fredag 26. juli 2013

Sommarjobb del 1 er fullført

Då var første del av sommarjobben på hytta over. Kjenner på kroppen at det har våre lange dagar med mykje arbeid, men vi er svært godt nøgd med progressjonen :) Takke være snilde barn, gode hjelpara og nydeleg vær, har vi fått mala hytta utvendig og fått ferdig golvet på det store soverommet nede.
 
Hytta ferdig malt, manglarberre vindskeidene. Dei er på "to-do" lista for neste arbeidsveke


Soverom med ferdig golv. Drivved med 3 strøk Trestjerner gulvlakk (eit gulvmatt, to silkematt)
Ein ting er iallefall 100% sikkert, golvet får mykje finare og jevnare farge ved behandling før det blir lagt, så om eg skal kome med noko anbefaling så behandl furugolvet med beis før legging og ikkje etterpå.

No skal vi pakke koffertane og laurdag setter vi kursen mot ein velfortjent ferie i Tyrkia :) Ei veke med sol, bading og avslapping, ladde bateria til ny innsats på hytta :)

Fortsatt god sommar!

onsdag 24. juli 2013

Nesten ferdig ute

Etter god hjelp i av Onkel Ole og i dag av foreldra til Eirik er vi no NESTEN ferdig med utvendig maling :) No manglar det berre den lisje kroken ved verandadøra før vi er ferdig (ok, vi må også ta vindskeidene, men eg hadde ikkje fantasert om at vi skulle ha kome så longt alt no og har derfor ikkje kjøpt kvitmalinga enda..) 


I dag har våre ein nydelig solskinnsdag, sola har skint frå skyfri himmel og ongane har kosa seg ute heile dagen. 

Utpå kvelden kom det ei skikkelig regnbye. 
Fikk bløtt godt opp ute. 


Soveromgolvet har fått to strøk med lakk. Strøk to og tre vart med Trestjerner gulvlakk Silkematt. Vi gikk tom for Gulvmatt og måtte ta til takke med det fargehandlaren her hadde å tilby. Å Silkematt virka bra den også, berre ikkje like matt som Gulvmatt. No er vi litt usikre på om vi skal ha gulvmatt eller Silkematt på stova, vart nemleg veldig fint med Silkematt også ;)

I morgon skal vi male ferdig det brune ute, før vi rydda opp og pakka oss heimatte. Godt fornøgde med innsatsen :)

tirsdag 23. juli 2013

Vatn i krana :)

For fjerde dagen på rad er vi oppe i over 12 arbeidstimer, ikkje rart det går frammover. Kjenner på kroppen at vi har stått på for å seie det slik, men skal klare å halde ut nokre dagar intensivt arbeid til før vi skal nyte sol og varme i Tyrkia ;)

I dag var rørleggaren frå Lesja Rør her og vi har fått varmt og kaldt vatn i krana på lisjedo og vatn på nedtappinga på doen. For ein LUKSUS! :) 
Veldig greit å få vaske seg skikkelig på hendene, kunne ta oppvasken og pussetenner på skikkeleg vis. Her snakkar vi høgstandarhytte ;)

Ellers har vi hatt to prosjekt på gong. Maling utendørs og legging av golv på hovudsoverommet. 

Ute har vi fått tatt alle høge møner og er godt i gong med malinga. 

Nesten litt skam å jobbe inne i det fine været, men jobben må gjerast. Då vi ikkje var 100% fornøgd med behandlinga av golva til no, dei er bra, men beisen blir lett mørkare der det blir overlapp og dette vil vi prøve å unngå i stova. Det føles umulig å unngå når man behandlar etter at golvet er lagt, så vi tenkte prøve ei anna metode no i håp om at det vart bedre. 
No beisa vi kvar fjøl før legging, og det ser ut til å både være enklare å beise på med fint resultat og raskare og enklare enn å beise etterpå. 

Golv lagt og eit av tre lag med Trestjerner Gulvmatt er alt kome på. (Beisa med Jotun Lady Interiørbeis Drivved) 

No kryp vi til køys, godt nøgde med dagens innsats :)

mandag 22. juli 2013

Sol :)

For ein dag, for ein hærlig dag! Sol frå knall blå himmel frå vi sto opp til seine kveld :)

Nyter litt plommer i sola :)

I dag har vi hatt panel på stova så langt som vi kan gjære før vi får flytta panelhaugen og får fora ut siste veggen der skyvedøra mellom stova og gangen skal stå. 

