onsdag 28. mars 2012

Budsjett


Dra meg i håret...
Jobbar på spreng med å hente inn prisar på alt mellom himmel og jord som trengs i prosessen. Tusenlappane flyg meget fort, ikkje alt er like lett å finne nøyaktige tal for, så litt tipping må det nok bli..

Postene som skal budsjetterast er:
- kommunale avgifter
- arkitekt
- graving og tomtopparbeiding
- støyping av plate
- byggesett
- omn og pipe
- snikkarhjelp
- elektrikar
- rørleggar
- kjøkken
- bad
- maling/oljer/beis ol.
- torv
- byggestraum
- div andre utgifter

Har begynt å få ei viss peiling på budsjettet, men om nokon vil dele sitt budsjett med oss hadde det våre kjekt :) Og om nokon i tillegg vil dele sluttsummen på nokon av postene så hadde vi sett stor pris på det! hadde våre betryggande å vite litt om korleis andre har havna ut økonomisk.
Skriv i kommentarfeltet eller send epost til kaarskog@broadpark.no om du vil dele litt med oss.


- Karoline -

søndag 18. mars 2012

Tidspress

Har begynt å merke tidspresset for å rekke å komme i gong med bygginga i år. Mykje skal på plass før vi kan sette spade i jorda, og mykje tek tid.



Hyttelevrandør må velgast, avtalar må på plass med entrepenør, snekkarar, rørleggarar, elektrikar og andre handverkarar vi treng i prosessen.
Pristilbud må hentast inn og val må tas.
Byggemelding, nabovarslar, reguleringsplanar og anna byrokrati må på plass før vi i det heile kan tenke på hyttekosen.

Planen er å få snikkarhelp til å få hytta tett og ferdig isolert, den er då klar for elektrikar og rørleggar å rykke inn å gjære sitt. Så skal vi ta over med eigeninnsats for å legge vår sjel, frustrasjon og kjærleik i den.
Samstundes som hytta skal opp skal vi også bygge eit anneks på tomta. Det må vi få arkitekttegna så vi får det den størrelse og form vi ønsker. Planen er å få plukkliste utifrå teikningane og bygge annekset frå grunnen av sjølv.
Forhåpentligvis får vi annekset ferdig før vinteren slår inn og kan bo der når vi jobbar på hytta (truleg ein plan det blir vanskleg å halde).

Vi har ei spanande tid i møte. Mykje beslutninger som må tas. Matrealval, fargeval, innredningsval og mykje mykje fleire. Får berre håpe tidsplanen held og at vi får starte eigeninnsatsen på hytta til vinteren <3


- Karoline -

lørdag 10. mars 2012

Har funne vår tomt

I dag var vi på tomtejakt for tredje helga på rad.
Tomtekjøp er ein tid krevande og omstendelig prosess. Mykje som skal vegast for og imot. Tomter der fordelar og bakdelar skal vegast opp mot kvarandre og den BESTE for oss og våre behov skal velgast ut.

Vi har valgt å legge mykje tid i tomtevalget og trur og håpar vi har funne ei tomt vi kjem til å være fornøgde med i mange år frammover :)

Etter mykje tomtekjiking og vurdering av ulike hyttefelt har vi no enda opp med det som starta som ein urealistisk draum og derfor raskt skrinlagt som muligheit, men brått har latt seg realisere.

Vi skal bygge hytte sentralt på Bjorli med ski inn-out :)

Gler meg :)


Under ser dykk litt bilder frå tomta vi har reservert. Gutongen synes det va stor stas å være på tomta.

Desverre litt dårlig vær, men skal være litt utsikt frå tomta :)

Vetlegrenda rett nedom

Flat tomt, relativt lett å opparbeide

Ein stolt gut på hyttetomta for aller første gong