Ein Hobby 600 TQM Prestige 1985mod, med 6 sengeplassar og i flott stand til å være solide 27år gamal har no trilla opp på tunet vårt.
Den har ei dobbelseng framme og ei bak, samt ei etasjeseng ovanfor kjøkkenet. Dette gir 4 seperate køyer, noko som kjem godt med når mange treng overnatting.
I sommar skal vi ta den med på ferie, men etter sommarferien blir den parkert på tomta der den skal huse oss og resten av dugnadsgjengen i tida frammover.
Vogna er langt frå nyaste modell, men mange sengeplassar og godt med varme var viktigare enn ny og moderne. I tillegg måtte prisen være så redusert at den ikkje taper seg noko nevneverdig sjølv om den no skal fungere som byggebrakke. Planen er å få solgt den etter byggeperioda til ein så nær oppimot investert kostnad som mogleg.
Håpar den ste til forventningane vår :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar