mandag 25. februar 2013

Lisjedo

Vi har hatt ei helg med ei god blanding av familiekos, familiekaos og byggeaktivitet. Vi har i løpet av søndagen fått beisa (eller lakka blir vel rettare sida det er behandla med panellakk ;)) og snikra opp veggane på lisjedo. Ein hærleg gråfarge vart det.
Planen var å få kobla til vatn og få til eit primitivt toalett i løpet av helga, men ting går ikkje alltid heilt etter planen. Vatnet var godt beskytta av eit komlokk med 15cm is over, og vi har enda ikkje lykkast med å skaffe ei gammal toalettskål. Planen er uansett klar for neste helg, då skal det blir vatn!
 
Lisjedo er ikkje store rommet, med sine 80cm i bredda er det nok berre akkurat brett nok,men akkurat held det. Viktigaste er at det yter sin funksjon som gjestetoalett/ ekstra toalett. Det blir innbyggingstoalett på eine veggen og ein liten vask og speil på den andre.
 
Oppe: Lisjedo - Nede: Gangen mot lisjedo, bad, hovudsoverom.
Lisje do - Ei lita hytte i hytta.
Rett fram er eit soverom, i bakkant har vi badstu og hovudbad.

lørdag 23. februar 2013

Familiehelg

Denne helga tok vi med ongane på hytte/campingvogn/bygging tur. I dag har det våre strålande sol og ongane har kosa seg både med små snikker prosjekt og ute i snøven.
For oss voksne er det langt frå like effektiv jobbing med ongane med på slep, men vi har jobba på skift i dag og hadde i tillegg hjelp av våre to faste hjelpara (min far og onkel Ole) så har vi fått gjort ein del også i dag.




Ongane kosa seg ute i snøven. Akebrett og ski om ein annen ;)




Blir aldri lei av utsikta ;)


Loftet har fått tak, no manglar berre vinklingane fram i arken.


Ein smakebit frå lisjedo. (Det er grå panellakk, litt som panelkvitt berre grå ;) Litt vanskleg å få fram fargen på bilet)
Etter mykje fram og tilbake fikk eg endeleg ein malerbutikk til å selge meg det eg var på jakt etter. Malar Olav (Fargerike Ørsta) kunne levere varene :) Typisk at det eg såg for meg på veggane på badet ikkje skulle eksistere og måtte mixast til av gamle fargekoder og en dose god service!
Heldigvis fikk eg det som eg ville og resultatet vart meget bra :)


onsdag 20. februar 2013

Korleis behandle golvet?

Først var eg bestemt på olje, enkelt å få fint, eit strøk pluss påfyll, litt meir vedlikehold enn lakk, men i følge olje produsent skal det vere bra og enkelt. Mjukt og matt utsjånad.

Men eg har ikkje klart å finne ein farge som var akkurat slik eg ville ha den. Når oljen tørka følte eg at den fikk eit grønn skjær og vart aldri slik eg ville ha den.

Har derfor gått over til å vurdere beis og trestjerner gulvmatt.

Nokon med erfaring?
Mulig å bruke Lady Interiørbeis med trestjerner gulvmatt over, kor mange strøk bør vi ta med trestjerner? Berre å dele gode og vonde opplevelsar, kva vi må passe på og kva vi må huske å tenke på.


Eit par bilder med Lady interiørbeis drivved på golv.

Stue - Tak, vegg, Golv


Gang/loftstove - Tak, vegg, Golv
 

tirsdag 19. februar 2013

Testing Testing - Fargeprøver

Den forrige og denne veka har eg våre produktiv på fargeprøve produksjonen. Prøvene på 0,1 liter som eg fikk tilsendt frå Stavanger kom godt med og eg har fått malt opp og sammanligna ulike fargenyansar. I tillegg fikk eg i sommar tilsendt ein del ulike fargar med Golvolje frå Møretyri som no har kome på testplank.

Fargeprøver - Olje frå Møretyri på gulv, Panelhvitt til tak, diverse beisar for vegg. 

Taket har alt fått panlelkvitt med dobbel dose kvit, ein farge som tok seg godt ut. Vidare har vi beslutta å gå for fargen Tjernblå frå Jotun Multicollor på soveromma på loftet. Ein utruleg behagleg farge (mi meining ;-) ).


Tjernblå - Jotun Multicollor

Vegg i gang og loftstove har vi falt for mixen til Roger Samdal.

4 del klar base, 2 del drivved, 1 del hvitkalket og 1 del valnøtt

For golv vurderer vi ein varm grå farge, men er ei stond til vi må ta golvfargevalget enda, så vi frå sjå kva vi endar opp med.

