I veka som var fikk vi ferdigattesten svart på kvitt :) No har vi det på papir at vi er FERDIGE!
I helga var det klart for dei første skikkelige besøkshelga på hytta. Ei kosehelg med mykje god mat og kjekt lag med dei gode vennane våra.
Eirik reiste oppover på torsdag slik at han skulle være der fredag morgon når montør frå Sector Alarm kom for å instalere boligalarmen. No er hytta beskytta mot uvedkommande og andre farer
I tillegg fikk han hengt opp litt adventspynt og nokre klesknaggar i gangen.
|
Hytta pynta med adventstjerner |
|
Knaggar på veggen i gangen - ved inngangsdøra og under trappa |
Fredag etter jobb kunne eg og to vennepar sette oss i bilen å sette kursen mot hytta. Når vi kom opp var det god mat og hyttekos til langt på natt.
|
Laurdag kunne vi sove så lenge som vi ville og etterkvart som vi vokna var det frokost, kaffe og skisport på tv |
Etterkvart som alle saman hadde stått opp og fått i seg litt frokost, kledde vi på oss og tok ein tur i slalombakken.
|
Det var opplett og laussnøv i bakken. Litt tongt føre, men stemninga var god :) |
Tilbake i hytta venta matlaging (Ribbe, pinnekjøt, rabbestappe, rødkål, surkål mm) og avslapping i boblebadet. Vi fikk også besøk av eit til vennepar så då var alle på plass :)
|
T.V. Heldige som vi var fikk vi flotte innflytningsgåver :) T.H Middagen putrar på kjøkkenet. Kjekt med stor koketopp når man skal kokkelere til monge gjestar. |
Julemiddagen var nydelig, og godt lag i gode venner gjorde innflytningsfest helga til ein stor suksess!
Kan nok ikkje ha fleire innflytningsfestar, men julebordhelg må absolutt bli ein tradisjon :)