torsdag 31. mai 2012

Tak: Svart eller grønt?



Hadde i utgangspunktet tenkt at "alle" skikkelige hytter har torvtak.. Men etter å ha tenkt på det ei stond så virka det litt feil å bruke fleire tusen kroner på eit tak som frå oktober til mars/april/mai stort sett ser ut som på bildet. Dekka av godt over meteren med snøv.
Så då står valet mellom den tradisjonelle torva eller den enkle pappshingelen..

VS

Det er lite tvil i kva eg synest tek seg flottast ut på ei hytte. Torva gir absolutt ei hytte eit lunt og idyllisk uttrykk, men så er det truleg ganske sjelden vi får nyte det flotte torvtaket på hytta.

På den positive sida så isolerar torva godt, noko som trengs i kulda, men om den aldri skal bli flott å sjå til grunna at den størsteparten av året ligg under snøv så er det kanskje ein bortkasta pengepost i budsjettet?
I tillegg må den pleiast og vedlikehaldast gjennom sommarmånadane, og er verkelig dette noko vi vil bruke tida vår på hytta på? Tippar det er mykje anna å ta tak i på hytta enn å i tillegg måtte pleie nokre forfryste torvtustar gjennom sommaren...

Så då spørst det, følge hjartet og få draumetaket med torv, eller spare pengane og heller invistere dei i noko anna som kanskje viser litt betre att og som vi truleg vil få større glede av i det longe løp?

Må nok innrømme at no hellar eg mest mot den litt kjedeligere, men billigare og vedlikehaldsfrie, svarte pappshingelen.. Men føler samstundes at det ikkje blir skikkelig hytte uten torv..

Andre som har tatt denne diskusjonen som vil komme med nokre innspel i den interne debatten?

torsdag 24. mai 2012

Befaring på tomta

På mandag fikk vi bekreftelsen frå meglar, tomta er no offisielt vår! Berre formalitetane gjennstår før vi om nokre veker får tilsendt skjøtet fritt for alle heftelsar.
Så då måtte vi ein tur innom tomta å drøyme oss litt vekk ;)

Lykkelige eigarar på vår heilt egen moldhaug på Bjorli.

Sol og nydelig sommarvarme viste Bjorli seg frå si beste side.

Kjem ei hytte framfor vår tomt på nedsida av vegen, men trur nok utsikta blir bra alikevel :)

Har mykje godt arbeid framfor oss, men er samtidig ganske sikker på at dette kjem til å bli fantastisk <3

- Karoline -

tirsdag 1. mai 2012

Papirleik for voksne

Endelig har vi funne ein arkitekt som kunne tegne anneks/gjestehytta for oss, og resultatet er no nesten heilt perfekt. Berre små justeringar så er vi fornøgd. (deler det på bloggen når det er heilt klart)
Treng for eksempel ikkje altandør, sida inngongsdøra blir på same veggen, og vi treng stue arealet for møblering.

Som nevnt er eg glad i papirmodellar. Synest det er kjempe kjekt å klippe og lime for å danne oss eit bilde av drømmen vår.
Så her ser dokke hytte og anneks i 1:100 3D-style ;) berre å gle seg :)



Oppsida av hytta, her planlegg vi parkering. (verandadøra på annekset skal vekk, men nokre vindu må være for dagslys) streken på pappen viser 4m grensa.




Tomta frå nedsida/vegen. Til høgre blir oppkjørselen og til venstre blir ute område. Men tida kanskje vi kan bygge en lun solkrok for påskesola og eit flott grillområde.

Hytta er familiehytta sin Osensjøen FH 145 og annekset er tegna av ein arkitekt hos Familiehytta for å få same stilen.

- Karoline-