tirsdag 30. oktober 2012

Bilder frå mandag og tirsdag

Hytta nermar seg ferdig utvendig. Det har heldigvis våre mykje bedre vêr siste dagane og snikkarane har fått konsentrert seg mindre om snømåking og meir om bygginga. 
Detaljane bygynner å kome på plass. Vindua har fått lister og taket nermar seg ferdig. I tillegg er dei godt i gong med den utvendige veggkledninga.
 
Bilder frå mandag:
Veggen mot skitrekket
 
Hytta frå oppkjørselen
 
Veggen mot oppkjørselen. Vindu inn til badet.
 
Legging av takpappen.
 
 
Bilder frå tirsdag:
Arken har fått Kledning og vindulister
 
Vindulister på plass
 
Taket har fått papp
 
 
 
Vegg mot oppkjørselen, Vinduet på loftet har fått lister.
 

 
 
 

søndag 28. oktober 2012

Vekas siste arbeidsdag

I dag var været litt lettare på Bjorli og snikkarane har fått ei økt uten at nysnøven fell raskare enn dei rekk å måke. Værutsiktene utover veka er gode, så det ser ut til å bli bedre forhold å være snikkar i frammover.
 
Takpappen kryp oppover
 
Endegavlen over kjøkkenet er også ferdig
 

Interiørfarge tak

Medan snikkarane jobbar som heltar med utsida av hytta nærmar det seg tida for at vi skal starte med vår innsats innvendig. Eg er utnevnt som den ansvarlege for å finne fargealternativ for interiør. Det vil nermare forklart seie at eg finn nokre alternaiv og så veljer vi sammen, ein relativt demokratisk prosess her i familien ;)

Vi har sirkla oss inn på at vi vil ha kvite tak... Derimot er ikkje kvitt berre kvitt.. F.eks. har Møretyri sin Tyrill serie tre kvite oljar å velje mellom, som igjenn kan blandast i det uendelege, og Jotun har utallige ulike variantar i sin Lady interiørbeis serie.


Tyrill Interiørolje

Jotun Lady interiørbeis
 


Vi er enda ikkje tatt valget om vi går for olje eller beis. Har fått sansen for den litt "mjuke" uttrykket som oljen gir. I tillegg skal det være miljøvenleg og enkelt å påføre. Derimot er beisen ein del billigare om man kjem over eit tilbod. Trur eg må ta turen til ein fargebutikk å sjå om der vankar nokre tilbod. Bygger man med begrensa budsjett gjeld det å spare nokre kroner der man kan ;)

Nokon med erfaring frå enten olje eller beis som dei vil dele? Legg att ein kommentar :)

lørdag 27. oktober 2012

Den første middagen

I dag tok vi med ongane på tur til Bjorli for å sjå på bygginga. Sjølv om vi var godt oppdaterte i prosessen med bilder var det kjekt å sjå hærlegheita med egne auge.
Vi hadde med pizza til snikkarane, og sjølv om det var så vidt dei rakk å ta pause, trur eg dei satte pris på litt varm mat.


Velkommen inn :)
 
Første middagen i hytta
 
Minnar mest om eit lagerbygg, men eit lite pizzaselskap fikk vi plass til
 
 
To små som etterkvart vart litt vel husvarme til å kunne opphalde seg lenger på byggeplassen.
 
Stova med utgong til terasse.
 
Hytta er nesten snøva vekk
 
Bilde frå vegen
 
Mykje snøv rundt hytteveggen
 
Utsikt frå stova mot Rånåkollen.
 
 
Hyttegata vår - Hytta vår til høgre og med skitrekket i bakgrunnen.
 
 
Nydlege Bjorli :)
 
 
I følge snekkarane var det no ikkje mykje att, men den stadig fallande snøven gjær det litt komplisert å skulle f.eks legge tak. Heldigvis letta været litt i dag og dei hadde kunne jobbe vidare med det gjennståande.
I kveld fikk eg bilda under på eposten. Etter at vi reiste hadde dei fått starta med ytterkledninga og takpappen.  
 
Kledning straks ferdig i endegavlen
 
Takpappen legges 
 
 
 Det er no under ei veke til vi skal overta arbeidet, eg begynner å føle presset for valg av interiørfargar. Eit lite luksusproblem i at det er for mykje fint å velge mylla.
Om nokon har ein fin brunleg olje- eller beisfarge å anbefale tek vi gjerne mot tips!
 

fredag 26. oktober 2012

Pudderalarm: 43 cm nysnøv

Meldinga frå 26. Oktober 2012 frå Bjorliskisenter :
"Nok en gang er Bjorli første alpindestinasjon som åpner sine bakker for ski- og brettentusiaster. I dag har vi målt 43cm snø nede ved bunnstasjonen. På toppen var det 72 cm. Det snør fortsatt. Enda mer er det meldt kommende natt.

Lørdag og søndag kjører vi T-krokheisen helt til topps med 3 preparerte nedfarter,Lysløypa, Bøvra og Bjorlikrusen, på tilsammen 7,2 km! I tillegg er du velkommen til et pudderparadis!

