søndag 11. november 2012

Dugnad på hytta

Denne helga var Eirik, min far og min onkel på hytta å gjorde dugnadinnsats. Eg var også på Bjorli, men eg var på jentehyttetur for å feire ein 30årsdag. Eg måtte sjølvklart ein snartur oppom hytta å sjå på framgongen og vise den fram for jentene :) 
 
Dei har fått gjort ein del denne helga, Eirik har i mitt fråvær våre fotograf.   

 
Begynt på golvet på kaldloftet. Etter tips frå snikkarane brukar vi resteplater frå taket som golv ute på rafta. Skulle vi i framtida ønske å benytte arealet til lager er golvet alt på plass.
 
Dei laga til opninga til trappa og fikk lagt mykje av furugolvet på loftet.
 
Karane vart nesten ferdig med golvet på loftet. Dei bar opp resten av isolasjonen til loftet og resten av golvplankane. Det gjær det litt lettare å jobbe vidare om man jobbar aleine neste gong. 
 
No kjem det to helgar der vi ikkje får anledning til å jobbe på hytta. Julebordsesongen er i gong og november og desember blir hektiske månadar. Håpar vi iallefall får to effektiv jobbehelg på hytta no i førjulstida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar