søndag 18. november 2012

Dugnad

I utgangspunktet var det ikkje plan å få tid til hytta denne helga, men med stor takk til ein god dugnadsgjeng og ei snill barnevakt, opna muligheita seg for ein dagstur i dag.
Fire voksne klarte med effektiv jobbing å ferdigstille golvet på loftet, rydda plass inne og å få bært inn resten av materialet som enda var plassert ute, men som vi helst burde fått inn så fort som råd.

Oppkjørselen er rydda
 
Fortsatt mykje isolasjon som må på plass på veggar og tak.


Mykje isolasjon

Og så var golvet på loftet ferdig
 
Golvet på loftet ferdig lagt og dekka med papp.
 
 

søndag 11. november 2012

Dugnad på hytta

Denne helga var Eirik, min far og min onkel på hytta å gjorde dugnadinnsats. Eg var også på Bjorli, men eg var på jentehyttetur for å feire ein 30årsdag. Eg måtte sjølvklart ein snartur oppom hytta å sjå på framgongen og vise den fram for jentene :) 
 
Dei har fått gjort ein del denne helga, Eirik har i mitt fråvær våre fotograf.   

 
Begynt på golvet på kaldloftet. Etter tips frå snikkarane brukar vi resteplater frå taket som golv ute på rafta. Skulle vi i framtida ønske å benytte arealet til lager er golvet alt på plass.
 
Dei laga til opninga til trappa og fikk lagt mykje av furugolvet på loftet.
 
Karane vart nesten ferdig med golvet på loftet. Dei bar opp resten av isolasjonen til loftet og resten av golvplankane. Det gjær det litt lettare å jobbe vidare om man jobbar aleine neste gong. 
 
No kjem det to helgar der vi ikkje får anledning til å jobbe på hytta. Julebordsesongen er i gong og november og desember blir hektiske månadar. Håpar vi iallefall får to effektiv jobbehelg på hytta no i førjulstida.

søndag 4. november 2012

Dag to med isolering

I dag vokna vi begge med enorm gangsperre etter gårsdagen. Særlig var armar og rygg musklaturen fått gjennomgå med uvandte beveglesar dagen før. Det var ikkje tid for å kvile kroppen, vi hadde mykje som måtte gjærast og begrensa med tid før vi måtte sette kursen heimover. Ongane som hadde fått være hos mormor og morfar heile helga og ein ny kvardag venta mandagsmorgon. Vi har jobba ca 17timar to personar denne helga. Det har våre svært lite pausar, knappast vi har rekt å trykke i oss brøv med ost på når svolten har vårte for ille ;) I grunn har ikkje isolering våre så ille jobb som eg hadde frykta. Verste delen var isolering av tak då det lett støva ned i augene.I tillegg så kjennes det ut som eg har tatt en litt for kraftig peeling i ansiktet (noko av den heng att enda...).  Prøvde litt å bruke vernebriller,  men det var heilt nyttelaust, dei berre dogga seg. Hadde slike billige støvmasker, og det fungerte veldig greit. Vi hadde bommullhanskar, det stakk innimellom gjennom hanskane, men ikkje slik det vart for ubehagleg. Eingongskjeldressar med hette er ei nødvendigheit og ein god isolasjonskniv hadde vi ikkje kunne våre foruten. Det gjennstår no litt meir isolasjon i mønet på hemsen og etter fuktsperra på veggane skal det på 5cm til med isolasjon, men størstedelen av isolasjonsarbeidet er no ferdig!
 



 

Panoramabilde frå framsida av hytta (utsikta frå stova)
 
 
Når frambygget skulle isolerast er det nok anbefalt å bruke eit stilas, det hadde ikkje vi, så med litt styr klarte vi å få på plass alt med ein stige. Hjalp nok ikkje nevneverdig at det ligg ein materalhaug i frambygget som gjorde stigeplasseringa enda verre... Det var tungt arbeid ned 25cm tjukke isolasjonsblogger skulle trykkast på plass.
 
 Utebod/teknisk rom til høgre, soverom rett fram.
 
Isolert utebod/teknisk rom, her skal vi ha varmtannstanken vår, muligens ein sentralstøvsuger mm.
 
Hytta "ferdig" isolert. 15cm i vegg, 20cm i tak og 25cm i tak i fambygget på stue.
 
