Endeleg har eg (Karoline) også fått gjort ein innsats på hytta. Barna fikk være hos mormor og morfar frå fredag til søndag og eg og Eirik har fått stått på i to dagar.
Vi starta på fredagskvelden med å få satt på litt varme i hytta, med ti kalde ute og ca like kaldt inne var det nødvendig å få opp tempraturen skulle vi kunne jobbe der.
Heldigvis har vi kjøpt campingvogn med svært godt varmeanlegg og der vart fort god tempratur i campingvogna. Merkar godt at vi har ei camingvogn beregna på norsk vinter, vannboren varme er gull verd når det er minusgrader ute.
Tross godt og varmt i vogna var det nokre voldsomme vindkast som reiv og gynga godt i vogna heile natta. Det vart det ei natt med svært lite søvn og ingen super start på helga.
Tross dårlig søvn var arbeidsinnsatsen på topp. Laurdag fikk vi isolert etasjeskiljet og sett påplass lektene for deleveggane.
|
Etasjeskiljet er isolert og Eirik fikk laga klart for å kunne feste deleveggane i taket. |
Medan Eirik snikra fikk eg litt tid til å rydde og koste. Det var mykje isolasjonsrestar,rusk og rask runt om kring.
|
Mykje isolasjonsrestar måtte samlast opp og det vart rett flott når plata vart kosta skikkeleg |
Laurdagskvelden var tilbrakt i campingvogna med burgermeny frå YX og Kon-Tiki på leigefilm. Det var to trøtte sjeler som tok kveld kl 22.
Vinden hadde heldigvis roa seg på laurdagskvelden, og sjølv om det var eit par kraftige vindkast, vart det ei mykje bedre natt.
Søndagen gikk med til å starte med montering av fuktsperren.
|
Vi fikk starte på dampsperra |
Vi fikk starta på dampsperra. Dampsperra på taket kom på plass og i tillegg fikk vi festa dampsperra i øverste lekta slik at det skal være mulig for Eirik å fortsette når han skal opp i romjula. Vi må då også isolere ferdig over vindauga og døra før vi kan få festa plasten skikkleg.
Vart ei helg med mykje arbeid med armane opp over hovudet. Det var tungt og det blir garantert gongsperre i morgon, men absolutt så verdt det :) Kjekt med slikt arbeid som viser så godt igjen :)