tirsdag 18. februar 2014

Varmestyring

Å sitte i fosterstillign under et ullpledd første kvelden på hytta har sin sjarm, men det var ikkje det vi såg for oss då vi forma vår hyttedraum. 
Det er med gode minner eg hugsar tilbake til besøka på hytta til besteforeldra mine, uten straum og innlagt vatn, om vinteren var hytta beinfryst til longt på natt annkomstdagen. Det hadde sin sjarm, og er eit minne eg har lagra blandt mine gode barndomsminne, men der skal dei få lov å holde seg ;)

Vi har no fått på plass vårt "ring hytta varm" system :) Det har ikkje våre så verst å kome til hytta når den var på 13 grader, med varmeovnar på fullt og fyr i peisen vart det varmt i løpet av kvelden. 
Derimot så tek vi hytta no ned til 10grader når vi ikkje er der. (Lavare tempratur er forhåpentligvis pengar spart på straumregninga) Til helga går temperaturen opp til passe oppholdstempraturar til vi kjem inn hyttedøra. 

Det var mange ulike løysingar å velje mellom, frå dei heilt enkle til meir avanserte smarthus-løysingar. 
Vår løysing er nok meir smarthus enn enkel, men håpar at vi i det longe løp kan spare nokre kroner på straumregninga, være sikra perfekt varm hytte ved ankomst og vi har fått oss ein fancy duppeditt (kjekt for dei duppedittgalne).

Vi valgte MicroTemp varmestyring frå Micro-Matic. På alle varmeovnar og varmekabeltermostatar sit ein sendar i termostaten, den kan dermed styrast. Vi kan stille inn døgnet i fire tempratursoner, natt, morgon, dag og kveld sju dagar i veka. 
Termostatane kan styrast lokalt på kvar enkelt rom, frå mastertermostaten eller frå mobiltelefonen/pc/iPad. 
I normal drift står den på Auto og lever sit eget liv, men om vi ikkje skal på hytta ei helg eller skal på hytta utover det normale helgeoppholdet set vi inn endringa enkelt via appen.


Sjølve instaleringa er nok forbeholdt elektrikaren/elektroinstalatøren eller den spesielt interesserte, men brukarsnittet er lett å forstå seg på. Detaljstyringa av romma er god, senking av temperaturen på natta, varmt på badegolvet på morgonen og ikkje unødig varme på rom når vi ikkje oppheld oss der. I tillegg er det kjekt å kunne følge den faktiske temperaturen i dei ulike romma både når vi er på hytta, men særlig heimafrå. 

No er vi i ei innkjøringsfase, prøva oss fram til dei ideelle tempraturane, både når vi er på hytta (dag og natt) og når vi ikkje er tilstades. Kva kjennast mest behagelig ut, kva er mest økonomisk ;)


Om nokon har tips til kva som er dei ideelle temperaturane så setter vi pris på tips. Både for komfort og økonomi :) Legg att ein kommentar eller send oss ein epost.