Hytta vår <3 Her har vi ein malejobb føre oss til våren.
 
No går nok arbeidstempoet på hytta betrakleg ned. Frå å kunne ha daglege oppdateringar med framsteg her på bloggen, blir det no overlatt til helg og feriejobbing frammover. Uansett, følg med frammover, skal halde bloggen oppdatert :)
 

lørdag 3. november 2012

Isolering

I dag har vi hatt vår første dag med eigeninnsats, fulle i pågongsmot starta vi dagen med ein god frukost i campingvogna.
Vi møtte snikkarane oppe på hytta, dei holdt på å rydde saman utstyret sitt og sette kursen til neste prosjekt. Før dei reiste gav Tomas oss litt tips til å kome i gong med vårt arbeid og litt tips om ting vi måtte passe på (tabber vi måtte unngå osv ;) )

Først nokre bilder frå i dag tidlig. Her starta vi arbeidet, mykje å ta tak i. 
 
 
 

 
 Hemsen blir romsleg


Sida det var en del vind og innimellom ganske kraftig vind burde vi i følge Tomas få tatt isoleringa så snart som råd. Vindsperrene burde ikkje ligge å blafre så lenge.
Vi satte derfor i gong med isoleringa, først taket, noko som i starten var ei utfordring sida det berre var nokre plater opppå takstolane, men etter ei stond vart vi vande med balanseringa.

 
 Viktig med godt isoleringsutstyr, eingongskjeldressar, maske, hanskar og ein god isolasjonskniv.

Før vi kunne isolere måtte isolasjonen bærast inn. Kjenner at eg har brukt kroppen til mykje tunge løft i dag.

Vi er i dag svært godt nøgd med eigen innsats, vi fikk gjort mykje og er no ferdig med isolering i taket (ikkje frammbygget) og fikk tatt litt over 50% av veggane nede.






Vi har ein halv arbeidsdag i morgon så håper at vi blir ferdig med isoleringa. Det er iallefall utruleg kjekt å være i gong :)




fredag 2. november 2012

Campingliv og klare til eigeninnsats

Då var vi på plass i campingvogna, veldig klare for første dag med eigeninnsats i morgon :)
På veg oppover stoppa vi å handla inn det meste vi kunne kome på av utstyr eit par ekte sjølvbyggara kunne trenge. Alt frå sagbord til stigar, papp og arbeidskle. Tippar det blir nokre handleturar til før vi er ferdige, ein ekstra post på budsjettet til dill og dall må nok tilføyast!

Gradestokken her på Bjorli viser eit par blå, vi har heldigvis fått fyr på gassbrennaren til den vannbårne varmen på campingvogna, takke være den kryp innetempraturen raskt oppover. Muligens vintercampinglivet ikkje blir så ille som først frykta alikevel :)

Tidligare i dag fikk eg to ferske bilder av hytta frå Snikkarteamleder Tomas. Hytta er no ferdig utvendig, eller iallefall den delen som FH Bygg skal gjære, resten blir vår jobb :)

torsdag 1. november 2012

Bilder frå torsdag


Nye bilder frå snikkarane i kveld :) Har blitt kveldens høgdepunkt her i stova når eposten frå teamleder Tomas tikkar inn i innboksa. Skal bli kjekt å få sjå hytta ferdig når vi kjem oppover i morogn :) Gler meg!
 
Takrenner på plass og vindua er fora ut.
 
Meir takrenner, ferdig tak og den flotte arken på hemsestova.
 
Underliggara på plass
 
Meir underliggara
 
Flott ytterhjørne inne i saltaket over inngangspartiet.
 
No sit eg å mannar meg opp til ei helg med isolering, min aller første isoleringsjobb.. 
Nokon med nokre gode isoleringstips å dele? Tek dei imot med opne armar :)
 

Snart ferdig utvendig

Taket ser no heilt ferdig ut og dei har fått plukka ned store delar av stilasa som har kransa inne hytta. Gjenstår klednign rundt hytta.

Hytta i morgontimane. Ser at snøven har falt kraftig sammen, plussgradene kjem nok godt med no når vi skal til med isolering.

Taket klart
Saltaket over inngangen er klar

Vi har fått barnevakt til ongane i helga og vi voksne skal derfor få starte på vår første jobbehelg på hytta. Dette blir spennande :)