søndag 31. mars 2013

Påska 2013 - 1. påskedag

I dag har vi hatt siste innsats på hytta for påska. Veldig kjekt å få så mange hyttebyggingsarbeidsdagar på rad. Vi har hatt mange gode hjelpara også i dag, dugnadslaget frå i går overnatta og var i dag klare for ein ny innsats.  Ongane var knallklar for å kose seg saman med Mormor.
 
På kvelden i går finregna vi om vi ville få nok beis til å dekke også eit soverom med same farge som loftstova og gangen. Om vi ikkje har regna heilt feil så skulle det holde. Vi har iallefall begynt å legge panel på hovudsoverommet, så håpar vi ikkje har regna feil på kvadratmeterane ;-) (Konsekvensen av å få for lite er ganske stor sida vi benyttar ei spesialmiksa beisblande der vi får minimum 8liter beis.. Kan ikkje mangle litt då...)
 
Badet har blitt lekta for ståande panel. Hovudsoverommet har fått panel på ein del av veggane. 

Uteboda har fått plater (Skal få tapet etterkvart) og lisjesoverommet har delvis fått tak.


Loftet - Manglar berre litt panel i arken.
Vi er godt fornøgd med innsatsen og progresjonen i påska. Fikk gjort mykje og også litt tid til familiekos innimellom. Takka alle som har hjelpt til for innsatsen, enten det er bygging eller barnepass :-)

På ettermiddagen sette vi kursen heimover, slitne etter ei påske med mykje arbeid, mykje friskluft og mykje familiekos. Heilt perfekt :-)

Påska 2013 - Påskeafta

På førmiddagen kom min mamma, pappa, bror (Ivar) og Onkel Ole på påskedugnad. Laurdag var det igjen NYDELIG påskevær. Ongane kosa seg ute i sola og dugnadsinnsatsen gikk på høggir inne i hytta.
Loftstova nesten ferdig med veggpanelen.

Tak - Hovudsoverommet og badet har fått tak

Badet er klart for golvstøyping. Vi har festa gipsplater langs golvet for å kunne feste ei rad med flis opp etter veggen. 
 
Med 4 voksne (pluss meg på deltid) i sving med hyttebygginga vart det gjort mykje på ein dag. Når kvelden kom hadde vi bestilt bord på Bjorligaard hotell for ein bedre middag. 3-retters med Spekeskinke, Påskelam og Sjokolademouse vart ei hærleg avslutning på ein effektiv dag :)  

fredag 29. mars 2013

Påska 2013 - Langfredag

Ny dag med strålande sol frå ein skyfri himmel. Påskestemning på høgt nivå.

Ei vanleg oppgåve ved hyttebygging - Flytting av matereale få eit rom til eit anna.


Er det berre hærlegt!?


Loftstova, med kottluke ut på kryploftet


Isolasjon i deleveggane


Grilling av pølser til lunch


Far og son inntek skiløypa for ein ettermiddagstur.

I hytta har vi komt godt i gong med loftstova. Beismiksen til Roger Samdal tek ser utruleg fint ut! Føler vi tok eit godt valg der. Einaste minuset er at sida vi beiser før vi tek opp panlen, i frykt for krympestriper, blir det litt ventetid. Lady Inteiørbeis har tørketid på 5t, med begrensa lagringsplass til ferdigbeisa panel blir det litt tid til overs å vente på at beisen skal tørke, men det er igrunn perfekt for påske, då kan vi nyte sola litt med god samvittigheit :)

Kjem litt fleire bilder frå progresjonen i hytta i morga. Desverre blir det berre slike små bilder sida eg må laste dei opp frå mobilen. Lovar å lage ei oppsummering når vi kjem heim frå påske"ferie" med fullstørrelsebilder.

Påska 2013 - Skjærtorsdag

Endelig kom påska med alle friagane som vi har venta på. Mange fridagar dedikert til hyttebygging og påskekos.
Torsdag morgon sette vi kursen mot Bjorli. Foreldra til Eirik var med og skulle bo på hotell til fredag. Kjekt med gode hjelpara når vi skal kombinere hyttebygging med familiekos.

Eg, svigermor og ongane var ute å kosa oss i nydelig påskevær mens Eirik og svigerfar var hyttebyggara. 


Mykje folk i skitrekket


Deilig med ein trilletur i sola


Mykje folk og mange opne butikkar i Vetlegrenda


Vart godt og varmt i solveggen


Fikk rydda oss ein solkrok, her må vi definitivt legge ein platting :)
Inne har det våre fokus på tak. Taket i frambygget på stova er ferdig, i tillegg har badet fått tak. 

Då ongane var komne i seng fikk eg sette meg til å mixe beisblanding til loftet og gangen. Såg litt skummel ut i spanna, og vart litt usikker då eg tok første fjøla, men når det tørka vart resultatet utruleg bra :) Perfekt farge!

