) fikk panel på veggane. Rørleggar ordna eit toalett til oss slik at vi skulle sleppe å nytte porta-pottien i campingvogna.

I april starta vi på veggpanelen i hovudetasja. Golvet på loftet gikk behandling og dei romma som skulle støypast fikk inn varmekablar.

I Mai fikk vi støypte golv, fleire tak, veggar og golv i hovudetasja kom på plass. Våren kom til Bjorli og under snøven kom mykje byggerot fram, ein god innsats fikk rydda på tomta.
 
 
I juni kom meir veggar og meir tak, boda vart ferdig, rør- og eletrikararbeidet går frammover.  

I juli hadde vi sommarferie og med nokre veker sammanhengande hyttejobbing fikk vi malt hytta utvendig (neste strøk til sommaren2014) og fikk ferdig panelen på stova.

Etter ei veke på allinclusive i Tyrkia var vi fulle av arbeidslyst og klare til siste ferieinnsats. Utruleg kor mykje man får gjort når man har dag etter dag og ikkje berre ei helg. Utforingar, karmar og listverk kom på fleire stadar.
I tillegg fikk vi starta på monteringa av kjøkkenet og stigen opp til loftet vart bytta ut med trappa.

I september fikk vi flisar på badet, meir utforingar, karmar, dører og lister. Ute vart støttene til platten støypt. No har små pjusket starta, det som er i uendelege mengder, aldri tek slutt, og nesten ikkje viser att ;)

I oktober starta innflyttinga av alle møblane vi til no hadde lagra i kjellaren heime. Ute fikk vi krudd opp platten akkurat i tide før den første snøven kom.

IKEA montering, gardiner, listing, fuging, vasking, dill og dall. Siste innspurt :) 
 
Desember har våre berre hytteKOS. Lyg ikkje når eg seier at vi ikkje har løfta verken hammar, drill, spikarpistol eller sag i heile desember. Svært deilig å berre reise på hytta for å kose oss.

Det har våre eit år fyldt med knall hard jobbing. Vi har nådd ein draum vi lenge har lengta etter. Vi har jobba målretta og no er vi endeleg der vi hadde drøymt om, hytta er FERDIG. MEN; *kremt* vi har mykje att, små dill i hytta, uteomårde og eit anneks skal opp, forhåpentlegvis ila 2014.

Godt Nyttår til alle våre lesara!