søndag 30. september 2012

Inspirasjon til stue: Puter

Som mange andre har eg sansen for å få naturen inn i hytta. Pels, skinn, dyreprint og naturlige jordtonar i fargevalet kjem nok til å prege størsteparten av hytta. (Unntaket blir muligens soveromma på hemsen som nevnt i tidligare innlegg)

Mykje nydeleg hytte krims-krems-inspo frå by nord. Eksempel disse dyreprint putene, som forutenom prisen, passar svært godt inn i mine tankar om hytta:



For dei som ønskar eit litt billigare alternativ er disse frå Kremmerhuset flotte alternativ:


Nordpeis Shape 1

Vi har valgt ovn!
Det har våre ei tid med mykje blading i peiskatalogar og surfing på internett. Inspirasjonsbilder, produktomtalar og tips og råd er saumfarte. Vi samla inn tilbod frå fleire tilbydara og det var samla sett ein Nordpeis Shape 1 m/kleberstein som kom ut som det beste kjøpet for pengane.
















Dette skal være ein god ovn som varmar godt og held ein god lunk lenge pga klebersteinen. Den skal fungere godt med ventilert stålpipe, noko som var eit viktig poeng for valget vårt. Viktig at ventileringa fungerar optimalt, slik det er lett å få fyr og brenn godt i ovnen.
Satsar på vi har tatt eit godt val og at vi blir fornøgd med denne.

Ovnen er faktsik svanemerka, miljøvenlig blir vel ein vedovn aldri, men den er iallefall hakket meir miljøvennlig enn andre ovnar.

Uttalelsen frå svanemerket:
"En svanemerket ovn:
* har lave utslipp av skadelige stoffer i røyken
* har høy virkningsgrad slik at den utnytter brenselet effektivt
* oppfyller krav til materialene som ovnen er laget av
* oppfyller strengere miljøkrav enn lovgivningen i de nordiske landene"





Denne helga hadde vi tenkt oss på tomta å kontrollere at alt sto bra til med plata og er klart for snikkarane. I tillegg må vi bygge værn mot snøv til byggestraumskapet. Eg skulle i tillegg få oppleve tomta med plate for første gong sjølv.
Desse planane vart raskt endra då femåringen vokna med omgangsjuka i går :/ Heldigvis er han i fin form att no, berre krysse fingrane for at resten av familien går klar.
Vi får nok nye sjansar for tomtebesøk neste helg.

lørdag 22. september 2012

Jakta på den rette peisovnen

Etter å ha jakta på den perfekte ovnen ei tid no forstår vi at vi alt er for seint ute for å kunne velge fritt i modellar og design.
Planen vår var å montere ventilert stålpipe og dermed få tilluft til ovnen gjennom pipa. I ettertid har vi erfart at ikkje alle ovnane let seg montere med denne type pipe med bra resultat. Hadde vi våre litt tidligare ute med valg av ovn hadde nok eit tilluft rør vårte støypt inn i plata, men det er dessverre for seint for vår del.

Første ovn vi falt for var Nordpeis Quadro. Nydelig ovn som virkelig hadde våre flott i eit hjørne som på hytta vår. Her fikk vi dessverre problem med den ventilerte stålpipa som ville bli for stor og dermed stikke på utsida av ovnen ved toppmontering. Det ville fungert, men estetisk ville det nok ikkje sett feilfritt ut. (Dette pga forma på ovnen).

Nordpeis Quadro

Vi har vurdert tilluftrør under golvet (mellom plate og golvplank), men med mange minusgrader ute og godt og varmt inne er man nesten garantert kondens. Etter råd frå fagfolk har vi slått frå oss dette og prøver no å finne ein ovn/peis som passer ventilert stålpipe.

