mandag 28. januar 2013

Familiehytta ordnar ut :)

Som nevnt i sist blogginnlegg gikk vi tom for lekter på laurdag. På kvelden sendte eg epost til Familiehytta å forklarte problemet, alt før lunsj i dag hadde Familiehytta ordna ut og meir lekter blir levert til helga.

Svært rask og god kundeservice frå Familiehytta si side :)



søndag 27. januar 2013

Endelig tilbake på hytta

Sist helg var vi opptatt med andre utskeiielsar, så sjølv om lengselen til å få jobbe med hytta var stor, måtte vi ta ei helg "fri".
Denne helga var det igjenn tid for hyttebygging, eg skulle få mi første helg på hytta på lenge :) Kjekt å få kome opp å sjå kor fint det går og kor bra det blir <3


Trollveggen i Romsdalen


Trollveggen i Romsdalen. Morgonsola skein på vegen opp mot hytta

Det er veldig kaldt på Bjorli (-23 fredag), så for å unngå overnatting i campingvogna reiste vi oppover tidlig laurdagsmorgon. Kl 1015 var eg, Eirik, min far og min onkel Ole klare i termodressane til ein effektiv arbeidsdag.

Vi fikk på siste delen med dampsperre og kunne fyre opp varmen frå byggvarmaren.
Isolasjonen i hytta gjorde virkelig jobben sin, varmetapet er alt no minimalt og det gikk ikkje lenge før varme ytterkle var overflødig inne i hytta.


Loftet er klart for panel
1. et ferdig med fuktsperre og delvis ferdig lektet.

Vi fikk festa på lekter i nesten heile 1. etasje før vi plutseleg ikkje hadde meir. Epost er alt sendt til Familiehytta, så har god tru på at vi til neste helg kan fortsette arbeidet med lektinga.

Det var NYDELIG vær på Bjorli denne helga og eg måtte ta turen ut å ta nokre skrytebilder av hytta ;-)











Tomme for lekter var det berre å gå vidare å starte på den første deleveggen i 1.etasje. Deleveggen kom relativt kjapt opp, Pre-cut lengder hadde nok sine fordelar.

Stor borremaskin og ekspressspiker festa den første deleveggen

Byggeteamet frå FH-Bygg bærte inn materealet som skal inn i hytta etterkvart for oss før dei avslutta arbeidet. Skal tru om det var tilfeldig at deleveggen akkurat fikk plass?

 


Eit soverom til høgre og kjøkkenkroken bak "veggen" til venstre

Utpå kvelden sette vi kursen heimover, 4 sletne arbeidara godt fornøgde med helgas/dagens innsats og progresjon.

søndag 13. januar 2013

Helg igjenn

Det har blitt standaren for helga her i familien at vi prøva å bruke den på hyttebygging. Enten begge eller iallefall Eirik og gode hjelpara.

I helga skulle Eirik, min far og min onkel ha dugnadshelg igjenn, men det vart med den eine dagen, sjukdom korta ned helga.

Heldigvis, fikk dei gjort mykje den dagen dei fikk jobba :-) Store deler av første etasje har no også fått lekter og boksar til spottane er på plass.
Nermar seg no tid for deleveggane, kjenner det blir spennande å få kjenne på romfølelsen :-)

Under er eit lite bilde frå helgas framgong:



Her kjem veggar til bad om ikkje lenge :-)

lørdag 12. januar 2013

Stemingsbilde

Eit lite steminingbilde frå hytta i kveld. Vi har fått utelys over inngangspartiet :-)

Eirik, min far og min Onkel er på hytta å jobbar også denne helga, regnar med det dukkar opp litt fleire bilder utover helga.  


Lys over inngongsdøra


Sentralstøvsugar

Etter gode innspel på bloggen og råd frå kjentfolk, har vi gått for sentralstøvsugar på hytta. Etter litt leiting fann vi ein med grei sugekraft og som samtidig var lite plasskrevande. Budplassen er det ikkje mykje av på hytta, så greit med ein lite plasskrevande sugesentral.

Etter mykje vurdering gikk vi for Cyclo Vac GS-111. Eit sugepunkt på loftet og eit i gangen, i tillegg feieluke på kjøkken for å sleppe å drage fram støvsugarslangen for smulane på kjøkkengolvet, berre å koste dei inn i sugesprekken (virka veldig praktisk ;-) )

Eit par dagar etter bestilling kom den i posten frå www.sentralstovsugerbutikken.no akkurat tidsnok for at Eirik kunne ta med rørpakken opp på hytta denne helga :-)

Kjøpte komplett pakke

Sugeluke/sugelist på køkkenet

Bilda over er lånete frå nettbutikken.


 Var ikkje lett å skulle samanligne støvsugarane, vanskleg å vite kva vi treng av Power og kapasitet på ei hytte, men med "Fornøgd eller pengene tilbake- garanti" så kan det egentlig ikkje slå feil :-)
Denne hadde gjort det godt på ein test på sugekraft og var anbefalt for leiligheiter og små boligar, satsar på den passa godt på hytta.

søndag 6. januar 2013

Nytt hyttebyggeår

Då var det 2013 og eg bør vel nytte anledninga til å helse alle våre lesara godt nyttår :)

Også denne helga har det blitt jobba på hytta, Eirik kjørte opp laurdagsmorgon og fikk to gode arbeidsdagar på hytta.

Loftet fikk lekter og deleveggane mellom soveromma og stova oppe vart sett opp.


Soverom 1

Arken på loftet

Soverom 2