lørdag 31. august 2013

Kvitevarer, nedvask og listing

Her går det framover. På torsdag var elektrikarane på besøk, fikk montert opp sikringskapet og det kom kontrollør frå everket som fikk godkjenne det elektriske anlegget. 
Anlegget vart godkjent og byggestraumen vart bytta ut med fast installasjon. 

I går leverte vi dei to små hos mormora og morfaren og pakka bilen full i kvitevarer. Alle kvitevarer er no på plass forutenom kjøleskapet som ikkje har kome frå leverandøren. Håper at det er på plass til neste helg :)
Kvitevarejungelen har våre vanskleg å finne fram i, utallige merker, tilleggsutstyr og variantar. Vi enda tilslutt på ein AEG pakke, virkar som solide greier med flott design :)

I dag kom foreldra til Eirik opp for å hjelpe til. Svigermor har vaska ned panelen i så godt som heile hytta og svigerfar har hjelpt Eirik med montering av kvitevarer og etterpå listing. Eg har hatt den store jobben med å behandle listene. 
Listemalinga går overraskande greit på alt utenom dei kvite til dører og vindu... Dei er virkelig ein flaskehals :/ men har fått lista ein del også i dag, så skal nok komme i mål tilslutt :)



mandag 26. august 2013

Listing

Eit parti ferdig mala dør og vindulister til tørking.
 Dagen i dag har gått med til listing. Eit parti med dør/vindulister rekk desverre ikkje til så mykje, men fikk tatt nokre dører og vindu iallefall :) I tillegg kom det på ein del taklister på stova.

Vi har lister!! Skal tru om vi snart kan flytte inn?? :)

Trappetrinna fikk dei to siste strøka med Trestjerner Gulvmatt - Resten av trappa må vente til vi har brukt opp listene som ligg lagra på loftet. 

Hausten har kome til Bjorli
 
Mykje nermar seg no ferdig på hytta. Til neste helg er planen å ha fått ferdig det elektriske anlegget, få sett inn kvitevarer og starte på det store største badet. I tillegg har vi fortsatt att litt maling ute, så kryssar fingrane for fint malevær.

lørdag 24. august 2013

Lister, trapp og terasse

Listemaling tek tid... Masse tid.. Mest ventetid, tid som går vekk på å vente på at malinga skal tørke å vi kan ta neste strøk... utenom all ventetida er det heilt klart ei overkommeleg oppgåve :) (optimismen rår framleis)
Har til no fått to strøk med grunning på første partiet med dør/vindu lister og eit parti med taklister ligg til tørk. Kanskje vi får lista litt i morgon?! :)

Stove og kjøkken fult i lister. 

Vi har også beisa og sett inn trappa i dag. Kjekt å kvitte oss med stigen opp til loftet. 
Delvis ferdig trapp, manglar rekkverket. Litt dårleg bilde, men trinna er behandla med Lady interiørbeis drivved og eit av tre lag med trestjerner gulvmatt og vangane har lik farge som veggen. 

Ute har vi støypt fleire støtter til terassa

I går kom parabolmontøren å la inn parabol til oss, så no sit vi i kvar sin utestol å nyt kveldsroa framfor tven. Ei fin avslutning på ein produktiv dag :)

fredag 23. august 2013

I etterklokskapens navn...

Kjøp ferdigmalte lister... 


Til vårt forsvar så viste vi ikkje heilt kva farge listene skulle være då vi først bestilte byggesettet, dermed kjøpte vi alle lister ubehandla. Vegg og taklister er greide å behandle, dei skal vi ha likt veggar og tak, eit strøk og rask tørketid, men vindu og dørlister skal være likt med karmar og vindu/dører, altså kvit bomull. 

Det betyr at denne helga blir det grunning og kvitmaling av lister. Ein enorm jobb som neppe kan lønne seg verken i tid eller pengar. Tørketid på 24tima og mulig pussing mellom strøka...

