søndag 30. juni 2013

Lys, bad og byggelivet går vidare

Når eg, Eirik og ongane kom opp på hytta fredagskvelden hadde alt min far våre i gong med arbeidet sida tidleg på dag.
Rørleggaren hadde våre der å gjort klart sisternene til toaletta og vi hadde fått spottar, ein del brytara til lys og kontakter hadde kome på plass.

Også i stova/kjøkken falt valget på kvite Sg Junistar Led spottar


Lys i stoveglasa i sommarnatta

Brytara - Elco Pluss - Varmestyringstermostatar frå Micormatic
I siste øyeblikk klarte eg å bestemme meg for sølv brytara med svarte rammer. Problemet med siste liten bestemmelsar er at alt ikkje alltid koordinerar med alt. Derfor er no termostatane til varmekablane kvite fortsatt, litt usikkert om dei berre må være slik, eller om vi får deksel til dei i sølv... Truleg ingen kjempe krise sida det er snakk om på ein i gangen, bada og boda, men vi får sjå kva vi får til.
 
Termostatane er frå Micormatic og er ei type "ring hytta varm" løysing. Kan skrive meir om denne etterkvart som eg lærer meir, men i all hovudsak skal vi kunne styre tempraturane via mobiltelefonen og systemet har ganske mange fuksjonar som kan leggast til ved behov. Det skal være svært energieffektivt og muligheiter for å stille inn mange ulike tempratur soner og progtam. Type eit trykk og alle varmekilder går i "avreise" modus når vi forlet hytta osv.
 
Test av utelampar - Sg Metro Led - Ikkje så lett å teste utelys i sommarnatta, og at hytta enda ikkje er malt gir ikkje heilt rette bildet, men vi fikk iallefall danna oss eit inntrykk.
Sida rørleggaren hadde våre innom å montert sisternene til toaletta kunne vi no starte der. Har eit lite håp om å få bytte ut Portapottien i campingvogna med ein litt meir normal do inne i hytta til sommarfeien startar (Berre tre helgar att å jobbe på.. vi håpar at det går :))
 
Lisjedo - Kassa ferdig bygd og membranen er klar. I tillegg la eg på eit lag med Trestjerner Gulvmatt på veggane slik at dei skal tåle vask og vattensprut bedre. (Var ikkje lett å bruke golvlakk på veggen sida den var litt for tyntflytande, men eg var litt ekstra oppmerksom på drypp og søl så gikk det bra. Var nok Sunnmøringen i meg som tenkte det var best å berre bruke den lakken eg alt hadde enn å kjøpe ein ny kun for dette.) 
På badet kom vi ikkje like longt denne helga, men doet vart iallefall innkapsla i kassa.. Her må vi no berre finne litt inspirasjon til valg av fargar og matereale.
I tillegg til lys og bad har vi også fått fullført den siste veggen inne på det største soverommet og starta på brannvegg og underlag der ovnen skal stå.
 
Hovudsoverommet og plassen til peis/ovnen - Veggen mellom stove og soverom er no tett.
Har hatt mykje framgong denne helga, men også fått tid til å kose oss litt. Med to små med på byggeprosessen krever det litt underhaldning og avbrekk i bygginga. Heldigvis har dei godt selskap i kvarandre og er flinke å finne på ting i lag, det kjem godt med når mamma og pappa bygger hytte :)

Pølsegrilling, jordbær med vaniljesaus og gode hjelpara.

 

lørdag 29. juni 2013

Campingvogna selges

Etterkvart som hytta blir meir og meir ferdig har behovet for stor plass i campingvogna blitt redusert. Min onkel har latt oss låne campingbilen sin slik at vi skal få selge campingvogna i sommar (tippa den er lettare å selge no når det er sessong enn til hausten/vinteren).

Vogna har fungert veldig godt og har eit overraskande godt varmesystem (vannborenvarme). 
Om nokon har behov for ei vogn utover hausten og vinteren er dette absolutt ei kjekk vogn :) 
Vi har testa den på det kaldeste på minus 30, då holdt den 12 grader gjennom natta. Noko som var heilt ok, når dagen kom gikk ute tempen litt opp og vi fikk fin temp inne i vogna igjen :) 
Vogna er ei Hobby 600 QTM prestige 1985 modell med 6sengeplassar. 

Selges for 25.000,- berre ta kontakt om nokon er interessert. Epost: Hyttedraumen@gmail.com








søndag 23. juni 2013

Tak: Fullført!

Denne helga reiste min far oppover fredag morgon for å starte arbeidet. Dei to små skulle få være med foreldra til Eirik frå fredag til søndag. Etter jobb sette derfor eg og Eirik kursen mot Bjorli.
Vi fikk ei svært produktiv helg med stor framgong.

Loftet har fått spottar i taket. Sg Junistar Led i kvitt 

Gangen nede har også fått spottar

Taket på stova og kjøkkenet har tatt mykje tid denne helga
Denne helga sette vi opp den siste panelen i taket. No har heile hytta fått tak :) Absolutt ein hærleg milepel. Det tunge arbeidet med armane høgt til vers er fullført :)

søndag 16. juni 2013

Nok ei byggehelg fullført

Dette var ei helg der vi satt att med følelsen av å ikkje ha fått gjort noko særlig, men etter å ha oppsummert har vi vist fått gjort ein del denne helga også.
Eg, Eirik og ongane reiste oppover fredag etter jobb, sletne etter ei innhaldsfull veke vart det ein roleg kveld på oss. Laurdag fikk vi selskap av min far og Onkel Ole.
 
Kveldsroa har senka seg på Bjorli ein fredagkveld

Laurdags morgong klar til ny innsats på hytta - Bilde ut at stoveglasa

Nokre delar av hytta er lenger komne enn andre.

Kjekt å få være Pappa sin hjelpar

Dagane kan ikkje berre bestå av hyttebygging når man er heile familien på tur - Her på ein tur i nabohyttefeltet Kongleberget.
Boda har fått flis eit lite stykke oppetter veggen og blitt fuga. No er her klart for varmtvannstank, sentralstøvsugar, hyller og div. til oppbevaring. I tillegg fikk vi sett inn ventil.

Rundt hytta er rydda, alle matrealrestar er kappa opp og putta i sekkar (Takk til min Onkel Ole for innsatsen), no ser det rett flott ut på tomta.

Loftet er nesten ferdig, berre litt panel rundt vindauget att før vi er i mål..

Denne helga har det våre mange småprosjekt og delprosjekt på gong. Dei to små har våre gode hjelpara og sjølv om vi ikkje følte den heilt store progresjonen er vi godt nøgde med nok ei vel gjennomført helg :)

søndag 9. juni 2013

bod og gang

Denne helga var Eirik på soloferd til Bjorli, eg og ongane var att heime. Været der oppe var ganske pjusk og skodda låg lavt. 
 
 
Først på planen sto legging av flis på golvet på boda.
 
 
Etterpå gikk det ein del tid på å få vegg i 1. og 2. erasje å møtes korrekt i panellinjene, eller iallefall møtast på ein fin måte. 

Tilslutt skulle opninga mellom gang og stove klargjerast. Her kjem ei dobbel skyvedør slik at vi kan stenge av om vi skulle få behov/ønske om det.
 Ei ny produktiv helg på hytta er gjennomført, det skrid stadigframmover, mykje står at å gjære, men vi kjem litt nermare målet for kvar gong :)

søndag 2. juni 2013

Panel i gangen

Denne helga er det stort sett vêret som på bildet under vi har hatt på hytta. Lavt skydekke og øs, pøs regn. Vi har holdt oss mest inne, med unntak av ein liten tur ut for å sjå etter kuene som hadde inntatt skiløypene. Kroppar på 6 og 2 år er ikkje laga for å være inne ein heil dag og måtte ut å gå ut litt energi.
 
Lavt skydekke og regn
 
Med full aktivitet på leikerommet fikk eg og Eirik jobba effektivt denne helga. Gangen fikk mykje panel på veggane.
Kjempe kjekt å få føle på romfølelsen, og ikkje minst hyttefølelsen, no når fleire og fleire veggar har kome på plass.
 
Gangen - Manglar øverste panelrada, men den må kløyvast på langs og då må vi kunne stå ute med saga... Satse på oppholdsvêr neste helg :)
 Tilslutt eit lite stemningsbilde frå laurdagskosen på hyttedraumen. helgegodis, beis og saging i perfekt harmoni :)
 
 


lørdag 1. juni 2013

Barnevennlig sjølvbyggartilværelse

Mange valg må tas så vi kjem vidare i arbeidet. Måtte finne fliser til boda så der blei klart for bl.a varmtvannsberederen. Var innom flisekompaniet i dag på veg til hytta og der fant vi nokre heilt enkle lys grå fliser på tilbud, heilt perfekt :)

Fant også bruddskifer til 50%rabatt til å ha under peisen/ovnen! No treng vi berre å finne ut kva vi skal ha på veggen, bak ovnen... Ho mor er i tenkeboksa...

Bruddskiferheller

Denne helga er det eg, Eirik og dei to små som er på hytta. Det lisje soverommet nede som har fått golv har no fått tittelen barnerommet. Dei to små har der installert seg med leiker, DVD og no på kvelden soveposar. 
Hyttebygging på sjølvbyggarnivå med små barn kan være ei utfordring. Hittil har vi våre mykje ute med dei, men denne helga regna det heftig, så då var det godt med eit "ferdig" rom som kunne gjerast litt barnevennleg. 

Veldig praktisk for mammaen og pappaen som kan jobbe begge to på hytta sjølv om arvingene har lagt seg. (Igrunn overraskande kor mykje bråk dei små kan sove seg gjennom... ;) Her går det i både saging og hamring.)

I dag har vi hatt primer på bad og bodgolv, og starta på panelen på gangen. 
Det er surt vær ute så vi måtte rydde plass til saga inne i hytta igjenn, nybeisa panel tålte ikkje regndråpa spesielt godt.
Saga har fått plass på stova

Gangen får panel - lik farge som loftstova 

No skal vi jobbe litt vidare på gangen før vi plukker med oss dei små ut i campingvogna. Ha ein fin laurdag vidare alle sammen :)