I tillegg vil hele barneområdet være i drift.

Bjorli best også på tidligsnø! Hjertelig velkommen til nye vintereventyr!"

43cm nysnøv og at det er første alpinanlegg til å opne anlegget for sesongen er knall kjekt, og viktige faktorar for at vi har valgt å bygge hytte akkurat på Bjorli, MEN akkurat i år passa det svært dårlig at snøven ikkje kunne vente til f.eks neste veke..!?
Det er ikkje akkurat ideelle arbeidsforhold for snikkarane våre når det kjem slike mengder snøv, jobben blir mykje tyngre og alt blir betrakteg vansklegare. Kjenner igrunn eg får litt dårleg samvittigheit. Heldigvis, tross store snømengder, har arbeidet gått frammover også i dag.

Ikkje akkurat snikkardraumen å komme på jobb til taktekking og 20cm nysnø i dag tidlig, utover dagen kom det 20cm til...

Vi har fått takrenner
 
Dei fleste vindskeidene har kome på, inngangspartiet tek form.
 
Heldigvis bedre meldingar over helga. Det skal snøve tett i natt og i morgon, men frå mandag ser det mykje bedre ut.
 

torsdag 25. oktober 2012

Status torsdag

Har våre mykje vær på bloggen i dag, og bilda frå Tomas som eg fikk tilsendt i kveld var også prega av snøfall. Ein ting som er 100% sikkert er at det blir ikkje behandling av ytterkledning i år. Snøfallet senkar arbeidet, og det fristar heller ikkje spesielt mykje å stå ute med malarkosten når snøven flyg frå alle kantar.

Med fyr i peisen hadde dette våre grei utsikt frå sofakroken, når du er snikkar og skal legge tak er dette neppe draumen.
 
 
 
Vindskeider er på plass på kjøkkensida.
 
Lite kosleg å jobbe ute i dette været. All ære til snikkarane som står på for at vi skal få hytta vår så snart som råd, 1. november nermar seg <3
 

Bjorliskisenter - "Nå kommer snøen"

I dag tidlig la Bjorliskisenter ut denne meldinga:

"Nå kommer snøen - Torsdag 25. oktober 2012 07:04

Nordvesten er på tur, og med den også snøen. I dag tidlig var det lagt ned 7 cm hvit kosmetikk nede ved bunnstasjonen. Værprognosene sier en sterk økning av nedbøren utover dagen og natta. Snøværet skal fortsette også på fredag. Dersom dette slår til, er vi klar til åpning allerede på lørdag morgen. Følg med på den videre utviklinga!"




Lovar godt for skisesongen 2012/2013, ikkje like godt for hyttebygginga. Heldigvis lovar yr.no bedring over helga. Ein ting som er sikkert er at det blir ikkje oljing av underliggara i år, dette må nok utsettast til våren.

Snøven dalar

I dag har det snøva godt på Bjorli. Fikk ei oppdatering av Per hos Kvekroken Entrepenør på eposten i ettermiddag. Kjekt med levrandørar som yter ekstra service til kundane :) Treng du ein entrepenør,  kan dei anbefalast på det varmaste!

Ikkje det beste været å drive tekking av tak på dette :/ Skientusiastane jublar nok, i bakgrunnen ser de skitraseeane.

Der kom snøven

Som venta kom snøven i natt, og i dag legg det ned med snøv.
Håper det ikkje blir for trasigt for snikkarane. Snø, vind og minusgrader er nok ikkje på favorittlista :/

Under ser de to bilder tatt i dag frå www.joplassen.no . Ei kjekk side med web-kamera og oppdatert værdata frå Bjorli.

Har snøva ein del i natt, treda har fått eit fint lag med snøv og skydekket er lavt.

Ikkje akkurat ein favoritt dette :/ Håpa det lettar snart!


onsdag 24. oktober 2012

Dagens oppdatering

Tommelen opp til Familiehytta og FH Bygg for knall god oppdatering. Vi bur for langt frå hytta til å reise opp ein snartur å sjå korleis det går med bygginga, vi set derfor enormt stor pris på å få tilsendt bilder på eposten frå dagens innsats.

Slik ekstraservice set iallefall vi, og i følge lesarstatestikken på bloggen også våre blogglesara, STOR pris på!

Taket kjem på plass
 
Inngangspartiet - arken og saltaket over inngangspartiet
 
Vi har fått verandadør <3 I tillegg har dei dekka til taket for kvelden, ikkje usansynlig det kjem snøv til natta. Brrrrr!!  Kryss fingrane for at det blir små mengder.
 
 
 
 
Hytta har fått dører, både ytterdør og boddør :)  
 
 
 
 

tirsdag 23. oktober 2012

Snart klart for kranseskål!

Snikkarane jobbar lange dagar for å få hytta tett før snøven kjem. I dag har dei virkelig stått på, utfrå bilda å dømme har dei jobba til langt på kveld. Ingen 8-16 jobb der nei.