Er berre å leite opp malekosten å gå på med godt mot :) 


fredag 16. august 2013

Sommarjobben er over - No er det tilbake til helgejobbing

Då har Sander og Eirik kome heim frå siste del av sommarferiejobben. Dei har gjort ein god innsats denne siste veka. Vi har fått gjort meir enn vi hadde drøymt om i løpet av sommaren. Der vi er no, hadde vi eit lite håp om å være til jul. No ser det ut til at vi vil være innflyttingsklar om nokre veker :)
 

I dag kom det to flinke kara frå Kvekroken Entrepenør AS å hjelpte oss med pipemonteringa. Vi har vurdert litt fram og tilbake om vi skulle prøve oss sjølve, men kom til at det var best å la profesjonelle ta seg av pipa. Litt kjedelig om det skulle vise seg at vi gjorde noko feil og fikk vannlekasje eller kanskje brann. Vatn og ild er ikkje noko å leike seg med.
No er det iallefall klart for peiskos, ikkje verst! :)
Nesten alle foringar er på plass rundt vindua og nesten alle dører er sett inn.
 
 Utenom pipemontering har det i dag kome på plass fleire dører og nesten alle vindusforingane.

No startat den store listejobben, i tillegg må kvitevarer settast inn, badet byggast og trappa monterast (Pluss MASSE små prosjekt ;).
Håper å kunne sende søknaden om brukstillatelse til kommuna om 2-3 veker :)
* L Y K K E *

torsdag 15. august 2013

Fuging og dører

 
Gutane står på på hytta, ny framgong i dag :)
Ferdig fuga
 
Dei første dørene er på plass 


onsdag 14. august 2013

Fliser i gangen

Nye bilder tikka inn på eposten min i ettermiddag. Eirik har lagt fliser på golvet i gangen i dag, såre kne og sliten kropp i bytte mot ein fullført flislagt entre.

Fliser i gangen på plass
Regnar med gutane har fuging og vasking på planen til i morgon.

tirsdag 13. august 2013

Eit kjøkken blir til

 
Det har i dag våre ein ivrig arbeidsgjeng på hytta. Eirik og Sander har hatt hjelp av min far og bror og dei har fått gjort mykje. No er det berre Eirik og Sander att, ein skikkelig far og son hyttetur :)
 
I dag har det kome mange bilder på mobilen min. Kjøkkenet har begynt å ta form, og eg klør i heile kroppen etter å kome meg på hytta å sjå det med egne auge. Synd det ikkje kan bli hyttetur på meg før om to veker..  Inntil då får eg nøye meg med bilder :) 
 
Nettoline kjøkken - manglar kvitevarene, dei kjem nok neste veke.

PS. Om nokon der ute treng byggevogn eller ei billeg campingvogn er vår straks klar for vidarelevering :)

mandag 12. august 2013

Kvardagen delvis tilbake

Laurdag og søndag var nok ikkje dei mest produktive dagane vi har hatt på hytta, men litt fikk vi gjort. Været var rett dårlig, noko som sette ein stoppar for maling av panel, utearbeid på terassa eller maling ute. 
Vi fikk laga til ein liten male"stasjon" i gangen, men etterkvart som hytta blir meir og meir ferdig blir det mindre og mindre plass til slikt innendørs. Noko storproduksjon blir rett umulig. Fikk heldigvis mala litt, så vi vart (nesten) ferdig med veggen på gangsida mot stova, berre øverste fjøla att så er vi i mål :)
Litt småtterier fikk vi også tatt, skumring av vindu og rydding langs hytta. 

Vafler er alltid ein slager :) Laga og servert på eiga hyttestove var stor stas for store og små ;)

Her i huset har no kvardagen kome igjenn for min del, eg og Anna Emilie er klar for jobb og barnehage. Sander som skal starte på skulen i år, har ferie også denne veka før skulestart. Han, Eirik, min bror og min far pakka derfor bilane fulle i dag å sette på nytt kursen mot hytta. 
To fulle varebilar med kjøkken og pipa som forhåpentligvis blir montert i løpet av veka. Var litt godt å få rydda ut av garasja, kjellarstova og gangen her heime, det har våre ganske fult i alle rom det siste halve året ;) (fortsatt mykje hyttelagring, men det minkar ;))

fredag 9. august 2013

Rufsevær

I dag har ikkje været våre heilt på vår side, opplett og regn har veksla på og det som i det eine augonblinken kunne minne om finevær vart i det neste ei kraftig regnskyll. 
Når arbeidslista vår innheldt panelmaling, maling av vindskeider og støyping av terassefundamnt passa det dårlig med rufsevær. 

Rufseværet bremsa oss litt, men stoppa oss ikkje ;) dei første av terassefundamenta vart støypte. 

Hadde våre fint med litt sol igjenn no! Var absolutt ikkje noko vindskeid malevær i dag desverre. 

