mandag 25. juni 2012

Byggevogna kjøpt inn

Som dei sjølvbyggarane vi er måtte vi ha ei byggevogn, etter mykje leiting på finn.no fant vi ei vogn som passa våre behov. Håper at vogna klarer å stå i mot kuldegrader og holde oss, og heile dugnadsgjengen, med losji til hytta er klar.
Ein Hobby 600 TQM Prestige 1985mod, med 6 sengeplassar og i flott stand til å være solide 27år gamal har no trilla opp på tunet vårt.
Den har ei dobbelseng framme og ei bak, samt ei etasjeseng ovanfor kjøkkenet. Dette gir 4 seperate køyer, noko som kjem godt med når mange treng overnatting.

I sommar skal vi ta den med på ferie, men etter sommarferien blir den parkert på tomta der den skal huse oss og resten av dugnadsgjengen i tida frammover.




Vogna er langt frå nyaste modell, men mange sengeplassar og godt med varme var viktigare enn ny og moderne. I tillegg måtte prisen være så redusert at den ikkje taper seg noko nevneverdig sjølv om den no skal fungere som byggebrakke. Planen er å få solgt den etter byggeperioda til ein så nær oppimot investert kostnad som mogleg.

Håpar den ste til forventningane vår :)

tirsdag 12. juni 2012

Kontrakt er signert

Då har vi signert kontrakt med Familiehytta og FH-bygg. Vi skal sette opp Osensjøen med litt endring og eit anneks.
Om alt går etter planen med byggesøknadar og framgong startar sjølve bygginga i august :)

Uti september tek vi over og må gjære ein kjempeinnsats for å få isolert før minusgradene setter inn for fuldt, greit å kunne holde varmen når vi skal jobbe i vinter.




No gler vi oss til den vidare framgongen.

-Karoline-