Vi ønsker oss ein ovn som er lett å fyre i, varmar godt og ser bra ut. Den MÅ passe til ventieltert toppmontert stålpipe og helst ikkje sprenge budsjettet vårt ;-)
Nokre alternativ er oppe til vurdering:


Nordpeis Shape 1 m/ varmelagrende kleberstein


Rais Viva - ein moderne ovn med mykje glas og innsikt til flammene



Nordpeis Ronda 160 - min favoritt, men ikkje heilt Eirik sin favoritt, desverre også litt høgt prisa for budsjettet.

 
Jøtul F370 - Norsk design, Mykje ovn for pengane.


Nokon som har eit peisovn-tips dei vil dele? Erfaringar med dei over, eller andre ovnar som kan passe oss?

tirsdag 18. september 2012

Soverom nr 1: Inspirasjon

Med fem soverom som skal innreiiast har eg begynt å samle litt inspirasjon.
Vi, som mange andre hyttebyggara, har falt for brune tonar til hytta, men på soveromma på loftet vurderar vi (er vel mest meg) å driste oss til med litt fargar. Inspirasjon for rom nr 1 er BLÅ.

Jotun multicolor Bekkefar eller Tjernblå, inspirasjon frå Green Gate og Princess.

fredag 14. september 2012

Vi smører oss med tolmodigheit

Er det ein ting eg har lært til no i hytteprosessen er det at ein dato ikkje alltid er ein fast dato, meir som eit forslag med forbehold.
Tidligare denne veka fikk eg epost frå byggeleder, byggestart er flytta til 20. oktober.
Alltid kjipt å måtte vente, men mykje som skal koordinerast i byggebransjen, ikkje alltid like lett å fastsette datoar. Uansett positivt at vi blir holdt oppdaterte langs med så vi får oppdatert våre egne planar utover hausten.

Det er tre andre hytter som skal byggast samtidig som vår, kryss fingrane folkens for at vi slepp å vente så altfor lenge før vi virkelig får sette i gong med arbeidsinnsatsen vår, kjenner eg klør i fingrane etter å få sette i gong ;)

mandag 10. september 2012

Hytteblogger

Det eg finn mest fasinerande med hytteblogginga er at det er eit lite internettsamfunn med hyttebloggera som følg med på bloggane til kvarandre, hentar inspirasjon og idear, og kjem med innspel og oppmuntringar.

Personlig er eg nok blitt hyttebloggavhengig, og kjenner ei glede når det poppar opp nye innlegg frå andre hyttebloggera. Alltid like kjekt når det kjem ei oppdatering på framdrifta eller eit godt tips frå andre i samme situasjon som oss.

Fant ut at følgelista mi til høgre på bloggen var litt lite oppdatert. No skal den være oppdatert, og trur eg har fått med dei aller fleste hyttebloggane eg følger per i dag.
Nokre er aktive, andre har fullført sine prosjekt og er uten nye innlegg, men erfaringane til dei ferdige bloggarane er gull verd :)

Er alltid på jakt etter nye inspirasjonskilder, om du har ein hytteblogg så legg gjerne att ein kommentar, så skal eg legge den til følgelista mi.

fredag 7. september 2012

Plata er klar

I dag i halv 11 tida fikk eg melding om at plata var på plass og at resultatet var blitt veldig bra. Gjengen var svært godt nøgde med resultatet.

Dei har hatt ei veke med svært utfordrande vær kaldt, regn og vind heile veka. Heldigvis har vinden kome når vinden kan komme, regn når regn er ok (så ok som regn og utearbeid kan bli) og litt sol innimylla. 


Fredag morgon: Klart for betongbilen


Ferdig plate, no er det berre å vente på snikkarane 
 


Spørsmåle fleire vil ha svar på er nok om arbeidsoppgåva var overkomelig, og om vi (Eirik og dei andre) ville gjort det igjenn? (Om alternativet er å leige arbeidskraft)
Svaret var ja, alt i alt, svært arbeidskrevande, men overkomelig.
Det har våre lange arbeidsdagar og mykje bekymring rundt vær og vind. Når du ligg om natta å merkar vinden riv i campingvogna skal det noko til å ikkje bekymre seg litt ekstra over om isoporen du har brukt ein heil dag på å plassere ut, fortsatt er der du vil den skal være.
Man veit at man berre har ein sjanse, og det må bli bra første gongen, men når plate er på plass og resultatet vart kjempe bra var det absolutt verd kvar ein arbeidstime og bekymring. 