Inne fikk vi sett inn dørkassa til skyvedøra og hatt panel på veggen bak sikringskapet og ut mot gangen. Stova er no så godt som ferdig snikra (om vi ser vekk frå utforingar og lister da.. ;))

Klart for kjøkkenmontering! :) (Berre synd kjøkkenet ligg heime på lagring og ikkje var med på hytta denne veka, vi hadde ikkje i vår villaste fantasi trudd vi skulle få gjort så mykje til no :)) 
Derimot så blir vi ikkje arbeidsledige med det første, så noko eins ærend for kjøkkenet sin del blir det nok ikkje ;) 

torsdag 8. august 2013

Stovegolvet i mål :))))

Dagen i dag starta brått kl 0800 då vi fikk besøk av ein lastebil med støypesand som vi hadde bestilt. Oppkjørselen var full i bilar, så det måtte ei mobilisering til for å få flytta bilane å gjort plass til sandlasset. Sida alle alt var våken var det berre å starte arbeidsdagen. 

Lykken var eit lass med sand :)

Dagens mål var å få fullført stove/kjøkkengolvet, og no er vi NESTEN i mål!!! :)) Eg må berre ta det siste laget av tre med lakk før vi tek kveld. Til ein hærleg milepel det skal bli!! :D 

Her gler eg meg til å nyte hyttekosen om...litt..! Golvet er beisa med drivved og får tre lag med gulvmatt. 

No sit vi nyvaska etter eit lite besøk på Bjorli Vintercamping (der vi hadde campingvogna vår starten av bygginga) og har fått i oss taco til kveldsmat/sein middag. Gjorde godt med ein god vask etter nokre dagar med hyttebygging :) 

I morgon skal vi bygge ferdig veggen mellom stove og gang, der skal inn ei dobbel skyvedør for å kunne dele av fysisk mellom "oppe og nede". Døra fant vi ut litt seint i prosessen at vi ville ha, vi må derfor bygge litt om i forhold til den opprinnelige planen, men kva er vel ikkje ein byggeprosess uten litt utfordringar? ;)
Om været held seg blir det nok også mala meir av vindskeidene og jobba vidare med terassa. 
Arbeidsledige blir vi iallefall ikkje :)


Fire generasjonar

I dag har det våre fire generasjonar på hytta, min mor og mine besteforeldre tok seg ein dagstur oppover og dei har underholdt ongane og stelt i stand med mat for oss. 
Kjekt med besøk på hytta :)

Værgudene var med oss og det var opplett og etterkvart kom også sola. Desverre var det en kald vind så ingen sommarfølelse ute i dag. Opplettvær er fint for oss som skulle jobbe med stovegolvet i dag og vi kunne då beise bords ute. Hadde det regna hadde jobben brått blitt meir plasskrevande inne..

Dagen starta med tung skodde, men utpå dagen vant sola

Onkel Ole tok også turen oppover i dag og starta jobben med beising av vindskeidene. Veldig kjekt å sjå forskjellen når vindskeidene fikk litt kvitmaling, vart utrulig flott :)

Inne var det stovegolvet og "muren" bak peisen som har tatt opp mesteparten av dagen. 
Ikkje heilt ferdige med golvet, men nærmar seg :) 
Peishjørnet vart vi meget fornøgde med, passa godt med resten av fargane på stova. 

No kryssa vi fingrane for opplett vær i morgon.. Treng å få beisa nokre golvbord til før vi kan seie oss ferdige. 

tirsdag 6. august 2013

Sommarjobben tek til igjenn

Då var late dagar ved "poolen" i Tyrkiet over og vi var tilbake på hytta med ny giv. 
Ein ferie gjorde godt for både store og små. Ikkje våre flust med familietid når alle helgar har gått med til hyttebygginga, så ein skikkeleg familieferie var akkurat det vi trengte :)

Vi kom heim på søndag og etter at nokre maskiner var kjørt med klesvask og eit uttallig antall ærend som vi måtte ha på plass til hytta sette vi kursen mot hytta i dag tidlig. Eg, Eirik, ongane og min bror Ivar. 

I dag starta vi på stovegolvet. Vi lektar opp frå plata og har våre litt nervøse for stovegolvet. Kva om det ikkje var beint nok...? Kva om plata ikkje vart støypt nøyaktig nok..? Men her var alle bekymringer unødige, vi hadde gjort ein god jobb på plata :) 

Fuktsperre, lekter og isolasjon

Serieproduksjon; male, kappe, legge

Fornøgd med dagens innsats, ca 1/3 av stovegolvet er fullført :)