Før vi starta denne arbedsveka sette vi oss nokre mål for kor mykje vi måtte få gjort; No er vi der, og veka har knappast begynt ;) Trur vi må auke målsetninga for feriejobbinga ;)

Stove og kjøkken nesten i mål. 

Har også fått mala litt ute i kveld, men kjente fort at armane har mala i nokre daga no og mala berre litt før eg gav meg for i dag.
Fikk iallefall tatt i mønet på frambygget, stilaset var godt å ha. 

Rørleggar har også våre her i dag, vi har fått varmtvasstank og innredninga på lisjedo er komen på veggen. Høyrer kjekke rykter om at vi skal få vatn, både varmt og kaldt, i krana på lisjedo og vatn i klosettet i morgon, det skal bli luksus det! :) 

I kveld kom min Onkel Ole på sommarbesøk, så i morgon blir det nok enda meir progresjon i arbeidet :)

Håper alle nyt fineværet, enten det er heime, på hytta eller på jobb :) 


søndag 21. juli 2013

Meir maling, ute og inne...

I dag har våre ein fortsettelse på i går. Ting går sjølvsagt ikkje like fort med to små hjelpara, men dei har mykje selskap i kvarandre og vi har fått gjort ein del mellom trilletur, blåbærplukking og sjørøver/ridder leik :)


Det har blitt voksa og snikra ein del panel på stova og kjøkenet. Ikkje mykje att før vi har kome rundt :) 

Ute har det også gått frammover. 

(Panorama bilde, derfor den rare vinkelen) 

Ivrige arbeidara :)

I dag har vi hatt besøk av Teamleder Tomas fra FH-bygg og Familiehytta. (Dei som sette opp råbygget for oss). Han ville helse på og sjå til at alt var greit med bygget no når litt tid var gått. Svært positivt med slik oppfølging :) Tommel opp for Familiehytta! :)

I morgon kjem rørleggaren ein tur og det blir nok enda meir sving med malarkosten og spikerpistolen. 



lørdag 20. juli 2013

Sommarjobb 2013 Del 1

Då har ferien starta for vår del, eg og ongane har alt hatt ei veke fri, men Eirik hadde sin siste arbeidsdag i går. 
I dag sette vi kursen mot hytta på morgonkvisten og har hatt ein produktiv første dag. Min mamma og pappa var med på dagstur så ongane har fått god underholdning og våre på mange utforskande turar i nabolaget saman med mormor. 

Litt bilder frå dagens innsats:
Med sol frå klar blå himmel og laber vind kunne eg ta panelbeisinga ute i dag.  Voksen frå Liberon har mykje lukt så var greit å styre med det i fri natur :) 

Vi fikk starte med utvendig maling! (Utrulig tungt arbeid... Men fikk tatt to små veggar :) Kvar for sola?? Håper den kjem att til i morgon! 

Panelarbeidet på stova går frammover, og vi har no starta inn mot kjøkkenet. 

mandag 15. juli 2013

Siste innsats før sommarferien

Etter av vi var komt over besøket frå skogens konge tidlegare på dagen oppdaga vi enorm arbeidssomme kveps inn og ut av den eine raftekassa. Har ikkje lagt merke til dei før, så bebyggelsen måtte være relativ fersk, men mengda aktivitet kunne tyde på at der var mange små kryp inni der. Vi frykta ei tid det kunne være bier (som ,vist nok, skulle være vansklege å bli kvitt), men nermare undersøkelse viste at det heldigvis berre var kveps.
Utstyrt med Permetrin festa i enden på ei lekt fikk vi bukt med problemet og det virka som dyra flytta ut. No må vi berre følge med så dei ikkje flyttar tilbake...
Om problemet vedvarar må vi nok plukke ned raftekassene og montere opp insektsperre.