  
Ferdig beisa panel til loftstova




Vi har hatt ein flott påskedag :) Familiekos og hyttebygging i fin kombinasjon :)

søndag 24. mars 2013

Nermar seg påskeferie

Eirik hadde fri på fredag og tok seg ein tur aleine på hytta. Sida vi skal i eit familieselskap i dag vart det at han kom heim etter ei overnatting. Effektiv som han er får han gjort mykje på to dagar.

Planen for reisa var å få ferdigstilt taket på loftet. Der var det berre arken oppover som sto att, og for folk uten så altfor mykje snikkarerfaring få før, vart det litt tenking og prøving før vinklane satt som dei skulle.

Arken på loftet - Taket er på plass på heile loftet.
(Bilde frå mobilen til Eirik, som de ser er den moden for utskifting)


Tak på loft - Ferdig: Check!

Vidare starta han på taket i frambygget på stova.

Tak i frambyggetpå stova
Gikk også med litt tid til å prøve å få vatnet tilbake i hytta, men det er fortsatt fryst... Håpar vi får det til i starten av påska, blir tungvindt på camping/hyttetur uten vatn. MEN alt går, rart alt man finn seg i når målet er så flott og fint, ei ferdig hytte :)

Eirik har også fått rydda eit soverom nede, slik at det er klart for å starte med panel på tak og veggar der i påska. Eg har fått hasteoppdrag med å finne farge.. og eg slit med å bestemme meg.
Om nokon har tips til fargar tek eg imot med takk :)

Utpå kvelden på fredag var de kø med bilar i alle retningar med påskeklare hytteturistar på vei til hytta si. Virka som påska alt har starta for fuldt på Bjorli iallefall. For vår del blir det tre arbeidsdagar før vi setter kursen mot hytta på torsdag.
Blir nok ei påske med god blanding av snikring, solvegg, beis, ski, sol, bygging, tak, veggar, aking, leik og kos :)

I løpet av påska må vi også velge ut kvitevarer til kjøkkenet. Har blitt blada ein del i denne siste tida:

Nokon med erfaringar med AEG kvitevarer? Noko funksjon de absolutt ikkje villa våre foruten på koketoppen og steikeovnen? Erfaring med lydnivå på ventilatorar, oppvaskemaskin og kjøleskap? Eller om de har andre smarte tips de kan dele med oss i valget av kvitevare, så er det berre å kome med dei :)

God påske til dei som har tatt ferie :-)

søndag 17. mars 2013

Ny jobbehelg

Er vel ingen stor overraskelse at vi også denne helga var på hytta ;)

Å være sjølvbyggar innebærer MYKJE arbeid, men det var vi heldigvis klar over før vi starta med hytteprosjektet. Blir lite tid til å være sosiale med omverda uteom jobb. Får satse på vi får ta att det tapte når hytta er ferdig og vi kan invitere med venner og familie på hyttetur :)

Vi brukar alle ledige helgar, og heldigvis har vi nokre utrulig kjekke hjelpara som også stiller opp så godt som kvar helg saman med oss å dreg lasset slik at vi skal kome i mål ein gong i framtida :)

Eirik, Pappa og Onkel Ole reiste oppover laurdag morgon. Når mi mor var ferdig på jobb laurdag kunne også eg få reise på hytta. Pappa og Onkel Ole reiste heim laurdagskveld, og eg og Eirik overnatta til Søndag.


Denne helga har badstua fått veggar og tak.
T.V.. Soverom blir brukt som pauserom. Badstu og bad i bakkant  T.H. Badstua er eit flott lager.

Vi fortsatte å snikre på hemsen. No gjennstår berre litt blå vegg (og sjølvklart lister) så har vi soverom :)

Soverom loft

Hærlige utsikta frå stoveglaset

 
Lady Interiørbeis Drivved og Trestjerner Gulvmatt... Klar til bruk!


søndag 10. mars 2013

Ei kald natt på Bjorli

Av erfaring må vi stå opp i løpet av natta for å slå ned varmen i campingvogna. Vogna har vannboren varme, og med ein liten vifteovn i tillegg, gir det svært god varme etterkvart som sjølve vogna blir tint opp.
I natt vokna eg og følte for å snurpe att soveposen litt ekstra. Når vi sto opp i halv 8 tida var det "berre" 18 grader i vogna. Ikkje iskaldt, men ikkje konfortabelt heller. Ute var det -24 grader, offesielle målingar for natta viser -29 grader på det kaldaste. Ikkje rart det var litt kaldsneke å være campingturist i natt.

Heldigvis kom sola opp og varma litt, men var fortsatt litt for kaldt til at ongane kunne være lenge ute i dag. Kjekt med DVD i campingvogna.

