Denne helga var eg, Karoline, i Oslo for å delta i lag med jobben i Holmenkollstafetten. Småtrolla var plassert med mormor og morfar, og Eirik reiste på hytta klar for ei hektisk helg med flislegging.
No er golva i alle rom på plass i annekset (utenom hemsen, der er berre sponplater enda). Vi mangla holsag, så fikk ikkje lagt flisa rundt sluken på badet, men dette blir raskt orden på nestegong.
Vi gjorde det enkelt og valgte like fliser på gang og bad, på "stue"del og soveromma er det furugolv. Planen er å behandle furugolva likt som i hytta, Jotun Lady interiørbeis drivved og tre lag med Trestjerner gulvmatt lakk. Det har igrunn våre overraskande holdbart, må seiast at eg frykta furugolvet skulle hakke seg raskt opp, men det har gått veldig greit (det er fortsatt furugolv, så sjølvklart mjukt og nokre hakk har kome, men ikkje så ille som frykta).
Eirik hadde lange dagar på alle fire med flislegginga, men fikk også nytt middag ute i sola på terassa. Bjorli viste seg frå si beste side. Sjølv om det innimellom var litt kjølig vind, kraup gradestokken opp i tshortetempatur i solveggen.