Farge til lisjedo hastar derimot litt meir, går ting etter planen skal panelen der opp til helga!  Eg må ha meg ein tur på malarbutikken imorgon, ser for meg fargen eg vil ha, gjennstår berre å finne og kjøpe den rette nyansen.

søndag 17. februar 2013

beising og bygging

No har eg kome heim til ongane, Eirik er framleis att på Bjorli å jobbar vidare. I morgon kjem ei levering med pipe og ovn, så då måtte vi være tilstades å ta imot.
 
I dag har vi fortsatt med beising og meir legging av tak på lofet. I tillegg har vi fått lagt tak på lisje do. Har prioritet på å få ferdig lisje do slik at dei sanitære forholda skal bli så bra som råd. Vatn, ei gamal doskål og litt veggar, så blir det brukbart. Til no har vi brukt toalettbygget på campingen eller den lokale bensinstasjonen, men blir greit å få til noko i hytta.
 
Med god varme på loftet gikk beising og snikring fort onda. Eg beisa, det tørka på ca 20min og Eirik snikra.

Vi har hatt det godt på Bjorli Vintercamping, men jammen var det praktisk å få flytta vogna opp til hytta. Første natta på eigen grunn var ikkje feil det ;) Praktisk med litt fasilitetar i nærheita, sjølv om det er type camping.

Legg ved litt fleire bilder bilder av campingvogntransporten. Nydelig vær i går, den som hadde hatt tid til ein skitur..!


Etter eg sette kursen heimover i ettermiddag har Eirik jobba vidare. Vi har no to soverom med tak, eit bad og halve loftstova.

Planlegginga av fargeval går frammover. Har fått tilsendt fargeprøver frå Stavanger. Birger Vormestrand AS var einaste forhandlar eg kom over som laga 1dl fargeprøver, ein tidligare kollega henta prøvene og sendte dei til meg i posten. Uti veka må eg nok prøve å få mala litt prøver å bestemme oss for veggfargar til gang, loft og soverom.

lørdag 16. februar 2013

Flytte campingvogn, vatn og beising av takpanel

Denne helga er det svigermor og svigerfar som er barnevakt, og eg og Eirik fikk fare på hytta begge to. Planen for helga var flytting av campingvogna, besøk av rørleggaren (Erik frå Lesja rør) og å starte beising og legging av tak.
I dag laurdag har vi våre så heldige å hatt våre to gode hjelpara med, min far og min onkel, dei hadde dagstur, men eg og Eirik skal overnatte i campingvogna.

Til no har vi hatt campingvogna vår ståande på Bjorli vintercamping ( 2 min med bil frå hytta), men ettersom hytta blir meir og meir ferdig tenkte vi det ville være praktisk å få vogna opp til hytta. Etter at rørleggaren var hos oss i dag har vi no hytta klargjort for vatn på hovudinntaket. Berre å skru på krana nede i gata så har vi kaldevatn ;)

Vi har bekymra oss ein del for korleis vi skulle få campingvogna på plass. Heldigvis fikk vi god hjelp av Edin som driv Bjorli vintercamping til flyttinga av vogna (Særdeles god service!). Med ein god firehjulstrekker, vinsj og 6 voksne klarte vi den knappe svingen og fikk vogna trygt plassert på tunet :)

Eg starta på beising av panel til taket i dag. Vi har valgt panelkvit med dobbel dose kvit.
Den hadde kort tørketid, så eg mala og etterkvart som panelen tørka vart den snikra opp i taket. Når vi gav oss i kveld har vi fått tak på det eine soverommet på hemsen :)







søndag 10. februar 2013

Rydde- og byggelaurdag

Denne helga hadde vi kjekke planar. Eirik og svigerfar skulle reise på hytta laurdagsmorgon og eg, ongane og svigermor skulle reise opp på søndag. Det skulle være sol, ski og hyttekos med fastelavens og morsdag.
Slik vart det ikkje.. Elstemann kom heim frå barnehagen med feber på fredag, planen måtte endrast og det vart innehelg på oss. Helga kunne derimot ikkje gå heilt fri for hyttebygging, så då vart det ein dagstur på Eirik og svigerfar på laurdag.

Denne helga var planen å bygge ferdig stenderverket på dei siste to veggane mellom gang, hovudsoverom og stue. I tillegg skulle dei malingsflekksikre loftsgolvet og flytte ein del panel opp på loftet slik det var klart til å starte behandling av takpanelen. Om dei hadde tid skulle dei starte med litt beising, det siste rakk dei ikkje å starte på.

Deleveggane vart nesten ferdig, siste stenderen på opninga mellom stove og gang måtte vente slik at det skal være mulig å få dei lange panelfjølene ut av stova og opp på loftet.