Denne helga har loftet våre i fokus. Panelen som skal opp på veggen på soveromma har fått beis/maling på seg og Eirik har snikra.

Soverom Øst - Panel på eine kneveggen og eit stykke oppover ytterveggen.

Første delevegg på soverom vest

Loftet mot øst - Soverom med kottdør inn mot kryploftet. 10 lengder ferdig mala panel, klar til neste helg.

Loft mot vest - Nesten ferdig soverom, ein delevegg har fått panel, den andre må vente så lenge vi ikkje treng loftslengda for å manuvrere panellengder.  

Dagens middag - Pølser grilla på bålpanna

Ei helg med både sol, leik og hyttebyggingframgong. Litt kjipt å oppdage at krana som hadde vatn forrige helg no var fryst. Det er varmekabel i vannledninga, men tydlegvis noko som ikkje virkar heilt som det skal desverre. Her må vi finne ei løysing, helst så raskt som råd.

lørdag 9. mars 2013

Sol, snø og blåfarge

Ny helg på hytta for vår del. Min far og onkel hadde seg i dag ein dagstur, og eg, Eirik og ongane tek oss ei natt i campingvogna.
I dag har vi hatt nydelig vær, men ganske kaldt. Sola har begynt å varme litt, men må ha på godt med kle for å være ute, kulda bit litt med sine ca minus 8.


Første oppgåve då vi kom fram til hytta var å måke sti i snøven. Det var kome ca 30cm nysnøv sida forrige helg, og sida campingvogna no står i oppkjørselen, får ikkje måkaren pløgd heilt opp, derfor litt ekstra snørydding på oss ved ankomst.


I haugane etter snøryddinga var det kjekt å bygge snøvborg, mange timar gikk med på utforming av borga og oppgradering av våpen.

Eg og Anna Emilie var på ein trilletur i nabolaget. Eit fantastisk vær i dag :)



Skiløypa som går rett nedafor hytta vår.


Vetlegrenda, med butikkar, kaffear og pub. (Dei fleste butikkane var desverre stengde i dag, butikkeigarane har nok hatt opent alle vinterferievekene og trengte nok ein laurdag fri)


Det har ikkje berre våre sol, snø og fritid denne laurdagene. Litt male/beise jobbing har det blitt. Dette er Jotun multicollor Tjernblå som vi har valgt til dei to soveromma på loftet.


Ikkje lett å "fange" rette fargen på bilde, men tok to bilder, virklegheita vart ein mellomting ;)



Eg mala på og strauk av ein del av fargen med ei gamal oppklipt joggebukse. Dette gav ein flott effekt der livet i furupanelen kom godt fram i den blå fargen.

No har roa senka seg i campingvogna, ongane sovna raskt til etter ein dag med mykje frisk luft. Eirik er inne i hytta å snikrar opp siste runde med panel og eg sit å mannar meg opp til å ta ei siste runde med malarkosten (når han er ferdig), før vi skal finne senga for i dag.

Ps. Beklager små bilder, iPhone blogging er ikkje heilt optimalt.

søndag 3. mars 2013

2.mars - arbeidet går vidare

Då vart det ei ny hyttehelg på byggarane vår. Det vart med berre ein dagstur på laurdag denne helga, Eirik, min far og onkel Ole kjørte oppover laurdags morgon som vanlig. Planen var at eg skulle komme oppver laurdagskveld, men dårlege vegar sette ein stoppar for det. Greit å halde seg heime når været er som det er denne helga. 3t aleine i bilen i mørket, på sørpeføre, i snøvkave var ikkje spesielt fristande..
 
Denne helgas innsats er oppsumert i bilda under:
 
Kummen for å slå på vatn til hytta var plassert midt i vegen, under 15cm med knall har is. Med det rette verktøyet (luftmeisell, spade og spett) fikk dei  vekk isen og kunne skru på vatnet. Vi har no altså fått hytte med innlagt vatn :) (vel og merke berre kaldt frå hovudkrana foreløbig)
Er vel på sin plass med ein beklagelse til eventuelle hyttenaboar som måtte høre på duren av ein luftmeisel ein laurdag førmiddag. (Dei få som hadde tatt turen på hytta i det ruskete været )

Røropplegget til sentralstøvsugeren er på plass.

Spottkasser i 1.et er på plass. Totalt vart det 32 spottkasser.

Fytta endeveggen på gangen. Slik den var teikna inn kom døra til bad og hovudsoverom heilt inn i endeveggen, det var derfor ikkje plass til dørlister på den sida som gitt mot endevegg. Ved å flytte veggen litt får vi både plass til dørlister og kan henge opp noko på veggen uten at det kjem framfor dørene.
I veka som var har også rørleggar våre på hytta å laga klar slukane, så no skulle det ikkje være noko hindringar for å starte støyping av golv der det skal være støyp.