søndag 29. september 2013

Siste innspurt




Etter ei frihelg frå hyttebygginga, var vi denne helga tilbake på post :) Forrige helg var det fortballcup for 6åringen på laurdagen, sjølvsakt ei så viktig begivenheit at hyttebygginga måtte få si 2. pause helg i år. 
 
Denne helga kunne mamma passe på dei to små slik at vi voksne fikk full fokus på hytta. Min Far reiste oppover fredagsmorgon, og eg, Eirik og min Onkel Ole reiste etter jobb på fredag.
 
Målet var å få støypt ferdig fundamenta til terassa, montere opp baderomsinnredning og dusj, få inn dører og lister.

Endelig har vi fått opp utelys på hytta.
Vi hadde mykje vurderingar fram og tilbake på val av utelampar. Å finne nokon som var brukbart prisa, har LED og er up/down light har ikkje våre lett. Tilslutt enda vi opp på denne:
 
Focus up down utelampe fra lightup.no

Laurdag vokna vi til minusgrader og strålande sol. Ute fikk vi støypt opp fundamenta til terassa. Målet er å få skrudd på terasseborda før snøven kjem, vi begynder å få litt dårleg med tid.. men håper å rekke å få opp litt iallefall.

Terassa blir markterasse og skal flykte lavt over terenget. Fundamenta er i isopor med støyp og armering oppi, i tillegg har vi lagt markisolasjon under. Håper dette skal holde stand mot tela. Under kjøkkenvinduet har vi forsterka ekstra i håp om at vi ein dag skal kunne investere i eit boblebad ;) (Spare litt først)


Både dusj og innredning var flatpakka og delvis flatpakka. Papp og kasser var det mykje av denne helga

Fargepalett på badet - Panelvoks fra Bloom på flatpanel i tre ulike bredder på veggen. Grå flis på gulv og baderomsinnredning i Stone fra Linn Bad
Den doble skyvedøra kom på plass mellom stove og gang.
 I tillegg fikk vi denne helga tatt heim Campingvogna. (Den er forresten ikkje solgt enda, bud kan vurderast) Vinteren er straks på Bjorli og det kunne være no eller til våren for å få flytte vogna. Gjeld å nytte seg når vi har muligheita ;)

Hytta nermar seg ferdig :D Små og store gler seg :D

 

mandag 16. september 2013

Bad

Denne helga var Karoline, på blåtur med jobben. Eirik, ongane og foreldra til Eirik reiste derfor på hytta for å gjære ein innsats. Hovudfokuset var denne helga på badet. I tillegg var det haustmarknad med mykje aktivitet på Bjorli denne helga. Konsertar, salgsboder og mykje folk. Store og små hadde ei kjekke helg.

På det store badet har vi våre litt fram og tilbake på korleis vi skulle ha det. Tilslutt enda vi opp på grå fliser på golv og slettpanel i tre ulike bredder, behandla med Bloom panelvoks på veggane. Taket og taklistene har først fått eit lag med vanleg panellakk med dobbel dose kvit, men sida Panelvoksen hadde ein litt kvitare fargenyanse måtte taket få ei runde med voksen også for å ikkje virke gult.


Satse på å få opp innredning, do og dusj neste gong :)

søndag 8. september 2013

Helga oppsummert

Heilt i starten av hyttebygginga kjøpte mi mor ei lokal barnebok frå Romsdalen med sagnet om Trollveggen i. Særleg Sander har likt denne boka godt, og det er kjekt å få kjøre forbi Trollveggen på veg til og frå hytta med heile brudefølget øverst på veggen som går heilt opp til stjernene.
Inne i denne boka var det også ei oppskrift på Romsdalshorn. Det har våre ein tolmodig gut som har venta i spenning på at kjøkkenet skulle bli brukbart. Denne helga var alt klart for å kokkelere litt :)
 
Mykje matlaging denne helga :) Arbeidsbenken på venstresida er utruleg kjekk for kokken :)
 
I tillegg til kokkelering har vi jobba ein heil del også denne helga. Eg, Eirik, begge ongane, min far og Onkel Ole.
Vi har fått tatt første strøket med kvitmalinga utandørs på dei få attståande stadane. Det meste har fått to, men står att nokre vannbord og ein vinduskarm før vi kan krysse utvendig maling av lista før vinteren.
Alle flater malt
Inne har vi fått på ein del fleire lister, i tillegg har vi fått opp nokre panelovnar. Panelovnar er praktisk, men eg håper at dei "forsvinn" litt blandt interiøret når vi får inn møblar. Stikker seg litt fram no. Ovnane har termostatar slik at vi kan styre dei på samme system som varmekablane. Om systemet fungerar som planlagt skal vi kunne stille tempraturen i hytta via ein app på telefonen, det blir iallefall praktisk :)

Lister og panelovnar - 1. et er snart ferdig lista

Hovudmålet for helga var å få fliser på golvet på det største badet. Som bildet under viser kom vi i mål med det, berre fuginga att.
T.V.: Har blitt ein del beising også denne helga, lister og kottdør har fått farge. T.H.: Badet ferdig flisa. Fargen ser litt mørkare ut på bildt enn den virkeleg er.

 Kommande helg er eg på blåtur med jobben og det kan derfor være vi ikkje får jobba på hytta, tida får vise, må vel ha tid til anna også, innimellom.

søndag 1. september 2013

Det går frammover

I dag har våre ein fortsettelse av i går. Montering av kjøkken, listing og nedvask/støvfjærning.

Litt bilder frå status søndag ettermiddag
Vi har fått lista store deler av stova og mykje av taket i 1.etasje. Eg har våre effektiv med malarkosten og mykje lister er klare til neste helg, både ferdige og halvferdige. Kjøkkenet er godt på veg ferdig, litt listing og montering av lys må til. I tillegg må vi velge ut handtak til dørene og armatur til vasken.

Særleg armatur til vasken slit vi med... Nokon som har eit godt tips om eit som hadde passa inn på hytta vår? Legg inn link i kommentarfeltet eller send meg ein epost :)

I veka som var opna ein ny Kitch'n butikk på vårt lokale Amfisenter. Masse gode tilbod, gjorde mange gode kupp :) Heilt knall for oss som har ei heilt hyttekjøkken å fylle opp! Masse flott er handla inn, så gler meg til å kunne ta i bruk hytta snart :)