søndag 30. juni 2013

Lys, bad og byggelivet går vidare

Når eg, Eirik og ongane kom opp på hytta fredagskvelden hadde alt min far våre i gong med arbeidet sida tidleg på dag.
Rørleggaren hadde våre der å gjort klart sisternene til toaletta og vi hadde fått spottar, ein del brytara til lys og kontakter hadde kome på plass.

Også i stova/kjøkken falt valget på kvite Sg Junistar Led spottar


Lys i stoveglasa i sommarnatta

Brytara - Elco Pluss - Varmestyringstermostatar frå Micormatic
I siste øyeblikk klarte eg å bestemme meg for sølv brytara med svarte rammer. Problemet med siste liten bestemmelsar er at alt ikkje alltid koordinerar med alt. Derfor er no termostatane til varmekablane kvite fortsatt, litt usikkert om dei berre må være slik, eller om vi får deksel til dei i sølv... Truleg ingen kjempe krise sida det er snakk om på ein i gangen, bada og boda, men vi får sjå kva vi får til.
 
Termostatane er frå Micormatic og er ei type "ring hytta varm" løysing. Kan skrive meir om denne etterkvart som eg lærer meir, men i all hovudsak skal vi kunne styre tempraturane via mobiltelefonen og systemet har ganske mange fuksjonar som kan leggast til ved behov. Det skal være svært energieffektivt og muligheiter for å stille inn mange ulike tempratur soner og progtam. Type eit trykk og alle varmekilder går i "avreise" modus når vi forlet hytta osv.
 
Test av utelampar - Sg Metro Led - Ikkje så lett å teste utelys i sommarnatta, og at hytta enda ikkje er malt gir ikkje heilt rette bildet, men vi fikk iallefall danna oss eit inntrykk.
Sida rørleggaren hadde våre innom å montert sisternene til toaletta kunne vi no starte der. Har eit lite håp om å få bytte ut Portapottien i campingvogna med ein litt meir normal do inne i hytta til sommarfeien startar (Berre tre helgar att å jobbe på.. vi håpar at det går :))
 
Lisjedo - Kassa ferdig bygd og membranen er klar. I tillegg la eg på eit lag med Trestjerner Gulvmatt på veggane slik at dei skal tåle vask og vattensprut bedre. (Var ikkje lett å bruke golvlakk på veggen sida den var litt for tyntflytande, men eg var litt ekstra oppmerksom på drypp og søl så gikk det bra. Var nok Sunnmøringen i meg som tenkte det var best å berre bruke den lakken eg alt hadde enn å kjøpe ein ny kun for dette.) 
På badet kom vi ikkje like longt denne helga, men doet vart iallefall innkapsla i kassa.. Her må vi no berre finne litt inspirasjon til valg av fargar og matereale.
I tillegg til lys og bad har vi også fått fullført den siste veggen inne på det største soverommet og starta på brannvegg og underlag der ovnen skal stå.
 
Hovudsoverommet og plassen til peis/ovnen - Veggen mellom stove og soverom er no tett.
Har hatt mykje framgong denne helga, men også fått tid til å kose oss litt. Med to små med på byggeprosessen krever det litt underhaldning og avbrekk i bygginga. Heldigvis har dei godt selskap i kvarandre og er flinke å finne på ting i lag, det kjem godt med når mamma og pappa bygger hytte :)

Pølsegrilling, jordbær med vaniljesaus og gode hjelpara.

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar