I dag kom det svart på kvitt, tiltaket er godkjent. Eg er utnevnt som tiltakshavar og det tyngande ansvaret for renovasjon og sikkerhet vart då lagt på meg. Flaks for Lesja Kommune at eg har HMS papira i orden. Med både brannvernkurs, HMS kurs og fleire år som verneombod på jobben kunne nok ikkje Lesja kommune ha valgt ein meir passande person *stort blinkesmilefjes*
Annekset er godkjent som uthus (bod), etterkvart startar ein prosess med å søke dispensasjon frå reguleringsplanen og bruksendring slik at vi kan bo også der, altså frå uthus til anneks. Er ei anna hytte i området som har fått dispensasjon, så håpar det er mulig også for oss.
Snakka i dag også med grunnentrepenøren og han bekrefta at gravinga er i rute, fredag (i morgon) flyttast truleg gravemaskina opp på tomta og mandag er det klart for å starte arbeidet. Kryssar fingrane for at tomta lett let seg opparbeide (noko den skulle være) og at vi endar på budsjett eller aller helst i pluss på denne posten, spennande dagar i vente.
- Karoline -
Viser innlegg med etiketten Byggesøknad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Byggesøknad. Vis alle innlegg
torsdag 16. august 2012
mandag 30. juli 2012
Ting er på gli mot ei ordning :)
Då har tankane jobba på høggir i helga. Ulike løysingar har våre vurdert, men vi har konkludert med at hytta var ideell slik den var tenkt. Anneks hadde våre kjempekjekt, men der må vi søke dispensasjonssøknad, så det tek vi att til neste år.
Uten annekset er vi avhengige av eit ekstra do i hytta og har ofra litt areal frå eine soverommet for å få plass til dette. Trur dette blir ei god løysing.
Nye planteikningar ser derfor slik ut for 1.et:
Takk til Familiehytta for kjappe vendingar i dag og nye papir vart sendt kommuna for uttale og vurdering alt før lunsj. Takk også til kommuna for å sette av tid til saka vår og alle telefonene frå meg, slikt set vi stor pris på!
Til slutt ei takk til dei som har kommentert her på bloggen, gode innspel set vi pris på og har våre til hjelp i prosessen.
Ting ser no ut til å ordne seg :) *phu*
(men eg heisar ikkje flagget til topps før eg sit med godkjenninga i handa da ;) )

torsdag 26. juli 2012
Ja som overskrifta seier så gikk vi på eit avslag i dag. På byggesøknaden :/
Liten detalj i planbestemmelsen for vårt felt, det er berre lov med hytte og uthus, ikkje hytte og anneks.
I min forståelse var anneks og uthus det samme og eg hadde ikkje tenkt dette som ei problemstilling..
For kommuna var ikkje anneks og uthus det samme, så då vart det avslag, eller tilsidesetting av søknaden er vel meir rett, då den ikkje er ferdig behandla, men kommentert og vi kan gjære endringar å sende inn.
Kva gjære vi no? Heile tanken var å kombinere hytte med annekset, uten anneks har vi brått berre eit bad, noko som kan bli knapt når gjengen skal stelle seg. Vi får ferre soverom enn planlagt og hytta kan dermed ikkje huse så mange nære og kjære som håpa.
Alle planane falt litt i grus her hos oss og vi må starte tankeprosessane på nytt.
Har i dag blada gjennom planteikningar etter gode erstattara, men akkurat i dag virka ingen løysing så god som den vi hadde. Kanskje i morgon ser alt litt lysare ut.
Vi skal nok finne ei god løysing, tenke heilt nytt eller ta bort annekset og fortsatt bygge den hytta vi har blitt så glade i... Vi går i tenkeboksa, hyttebyggarlivet skal iallefall ikkje være enkelt....!
Abonner på:
Innlegg (Atom)