Om nokon lurer på kva matereale vi har brukt er det Vartdal Ringmurselement 45cm og Vartdal Ringmurselement 30cm til inngongspartiet.
Under plata har vi 10cm litt grov sand, 15cm EPS Styropor (VP), radonsperre, 10cm EPS Styropor (VP), armeringsnett og flytbetong.
Rundt hytta har vi markisolert med 7cm XPS Finnfoam (VP).
Meir om dei ulike produkta kan du lese på nettsida til Vartdal Plast

torsdag 6. september 2012

Status: Klart for plata

No har dugnadsgjengen gitt seg for kvelden, alt er klart for morgondagen.
Fikk eit lite oppdateringsbilde på telefonen.
Tatt litt før mørket kom, så ikkje heilt ferdige enda på bildet.




Ringmuren på plass og det er klart for plate

Denne veka har det skjedd mykje på tomta. Eirik, min far og min onkel har stått på frå morgon til kveld med grunnmuren.
Tirsdag vart ringen støypt, onsdag la dei rør og ledning til det elektriske og i dag torsdag har dei lagt utover isolasjon, radonsperre, armering og gjort klart for betongen som blir levert i morgon tidlig.

Det meste har gått bra, men eit par skjær i sjøen har det våre. Heldigvis har dei klart å nøsta ut av det og det har ikkje hefta framdrifta.

I morgon er det siste innsats, svigerfar og ein onkel til av min skal oppover å hjelpe til med plata.

Kjempe takknemlig for all dugnadshjelp vi får, ganske sikker på at hyttedraumen hadde våre mykje lenger i det fjærne uten den flotte dugnadsånda :)

Legg ved nokre bilder frå grunnmursarbeidet.
 
 
I full gang med arbeidet med ringmurelementer frå Vartdal Plast.
 
 
Ferdig ringmur klar for betong. Det tok 3 mann 12 timar å legge ringen etter forskriftene, dei var svært godt nøgd med resultatet.
 
Status frå byggeplassen onsdag kveld: Ringen er støypt, markisolasjonen er på plass og dekka til, rør i rør lagt i sålen og alle slukar er på plass.
 
 
Kjenner eg gler meg til å reise opp på tomta å sjå resultatet sjølv. 
Nokon måtte i denne omgong være heime med ongane og halde kvardagen i gong, naturleg nok vart det meg. "Sinnasnekkeren" er nok kanskje ikkje like enig i at det var heilt naturleg at det skulle være meg, men eg får bidra meir på hyttebyggingsfronten seinare, tippar anledninga byr seg ;-)

lørdag 1. september 2012

Innsparingar i budsjettet?

Når tusenlappane får bein og spring raskare enn man klarer følge med kan det være fristande å spare inn på nokre budsjettpostar.

Kom over denne på Dagbladet.no



Nå har jeg registrert meg på <a href="http://bloggurat.net/minblogg/registrere/f7516da9023d527e781654c3bcc4a71ce44e6b5a">Bloggurat</a>.

Nokre bilder frå tomta



Kjempe kjekt å være i gong, i morgon kjem dugnadsgjengen og eg håpar at alle ledd er koordinert inn i prosessen til rett tid. Armering, betong, rør, elektrisk, meir betong osv.. Alt er planlagt, no må det berre fungere :)

Klart for mur

I dag frakta vi alle murelement og markisolasjon frå Vartdal Plast opp til hyttetomta. Mandag startar jobben med å plassere dei ut å gjære klart for støyping av ringen på tirsdag.

Gjennstår ein del gravearbeid før tomta er heilt klar, men det nermar seg.

Vi var så heldige at min bror kunne frakte oppover elementa for oss. Saman med min far og Eirik fikk dei tømt bilen og plassert elementa på tomta klare til bruk.