Lisjedo
 


Denne helga fikk vi på plass toalettet på lisjedo. No har vi wc til ferien :) Med vatn frå bøtte til å skylle ned har vi eit godt fungerande toalett :)













Det eletriske begynner å nerme seg ferdig, og vi har fått lys i nesten alle rom :) I løpet av veka skal kraftselskapet kome å få flytte hovudkabelen inn i sikringsskapet slik at vi kan lukke veggen bak skapet. Så startar nok jobben med å få på plass dei resterande punkta å lukke veggane ferdig så vi får kvitte oss med byggestraumen forhåpentlegvis rett over sommaren.

Det store prosjektet for denne helga har våre rundtømmeret på stova. Vart litt tid som gikk vekk på tenking, men når vi kom i gong gikk det litt kjappare.
Rundtømmeret hadde ikkje fjør/not i endane og måtte derfor skjøtast kant i kant på stendaren for å ligge fint. Dette vart ei lita utfordring, og om vi kunne valgt igjenn hadde vi nok foretrukket å kunne kobla saman med fjør/not. Panelen hadde heller ikkje fjør/not på langsida men dette var eit mindre problem, men hadde heilt klart våre ein fordel å hatt.. gikk med ein del tid på å tvinge tørka vridd panel opp på veggen.

Resultatet derimot vart heilt NYDELIG :D

1 del Gotisk Patina og 3 deler Black Bison klar voks

Stove i frambygget

Voksen fra Liberon var grei å jobbe med og virkar svært drøy i bruk, men var litt prøv og feil i starten før eg fant kombinasjonen av pussing, malepå, ventetid og avtørk som gav best resultat. Tenkte å lage ein "to do" beskrivelse etterkvart så andre kan lære av, eg sakna iallefall noko slikt før eg tok til :)

Vi gikk for "lafta" hjørne, og er godt nøgd med resultatet, både snikringa og fargen vart perfekt :D

No har ferien starta for min og ongane sin del, vi skal ha ei veke heime før også Eirik kan starte på ferie og vi kan sette kursen på hytta for litt sommarjobbing.
Blir ein arbeidsom sommar for oss i år, men har lagt inn ei arbeidspause med sol og bad i Tyrkia, så vi skal nok ikkje lide noko nød :)

fredag 12. juli 2013

God hELG!

Ny helg, nye arbeidsmuligheiter!

Min far var tidleg på hytta denne helga, i håp om at kraftlevrandøren kunne stikke innom å flytte strauminntaket over i sikringskapet.  Dei fikk ikkje muligheit til å kome, men han fikk besøk av to forvirra elg rett forbi hytta. Dei kom gåande gjennom hyttefeltet rett overfor hytta vår. då han oppdaga dei vart dei litt skremde å sette opp farta. Han fikk fiska fram mobilen å knipsa eit bilde som bevis. 

God hELG til alle frå oss! 

Dei gikk i tomtegrensa rett over utgravninger av tomta vår. 

Zoom :)

Litt glad det ikkje var eg som var aleine i møte med elgen... 

lørdag 6. juli 2013

Helg igjenn

Denne helga reiste Eirik på hytta aleine. Vår søndag går denne helga vekk til familieselskap, så for effektiviteten si skuld vart eg heime med ongane og han fikk reise på hytta i fred og ro frå fredag til laurdag.  
Hovudoppgåva for helga var flising av golvet på lisjedo.
Nermar seg eit ferdig lisjedo :)

Når flisene var lagt hadde han eit par andre småoppgåver på planen. Eg mala for nokre helgar sida ventildekselet (heiter muligens ikkje det, men de ser av bildet kva eg meina...) og rundt ventilopninga på boda. Dette fikk han montert.
Han fikk også jobbe vidare med hjørnet der peis/vedovnen skal stå.

Ein liten snik kjik på fargen vi har valgt på hytta
 

Plate for ovn er støypt
No går planlegginga for fult hos oss, mange valg som må tas i "innspurten" (fortsatt lenge til målet altså). Taklampar må veljast, vi må bestemme oss for fargar på badet, kva innredning og dusj vi skal gå for. I tillegg trålar vi kjøp og salgsider på facebook og finn.no i jakt på møblar til hytta.

Til neste helg har vi fått barnepass til arvingane og då får vi oss, forhåpentlegvis, ei svært effektiv helg med hyttebygging før vi skal være alle fire på hytta nesten ei heil veke på sommar"ferie".