Ivrige blogglesara har venta tolmodig på nye oppdateringar på bloggen. Vi har ikkje våre på latsida sjølv om det har våre stille på bloggen. Vi har i somar og haust jobba mykje med uteområdet rundt hytta, singel har blitt trilla og gras har blitt sådd, til våren skal vi sette opp ein skigard og då kan vi nok sjå oss svært godt fornøgd med uteområdet.
Oppsida av hytta, mange turar med singel i trillebåra har blitt trilla. |
Inne i annekset har vi kome godt i gong. Vi har tatt det i eit behagleg tempo å prøvd å ikkje stresse med det. Å bygge hytta var energikrevande, så for å ikkje gå tom/lei har bygginga i annekset blitt tatt litt no og då, med lyst og glede. Målet var å få isolert og plasta før kuldegradene sette inn, det har vi klart. Vi har fått inn isolasjon i veggar og tak, plasta og er nesten ferdig med utlektinga.
I tillegg har det meste elektrorør og spottkasser kome på plass.
Bilder frå annekset; Her kjem to soverom, bad, liten kjøkkenkrok og opphalsrom. |
Slit litt med valg av fargar, er så mykje som er fint. Om nokon har tips om fargar som hadde passa i eit lite fjellhytte anneks så tek eg gjerne imot tips.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar