lørdag 1. desember 2012

Jakta på det perfekte kjøkken....

.....på budsjett.....!

Når man skal kjøpe kjøkken hadde det våre ein fordel å hatt eit ubegrensa byggebudsjett, draumen om det perfekte hyttekjøkken i ekte norsk heiltre kosta desverre ein null meir enn vårt budsjett tillet. Vi må derfor inngå nokre kompromiss med oss sjølve i valg av løysingar, fargar, kvalitetar, benkeplate og profilar.

I dag var planen å reise på hytta å arbeide litt, men det vart kjøkken teikning med påfølgande julegåveshopping i stadenfor. Eit greit og nødvendig bytte, sjølv om vi lengtar etter å jobbe vidare på hytta.

Vi har vingla litt i korleis vi vil kjøkkenet skal sjå ut. Svart eller grå innredning? Benkeplate i heiltre, stein eller anna materiale? Mange gode idear har våre myldra rundt siste tida.
I dag var dagen der for å løfte dei hos ein profesjonell kjøkkenteiknar. Elin hos Kjøkken og Interiør i Hovdebygda losa oss trygt gjennom mylderet av alternativ.

Etter to timar kunne vi seie oss fornøgde og forlate kjøkkenbutikken, med to onga som var tomme av tolmodighet og to voksne som var svært godt nøgde med resultatet.

Vi har bestemt oss for å ha hestesko-kjøkken. Inni hesteskoen vil det ikkje være kjempe stort, men det vil gi mykje ekstra skap og benkeplass, noko som vil være mangelvare uten (ovn, vask, micro, oppvaskmaskin og kjøleskap stjel utruleg med skap og benk plass).

Kjøkken under arbeid! Vart ein heil del endringar etter dette. Ferdige tegningar får vi nok om nokre dagar.

Vi har i fleire mnd vingla mellom svart og grått kjøkken, men etter å fått sammenligna frontane var det den grå som falt mest i smak.


Vi prøvde eit ukjent anntall benkeplater til. Disse passa svært godt begge to, men sida resten av hytta består av ekte furu kan fort laminat plate etterligninga ikkje kome heilt til sin rett. Vi har derfor drista oss til å vurdere ei kvit plate med litt "spraggel" i.
Plata vi vurderer ligg her under den kvite, til sammenligning.

Slik vask vil eg ha!!! Eller iallefall denne stilen. 
 
Ei periode var kjøkkenbutikken spennande å utforske...

... etterkvart vart det to utolmodige onga. Kjøkken og interiør er nok ikkje favorittsyssel på ein laurdag.
Bør vel nevnast at dei begge var sjølvsakt eksemplariske :)

Vi har endt opp med eit moderne kjøkken, grått og kvitt er vel som tatt ut av eit bolig/interiør magasin, men har god trur på at det kjem i fin harmoni med resten av hytta for å skape eit moderne preg på ei ellers ganske tradisjonell furuhytte.
 

4 kommentarer:

  1. Det var kjempefint! Nydelig gråfarge, og benkeplata var også veldig fin!! :-)
    Herlige unger dere har!! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk :) Etter nokre timar med fargeprøver og vurdering av ulike løysingar kom vi fram til eit resultat eg trur vi kan være stolt av og ha stor glede av på hytta. :)

      Slett
  2. Det der likner veldig på vår imaginære kjøkkenløsning! (bare uten den arbeidsbenken ut i rommet, vår stopper 30 cm ut fra komfyren så vidt jeg husker). Vi satser på et solid kjøkkenbord som også kan tjene som arbeidsbenk. Som du skjønner, ingen gourmeter her som satser alt på kokkelering :D......

    Det ser fint ut! Hva er det som er litt til høyre over vasken? Mikro? Kaffemaskin?
    Jeg har fundert veldig på benkeskapet i hjørnet (på min hytte)- jeg liker ikke karuseller, men synes denne til Ikea er genial http://www.ikea.com/no/no/catalog/products/S79854133/. Problemet er bare å få plass til den....

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppe i innredningen er det ein micro ;) Ikkje der gourmethyttematen skal tryllast fram, men med små barn er den ein viktig del av kjøkkenet ;) MEN vi har ei utfordring med dybda på overskapet og str på microane.. Derfor ikkje sikkert vi kan ha den plassert der, vi jobbar med saka ;)
      Vi har hjørnekarusell på kjøkkenet heime, heller ikkje super fornøgd med det. Det er tegna inn ei løysing veldig lik den i linken frå IKEA på hyttekjøkkenet, håpar det er meir brukervennlig :)

      Slett