torsdag 16. august 2012

Byggesøknaden er godkjend

I dag kom det svart på kvitt, tiltaket er godkjent. Eg er utnevnt som tiltakshavar og det tyngande ansvaret for renovasjon og sikkerhet vart då lagt på meg. Flaks for Lesja Kommune at eg har HMS papira i orden. Med både brannvernkurs, HMS kurs og fleire år som verneombod på jobben kunne nok ikkje Lesja kommune ha valgt ein meir passande person *stort blinkesmilefjes*

Annekset er godkjent som uthus (bod), etterkvart startar ein prosess med å søke dispensasjon frå reguleringsplanen og bruksendring slik at vi kan bo også der, altså frå uthus til anneks. Er ei anna hytte i området som har fått dispensasjon, så håpar det er mulig også for oss.

Snakka i dag også med grunnentrepenøren og han bekrefta at gravinga er i rute, fredag (i morgon) flyttast truleg gravemaskina opp på tomta og mandag er det klart for å starte arbeidet. Kryssar fingrane for at tomta lett let seg opparbeide (noko den skulle være) og at vi endar på budsjett eller aller helst i pluss på denne posten, spennande dagar i vente.


- Karoline -

2 kommentarer:

  1. Gratulerer!! Nå blir det spennende framover!! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det er no det virkelig setter i gong :)

      Slett