I dag har vi hatt siste innsats på hytta for påska. Veldig kjekt å få så mange hyttebyggingsarbeidsdagar på rad. Vi har hatt mange gode hjelpara også i dag, dugnadslaget frå i går overnatta og var i dag klare for ein ny innsats. Ongane var knallklar for å kose seg saman med Mormor.
På kvelden i går finregna vi om vi ville få nok beis til å dekke også eit soverom med same farge som loftstova og gangen. Om vi ikkje har regna heilt feil så skulle det holde. Vi har iallefall begynt å legge panel på hovudsoverommet, så håpar vi ikkje har regna feil på kvadratmeterane ;-) (Konsekvensen av å få for lite er ganske stor sida vi benyttar ei spesialmiksa beisblande der vi får minimum 8liter beis.. Kan ikkje mangle litt då...)
Badet har blitt lekta for ståande panel. Hovudsoverommet har fått panel på ein del av veggane. |
Uteboda har fått plater (Skal få tapet etterkvart) og lisjesoverommet har delvis fått tak. |
Loftet - Manglar berre litt panel i arken. |
På ettermiddagen sette vi kursen heimover, slitne etter ei påske med mykje arbeid, mykje friskluft og mykje familiekos. Heilt perfekt :-)