Resultatet er at det ser ut til at dei no har fått hytta tett! :)

Takk til teamleder Tomas for hyppig bildeoppdateringar, slikt set vi pris på.

Arken på hemsstua og inngangspartiet begynner å ta form
 
 
Taket begynner å nærme seg tett
 
 
Ein stor sløyfe og man har ein ferdig pakka julepresang ;) Nokon som sa krensefest??
 
Er det forresten nokon av våre lesara som veit kva som er normalt i forhold til krensefesten/skålen og vil dele litt med oss? Kjenner meg litt usikker på denne tradisjonen.. 
Kva gjorde dokke andre hyttebyggara i forhold til dette? 
 

mandag 22. oktober 2012

Byggeboligmessa og boligalarm

På søndag tok vi med oss borna på "Gjør din bolig bedre"messa. Det var litt stress å drage med seg to små inn i folkemengda i Sunnmørshallen, folk over alt, to små som helst ville gå sine egne vegar og etterkvart to ganske svette foreldre som ønska å få sjekke ut litt av det messa kunne by på.
Vi fikk ikkje hamstra inn mange kuppa, men enda opp med eit abbonement på boligalarm frå Sector Alarm.
Vi fikk ordna oss med eit godt messetilbod, og når hytta står klar skal dei få passe på hytta når vi ikkje er der. Dei har tjenester ved innbrudd, brann, vannlekasjer og frostsikring. I tillegg kan dei rykke ut om vi plutselig skulle stå der uten nøkklar eller ha reist frå hytta å lurer på om vi har slått av kaffetraktaren eller låst døra.
Igrunn ganske betryggande å ha nokon i nærleiken som rykker ut om alarmen går, særlig når vi har lang veg til hytta.

"Alltid noen hjemme" som Sector Alarm seier :)

Framgong på byggeplassen

Før helga fikk vi epost frå byggeledar Lars, vi får overta hytta 1.november. Det er ikkje lenge til!!

I kveld kom det tre bilder på eposten min frå snikkerteamleder Tomas. Snikkarane er i gongatt på vår hytte. Dei har virkelig stått på, her nermar det seg kranseskål før snøven dalar.

Inngangspartiet - Her kjem ark og saltak over inngangen.
Snøven har tydligvis begynt å komme nedover fjellsida, håpar snikkarane ikkje frys for ille.
 
Takstoalne er komne på og hemsloftet tek form.
 
Er vi heldige får vi muligheit til å olje underliggarane til helga :)
 

lørdag 13. oktober 2012

Godfølelsen

I dag fikk eg virkelig kjenne litt på hytteroa. Eirik skulle fikse litt på muren, mens eg var handtlangar og den som sola seg på ein stabel med terassebord.
Sjølv med sikkert over 400timar med jobb liggande pakka inn i plast rundt meg fikk eg ei uforklarlig glede og ro i kroppen når eg sto i hytta (eller det som skal bli hytta) å kjika ut dei flotte vindua. Hytta VÅR! Ein heilt ubeskriveleg følelse av glede! :)

Vi fikk også helse på snikkarteamet som jobbar med hytta vår. Dei var no på ei av dei andre hyttene for å få heise på plass materiale og takstolar der også før snøven kjem og skal bruke dei neste to vekene på det. Vår hytte blir derfor ståande som no til snikkarane er tilbake.
Snikkarane virka som ein gjeng med kjekke karar og vi fikk eit godt inntrykk av dei. Slik som svært mange av snikkarane i Noreg i dag snakka dei ikkje norsk, men teamleder-Thomas var god på engelsk og han var lett å kommunisere med, så dette skal gå bra.

Medan Thomas gikk gjennom litt detaljar ved bygginga med oss gikk nokre andre snikkara over alle materealhaugane våre, festa og kontrollerte presseningar så dei skulle være beskytta mot vær og vind best mulig. Det bles kraftig i dag, vinden reiv godt i preseningane. Betryggande å vite at snikkarane passar godt på byggeplassen for oss når vi sjølve er langt borte. Slik service er viktig i byggeprosessen.

Hytta frå vegen
 
Utgang til veranda frå stue i frambygget (verandadøra er ikkje satt i enda, men kjem i hjørnet ;) )
 
 
Oppsida med parkering og inngang. I bakkant til høgre er plassen til anekset.
 
 
 
Til vår store glede hadde snikkarane bært interiørmaterealet inn før dei lukka veggane. Kjempe service! Sparte oss for mykje bæring :) (Vinden hadde reve av presseningen her, snikkarane passa på å dekke lasset godt til igjen)
 
 
Store vindu i frambygget på stova. Ikkje lett å fange utsikta på bilde pga alt materealet som var i veia, men den var sjølvklart nydeleg om nokon lurte ;)
 
I skitrekket er dei i full gang med snøvproduksjonen, for vår del håpar vi det blir med kunstsnøv nokre veker til slik vi rekk å lukke hytta. (Og eg veit at snikkarane også hadde store ønsker om å sleppe snøven lengst mulig) Vi kryssar fingrane.