fredag 7. desember 2012

Kjøkkenet tek form

Etter mykje tenking, vurdering og prioriteringar trur vi at vi har kome fram til eit kjøkken vi vil bli fornøgde med og som passa inn i vårt budsjett. Det er funksjonibelt og vil passe godt inn slik vi ser for oss hytta vår.

Valget har falt på eit Nettoline kjøkken teikna av Kjøkken og Interiør AS i Hovdebygda. Kvitevarene tenkte vi prøve å kuppe på romjul- eller januarsalg, satser på vi får spart nokre ekstra kroner då ;)


Vi gikk for ein hestesko. Dette gav oss litt ekstra arbeidsplass på kjøkkenet.


Kvitevarene er berre "demo", vi satsar på nokre gode kupp på januarsalg. Det er teikna inn ein 60cm platetopp, eg har eit ønske om ein noko større variant.. ;) 
 
Har ikkje valgt handtak på dører og skuffer enda, her vil vi avvente til vi får montert opp kjøkkenet å får prøvd oss litt fram, finne nokon som kler hytta.

I halga hadde vi ein plan om å reise på hytta å jobbe vidare, men med nesten 30 minus og ingen varme inne hadde det blitt ein kald fornøyelse. Neste investering blir nok i ein stor og effektiv byggvarmar.

2 kommentarer:

  1. Dette blir et flott og funksjonelt kjøkken, med mye skapplass og stor arbeidsflate! Er nok best å holde seg hjemme når graderstokken nærmer seg 30 blå, ja!

    SvarSlett
    Svar
    1. Har trua på vi har gjort nokre gode valg :) blir spennande å sjå når det er oppmontert (litt langt der framme i framtida ;))

      Slett