Dei har stabla om den store materialhaugen inne i stova. Når materealhaugen ikkje lenger nådde taket kunne lyset frå dei store srovevindua sleppe til i hytta. Bildet er tattfrå gangen.

Stova er full av panel, hovudsoverommet fult i isolasjon som skal på veggane, dei andre soveromma er fylt opp med dører, utforingar og verktøy. Her er det nok berre å stå på så man får rydda fram hytta litt etter litt.

Ein del panel er flytta opp på loftet, klart for beising.

Neste helg blir det å starte på beising av takpanelet til loftet og forhåpentligvis får vi både beisa litt og spikra opp nokre lengder. Håper at vi held oss friske alle mann og kan starte beisinga med friskt mot, det er MANGE meter med panel som må behandlast før vi er i mål.

fredag 8. februar 2013

Nye bilder, Liberon Gotisk Patina

Var ikkje lett å få til bilder der fargen kom godt fram slik den er i virklegheita, men dette var nok det beste eg klarer. Ganske nært virklegheita iallefall :-)

Den eine fjøla (t.v.) har eg pussa litt med fin stålull, den andre (t.h.) er malt rett på uten forbehandling.
Personleg klarer eg ikkje sjå noko forskjell, rundtømmerpanelen vi skal bruke er nok ganske mottakleg for voksen, så pussing er tydlegvis ikkje nødvendig.

Gotisk Patina - Stjernene markerer 1 del Gotisk Patina og 3 deler klar voks.

torsdag 7. februar 2013

Fargetest Gotisk Patina

Liberon Gotisk Patina - Fargeprøve

I jakta på dei perfekte fargane har vi falt for Gotisk Patina fra Liberon. Det er ein mørk brun voks som man tynnar ut med klarvoks til ønska fargenyanse er funnen.

Eg laga opp små blandingar i plastglas, og for å sleppe å "kaste vekk" fire malarkostar på testen smurte eg fargen på med ein lite obserberande tørkerull. Det fungerte overraskande bra
Var litt utfordrande å få nøyaktig mengde, så vi må ta eit teststrøk før vi maler hytteveggen, men testinga i kveld har ført oss til eit val av farge på stova :-)

4 ulike blandingar i plastbeger, blitsen gjære at fargeprøvene her ikkje får "rett" farge.



Det var ikkje store forslkellar på 2, 3 og 4 delar klar, men om man ser godt etter kan man sjå ein liten nyanse forskjell.

Vi står mellom 2 eller 3 delar klar, muligens 3 delar klar og heller ta eit ekstra strøk om vi føler det vart for lyst. Er verre å angre oss om det enda opp mørkare enn vi set pris på.

søndag 3. februar 2013

Deleveggar på plass

Då var helgas innsats på hytta avslutta. Forutenom deleveggen mellom hovudsoverommet og inn til stova, har alle deleveggane kome opp.
Det er no klart for rørleggaren å kome å plasere ut koblingane sine og vannsystemet. Det elektriske er klart på loftet, dvs at loftet no er klart for panel!! WOW!!! ;) I 1 etasje har det elektriske starta, men ein del står att.
 
Bad med ei lita badstu innerst.

Soverom og lisjedo til venstre. I bakkant er badet med badstu.

Mykje veggar... Det var no ei utfordring å få flytte rundt på ting inne i hytta. Skal bli bra når vi får brukt ein del av panelen og får rydda litt plass.


Soverom til venstre, lisjedo i midten og gang til høgre. I bakkant har vi hovudsoveromet til høgre, bad i midten og bastru til venstre.

No kryssar vi fingrane for at rørleggar har tid til oss om ikkje lenge :) Eg har også fått heim ein del av panelen slik at eg kan laga fargeprøve. Hastar med fargebeslutningar no ;)

lørdag 2. februar 2013

Eit lite tilbakeblikk til sist helg

Fikk nokre bilder frå hytta tatt sist helg av min Onkel som eg ville dele med omverda :)

Denne helga er eg heime med ongane, men Eirik har fått med seg to hjelpara opp til hytta, min far og Onkel Ole. Raportane seier at dei har måtte måke mykje snøv og det dalar ned ny i store mengder. Planen deira er å gjære ferdig lektinga av veggar og tak og fortsette på deleveggane. Meir lekter var levert og byggeprosessen går smertefritt vidare.


Inngangspartiet og utsikt. På bilde nede viser den delen av tomta der annekset kjem og i framkant skal vi lage eit lite uteområde.


Loftet - Eit soverom i kvar ende og stova i midten.




Stova - Her blir det IDYLL!! <3