tirsdag 18. februar 2014

Varmestyring

Å sitte i fosterstillign under et ullpledd første kvelden på hytta har sin sjarm, men det var ikkje det vi såg for oss då vi forma vår hyttedraum. 
Det er med gode minner eg hugsar tilbake til besøka på hytta til besteforeldra mine, uten straum og innlagt vatn, om vinteren var hytta beinfryst til longt på natt annkomstdagen. Det hadde sin sjarm, og er eit minne eg har lagra blandt mine gode barndomsminne, men der skal dei få lov å holde seg ;)

Vi har no fått på plass vårt "ring hytta varm" system :) Det har ikkje våre så verst å kome til hytta når den var på 13 grader, med varmeovnar på fullt og fyr i peisen vart det varmt i løpet av kvelden. 
Derimot så tek vi hytta no ned til 10grader når vi ikkje er der. (Lavare tempratur er forhåpentligvis pengar spart på straumregninga) Til helga går temperaturen opp til passe oppholdstempraturar til vi kjem inn hyttedøra. 

Det var mange ulike løysingar å velje mellom, frå dei heilt enkle til meir avanserte smarthus-løysingar. 
Vår løysing er nok meir smarthus enn enkel, men håpar at vi i det longe løp kan spare nokre kroner på straumregninga, være sikra perfekt varm hytte ved ankomst og vi har fått oss ein fancy duppeditt (kjekt for dei duppedittgalne).

Vi valgte MicroTemp varmestyring frå Micro-Matic. På alle varmeovnar og varmekabeltermostatar sit ein sendar i termostaten, den kan dermed styrast. Vi kan stille inn døgnet i fire tempratursoner, natt, morgon, dag og kveld sju dagar i veka. 
Termostatane kan styrast lokalt på kvar enkelt rom, frå mastertermostaten eller frå mobiltelefonen/pc/iPad. 
I normal drift står den på Auto og lever sit eget liv, men om vi ikkje skal på hytta ei helg eller skal på hytta utover det normale helgeoppholdet set vi inn endringa enkelt via appen.


Sjølve instaleringa er nok forbeholdt elektrikaren/elektroinstalatøren eller den spesielt interesserte, men brukarsnittet er lett å forstå seg på. Detaljstyringa av romma er god, senking av temperaturen på natta, varmt på badegolvet på morgonen og ikkje unødig varme på rom når vi ikkje oppheld oss der. I tillegg er det kjekt å kunne følge den faktiske temperaturen i dei ulike romma både når vi er på hytta, men særlig heimafrå. 

No er vi i ei innkjøringsfase, prøva oss fram til dei ideelle tempraturane, både når vi er på hytta (dag og natt) og når vi ikkje er tilstades. Kva kjennast mest behagelig ut, kva er mest økonomisk ;)


Om nokon har tips til kva som er dei ideelle temperaturane så setter vi pris på tips. Både for komfort og økonomi :) Legg att ein kommentar eller send oss ein epost. 


2 kommentarer:

  1. Hei, Kan du si noe om type utstyr dere har installert (Ovner, termostater etc) og pris for systemet? Er I fasen til å beslutte fjernstyring og all input er kjærkommen.

    Ellers må jeg få si dere har fått det veldig bra!!

    Dag Harald
    http://www.norefjellhytte.blogspot.no/

    SvarSlett
    Svar
    1. Her kan du lese litt meir om MicroTemp systemet: http://www.micromatic.no/?itemid=13110

      Vi har panelovner på alle soverom og loftstova, samt to på stove/kjøkken. I gangen og på toalett og bad har vi varmekablar. Loftstova og romma på loftet venta vi med, men fant fort ut at isoleringa mellom etasjene gjorde at varmen ikkje reiste opp på loftet så raskt som vi hadde trudd og ovnar var nødvendig også der. Panelovnane og termostatane på varmekablane er fra Micro Matic.

      Alle einingar har termostat som koblast saman med masteren og kan fjernstyrast. Vi har derfor muligheit til å detaljstyre alle tempraturar rundt om i hytta, både manuelt rom for rom og automatisk med døgntilpassing.

      Prismessig var det ikkje så ille, ikkje dyrast, ikkje billegast. Vi måtte uansett kjøpe termostatar til varmekablane og panelovnar så tok vi liksågodt å slo til på heilt system. Vi regna ikkje ut noko meirkostnad på dette mot noko anna då vi falt for funksjonaliteten og følte våre behov var godt dekka.

      På nettsida til Micromatic finn du info om din nermaste forhandlar, der får du nok tilbud, pris er nok avhengis av kor mykje utstyr du skal ha :)

      Takk for hytteskryt, det varmar eit sjølvbyggarhjerte :)

      Slett