søndag 26. mai 2013

Ei ny produktiv helg

Ongane vart trygt plasserte hos min mor og far, og eg eg Eirik fikk reise opp til hytta fredag kveld. Eg beisa opp panel så vi skulle ha nok til å fullføre det andre lille soverommer nede på laurdag. Eirik rydda litt og gjort klart for vidare arbeid på laurdag.

Laurdag starta Eirik med fullføringa av veggane på det andre lisje soverommer nede, medan eg starta på boda. Vi fikk hjelp av min far og Onkel Ole som kom opp laurdag.

Det siste lisje soverommet har fått veggar. Det skal no få være uten golv til resten av hytta er ferdig. Vi treng ein stad å kunne sette inn sag og anna verktøy, så like greit å vente med furugolv til grovlagringa er ferdig.
Boda har fått tapet: 1. Utgangspunktet: Sponplater på veggane og umalt tak. Taket fikk eit strøk med kvit som resten av hytta (Her har vi hatt panelen i taket umalt og malt etterpå, så all ære til dei som maler alle tak i etterkant... det var ein slitsom jobb) 2. Sparkling og PUSSING av plateskjøytar, spikerhol og rufsete hjørner. 3. "Leftovers" Vart noko knapt med tapet på slutten, men holdt heldigvis AKKURAT. 4. Det ferdige resultatet. Ein lys grå vinyltapet som skal kunne tole ein del vatn. f.eks våte vinterkle.
Tapeten til boda var eg heldig å fikk eit resteparti til 100kr rullen. Tre rullar til prisen av ein varmar eit sunnmøringhjarte :) Problemet oppsto mot slutten då spenninga steig, ville vi få nok tapet til heile boda? Heldigvis holdt det akkurat :)
 
Badet og lisjedo vart klargjort for ny runde med besøk frå rørleggaren.
 
Lisjedo har fått kant nede med gips.
 
Bad klart for rørleggar. Vegghengt toalett skal på plass til høgre.
Gangen vart isolert, no er alt klart for fliser på golvet og panel på veggane.
 
Vi sette kursen heimover seint laurdag, etter ei svært produktiv helg. På søndag venta fortballcup for 6åringen og då måtte sjølvklart mamma og pappa prioritere det, hytta må nok vike for anna no og då ;)
 
Tilslutt eit lite stemingsbilde frå min Instagram, berre å følge meg der om nokon vil. Eg er karroaaa :)
 

onsdag 22. mai 2013

Spottar

Håper alle lesarane vår har hatt ei flott pinse! Ser på bloggstatistikken at mange har våre innom bloggen etter helga, truleg i håp om å finne oppdatering frå hyttebygginga vår frå pinsa.
Pinsa for vår del vart det desverre ikkje tid til hyttebygging, med 17.mai feiring og storfeiring av mine besteforeldre sin 60års bryllaupsdag (jepp, SEKSTI år! Rett inspirerande <3 Lenge leve kjærleiken!) vart helga litt knapp. STRÅLANDE pinsevær fikk vi heldigvis nyte og vi nytta muligheita til å styre litt i hagen her heime mellom feiringane.

På den positive sida er vi no MEGET klar for å fortsette innsatsen på hytta. Barnevakt er skaffa fredag og laurdag, søndag er det den aller første fotballcupen på 6åringen så då må det prisoriterast. Hyttebygging blir det iallefall fredag og laurdag :)

I dag har eg våre hos eletrikaren å valgt ut spottar til tak. Enda eit vanskleg val som måtte takast. Utruleg mykje forskjelleg å velge mellom, type, farge og design, enda tilslutt opp på Matt kvit Sg Junistar Led spottar. Ganske sikker på dei skal passe godt inn.

Matt kvit Junistar Led spott - Lavtbyggande og med "tilt"

Nokon med erfaring med disse spottane eller har andre spottar å anbefale?

søndag 12. mai 2013

Ei helg er over

 Å ha barnevakt ei heil helg hjelp veldig på framgongen. Søndagen starta vi dagen i det vi hørte ei av nabohyttene starta med vinkelsliparen kl 0930, greit å ikkje være den første til å bryte med fjellroa. (Og så var det litt godt å sove oss litt "frampå" når vi var uten dei små ;) )

I dag har eg beisa og Eirik snikra. Beisen på veggane har mykje kortare tørketid enn panellakken i taket og går dermed ikkje vekk like mykje ventetid til tørkinga.


Soverom nr 3 i hovudetasja - Tre veggar er klar - Beisa med Jotun Lady Interiørbeis Farge: Værbitt
 
 
Bilde tatt frå "Spisestua": 1. Mot stova 2. Mot gangen 2. Mot kjøkken 
Fortsatt mykje panel og golv som ligg stabla inne på stova, men stabelen minkar litt og litt kvar helg. Kanskje etter neste arbeidsøkt med panelen er det blitt så lite att at vi kan stable om og kanskje få starte på stova.
Største problemet med at fleire og fleire rom blir ferdige er at lagerplassen forsvinn, loftet og det lisje soverommet er nylakka og sjølv om det går fint å gå på golva, bør det stå nokre veker å herde skikkelig før vi dekker dei til og kan bruke dei som lagerplass igjen. Bada, gangen og boda er nystøypt, og bør stå utildekka til herdeprossen er heilt ferdig. Så med andre ord har vi for tida svært dårleg med lagerplass, og dei få romma som er tilgjengleg er proppa fulle med verktøy, malarspann og andre ting vi treng til bygginga.
Fordelen er at vi stadig kjem vidare og er nermare slutten enn nokon gong ;) (Fortsatt mykje arbeid igjen... men går frammover :) )



lørdag 11. mai 2013

Når snøven forsvinner...

Når hytta vart røyst kom det brått store mengder snøv på kort tid. Alt av material og kapp som låg rundt hytta vart dekka av snøv.
No har snøven smelta og fram kom alt rotet.

Denne helga kosa ongane seg med mormora, og eg og Eirik fikk reise på hytta fredag ettermiddag. På kveldsøkta fredag fikk eg lakka det tredje og siste strøket med lakk på golva på loftet og det lisje soverommet (jippi!! :) absolutt ein liten milepel)
Eirik fikk rydda, lekta og klargjort det andre lisje soverommet nede for byggestart.

Laurdag kom Pappa og Onkel Ole ein dagstur. Dei har rydda ute i heile dag, medan eg og Eirik har mala og lagt tak på det siste soverommet og i gangen.


Mykje rot rundt hytta, trengte virkelig å ryddast opp.


Ferdig tak, no gjennstår berre stove og kjøkken taka.



Litt rydding gjenstår, men no treng vi iallefall ikkje å sjems framfor naboane lenger :) 23 vedsekkar med kapp og ein fin stabel med matereal.

I kveld har vi beisa opp ein del panel til det siste soverommer, slik at vi er klar til arbeid i morgon tidlig.
Hadde det ikkje våre for bråket frå saga hadde vi nok kunne jobba halve natta, men litt hensyn må vi ta. Ser ut til at vi har ein del naboar som et på hytta for å slappe av denne helga *drøymer meg bort og håpar at det snart er vår tur* :)




søndag 5. mai 2013

Dugnad: Støyping golv

På laurdag var det stordugnad for golvstøyping. Eirik, min pappa, Onkel Ole, Onkel Sveinung, Onkel Yngve og min bror Ivar reiste oppover på morgonen for ein skukkelig dugnadslaurdag.
Dei gjorde eit raskt stopp på Coop Obs Bygg på vegen for å kjøpe inn støyp.
Vi har i løpet av veka ringt litt rundt og det var der vi fikk den beste dealen. Golvstøyp er dyrt (iallefall i slike mengder), så ein god pris kan gjær stort utslag.

Med mange sterke hjelpande hender gikk støpinga raskt.

Sol og fint vær, som bestilt :) Greit å kunne blande ute og bære inn uten å regne heilt vekk.

Gangen - Rett fram kjem ei dobbel skyvedør inn mot stova

Bod / Teknisk rom 
No må støypen herde litt og så er det klart for å starte flislegginga. Heldigvis er den skitne srøypejobben gjort og vi kan starte med panel på veggane i første etasje med full intensitet :) Skal bli fint å få tømme stua for matereal (haugen blir heldigvis mindre og mindre :))

I gangen har vi tatt dei flisene som følgde med i byggesettpakken, men på badet og lisjedo har det begynt å haste litt med å finne rette flisene. Er nok på tide med ein tur på flisebutikken å ta nokre beslutningar :)

onsdag 1. mai 2013

Ein snartur på hytta

Ein fridag midt i veka betyr ei muligheit til å jobbe på hytta. Sida vi har støyping på planen for kommande helg var det eit par ting som måtte ordnast så støypinga skal gå mest mulig effektivt.
Min far og Eirik tok seg ein rask tur oppover, fikk rydda boda og klar gjort den til støyping, samt festa alle nettingane med varmekablar i betongen slik at dei ikkje skal flyte opp når vi støyper.
Det nylakka soverommet og trappeholet opp til loftet har blitt tetta igjen med plast (Hadde våre KRISE om det nylakka golvet skulle bli øydelagt av støypestøv) - Armeringa og varmekablane er skrudd fast i golvet, då flyt dei iallefall ikkje opp.
 Litt lang kjøretur for berre nokre timar med arbeid, men no er iallefall alt så klart som mulig til helga og storinnrykk av ein utvida dugnadsgjeng for golvstøyping :)