søndag 29. april 2012

Heisann nye lesarar

Heisann alle nye lesarar frå byggehytte.no :)
Så kjekt at så mange vel å ta ein rask kjik innom bloggen vår.

Som de ser så er vi ikkje kome så langt i prosessen, men står no i startgropa til ei svært spennande og lærelsesrik tid. Skulle nokon ønske å dele sine tips, råd og erfaringar med oss set vi STOR pris på innspel, enten i kommentarfeltet her på bloggen eller via epost.

Vi jobbar no med å få tegna annekset/gjestehytta i lik stil som hytta vi har sett oss ut, og innhente tilbud frå ulike levrandørar for å danne oss eit så nøyaktig budsjett som overhode mulig.
Det aller meste er fortsatt på planleggingsstadiet her hos oss, men håpar at i løpet av dei komande månadane å ha landa dei fleste ballane.
Så heng gjerne med for fortsettelsen.

Det blir mykje "leiking" med papirmodellar.

Som denne for å plassere hytta, veg og anneks på tomta.

- Karoline -

søndag 1. april 2012

God påske

Då var påska 2012 i gong og hytteeigarar rundt om i heile Noreg fartar til hyttene sine for ein foråpentligvis avslappende ferie.
Nokre skal legge ein kjempe innsats i sine hytte prosjekt denne påska, mens andre skal kun nyte snøven i skibakkane/skispora og kose seg i solveggen på hytta.

For vår del så blir det heimepåske i år, muligens vår siste?! Hehe
Vi skal på jobb mandag og tirsdag så påskeferien startar først offesielt onsdag, men påskeferiefølelsen er alt på plass i kropen. Vi skal nok jobbe en del med budsjettet og kanskje legge ein liten framdriftsplan i løpet av påska, prøve å finne ut av nokre detaljar.
I tilegg er det godt mulig vi tek oss ein dagstur opp til grasflekken vi har skreve kontrakt på om det blir ein solskinnsdag i løpet av påska. Eg vil sjå tomta i sol og klart vær for å finne ut sikkert kva veg det er best å legge kjøkkenet, soveromma og ikkje minst terassa.

God påske hytteblogglesarar. Håpar det blir høg ski, kvikklunsj, appelsin og solkremfaktor der ute :)


Måtte dele denne kompisgjengen med dokke, produsert av gullongane i barnehagen. GOD PÅSKE :)


- Karoline -