tirsdag 30. oktober 2012

Bilder frå mandag og tirsdag

Hytta nermar seg ferdig utvendig. Det har heldigvis våre mykje bedre vêr siste dagane og snikkarane har fått konsentrert seg mindre om snømåking og meir om bygginga. 
Detaljane bygynner å kome på plass. Vindua har fått lister og taket nermar seg ferdig. I tillegg er dei godt i gong med den utvendige veggkledninga.
 
Bilder frå mandag:
Veggen mot skitrekket
 
Hytta frå oppkjørselen
 
Veggen mot oppkjørselen. Vindu inn til badet.
 
Legging av takpappen.
 
 
Bilder frå tirsdag:
Arken har fått Kledning og vindulister
 
Vindulister på plass
 
Taket har fått papp
 
 
 
Vegg mot oppkjørselen, Vinduet på loftet har fått lister.
 

 
 
 

søndag 28. oktober 2012

Vekas siste arbeidsdag

I dag var været litt lettare på Bjorli og snikkarane har fått ei økt uten at nysnøven fell raskare enn dei rekk å måke. Værutsiktene utover veka er gode, så det ser ut til å bli bedre forhold å være snikkar i frammover.
 
Takpappen kryp oppover
 
Endegavlen over kjøkkenet er også ferdig
 

Interiørfarge tak

Medan snikkarane jobbar som heltar med utsida av hytta nærmar det seg tida for at vi skal starte med vår innsats innvendig. Eg er utnevnt som den ansvarlege for å finne fargealternativ for interiør. Det vil nermare forklart seie at eg finn nokre alternaiv og så veljer vi sammen, ein relativt demokratisk prosess her i familien ;)

Vi har sirkla oss inn på at vi vil ha kvite tak... Derimot er ikkje kvitt berre kvitt.. F.eks. har Møretyri sin Tyrill serie tre kvite oljar å velje mellom, som igjenn kan blandast i det uendelege, og Jotun har utallige ulike variantar i sin Lady interiørbeis serie.


Tyrill Interiørolje

Jotun Lady interiørbeis
 


Vi er enda ikkje tatt valget om vi går for olje eller beis. Har fått sansen for den litt "mjuke" uttrykket som oljen gir. I tillegg skal det være miljøvenleg og enkelt å påføre. Derimot er beisen ein del billigare om man kjem over eit tilbod. Trur eg må ta turen til ein fargebutikk å sjå om der vankar nokre tilbod. Bygger man med begrensa budsjett gjeld det å spare nokre kroner der man kan ;)

Nokon med erfaring frå enten olje eller beis som dei vil dele? Legg att ein kommentar :)

lørdag 27. oktober 2012

Den første middagen

I dag tok vi med ongane på tur til Bjorli for å sjå på bygginga. Sjølv om vi var godt oppdaterte i prosessen med bilder var det kjekt å sjå hærlegheita med egne auge.
Vi hadde med pizza til snikkarane, og sjølv om det var så vidt dei rakk å ta pause, trur eg dei satte pris på litt varm mat.


Velkommen inn :)
 
Første middagen i hytta
 
Minnar mest om eit lagerbygg, men eit lite pizzaselskap fikk vi plass til
 
 
To små som etterkvart vart litt vel husvarme til å kunne opphalde seg lenger på byggeplassen.
 
Stova med utgong til terasse.
 
Hytta er nesten snøva vekk
 
Bilde frå vegen
 
Mykje snøv rundt hytteveggen
 
Utsikt frå stova mot Rånåkollen.
 
 
Hyttegata vår - Hytta vår til høgre og med skitrekket i bakgrunnen.
 
 
Nydlege Bjorli :)
 
 
I følge snekkarane var det no ikkje mykje att, men den stadig fallande snøven gjær det litt komplisert å skulle f.eks legge tak. Heldigvis letta været litt i dag og dei hadde kunne jobbe vidare med det gjennståande.
I kveld fikk eg bilda under på eposten. Etter at vi reiste hadde dei fått starta med ytterkledninga og takpappen.  
 
Kledning straks ferdig i endegavlen
 
Takpappen legges 
 
 
 Det er no under ei veke til vi skal overta arbeidet, eg begynner å føle presset for valg av interiørfargar. Eit lite luksusproblem i at det er for mykje fint å velge mylla.
Om nokon har ein fin brunleg olje- eller beisfarge å anbefale tek vi gjerne mot tips!
 

fredag 26. oktober 2012

Pudderalarm: 43 cm nysnøv

Meldinga frå 26. Oktober 2012 frå Bjorliskisenter :
"Nok en gang er Bjorli første alpindestinasjon som åpner sine bakker for ski- og brettentusiaster. I dag har vi målt 43cm snø nede ved bunnstasjonen. På toppen var det 72 cm. Det snør fortsatt. Enda mer er det meldt kommende natt.

Lørdag og søndag kjører vi T-krokheisen helt til topps med 3 preparerte nedfarter,Lysløypa, Bøvra og Bjorlikrusen, på tilsammen 7,2 km! I tillegg er du velkommen til et pudderparadis!

I tillegg vil hele barneområdet være i drift.

Bjorli best også på tidligsnø! Hjertelig velkommen til nye vintereventyr!"

43cm nysnøv og at det er første alpinanlegg til å opne anlegget for sesongen er knall kjekt, og viktige faktorar for at vi har valgt å bygge hytte akkurat på Bjorli, MEN akkurat i år passa det svært dårlig at snøven ikkje kunne vente til f.eks neste veke..!?
Det er ikkje akkurat ideelle arbeidsforhold for snikkarane våre når det kjem slike mengder snøv, jobben blir mykje tyngre og alt blir betrakteg vansklegare. Kjenner igrunn eg får litt dårleg samvittigheit. Heldigvis, tross store snømengder, har arbeidet gått frammover også i dag.

Ikkje akkurat snikkardraumen å komme på jobb til taktekking og 20cm nysnø i dag tidlig, utover dagen kom det 20cm til...

Vi har fått takrenner
 
Dei fleste vindskeidene har kome på, inngangspartiet tek form.
 
Heldigvis bedre meldingar over helga. Det skal snøve tett i natt og i morgon, men frå mandag ser det mykje bedre ut.
 

torsdag 25. oktober 2012

Status torsdag

Har våre mykje vær på bloggen i dag, og bilda frå Tomas som eg fikk tilsendt i kveld var også prega av snøfall. Ein ting som er 100% sikkert er at det blir ikkje behandling av ytterkledning i år. Snøfallet senkar arbeidet, og det fristar heller ikkje spesielt mykje å stå ute med malarkosten når snøven flyg frå alle kantar.

Med fyr i peisen hadde dette våre grei utsikt frå sofakroken, når du er snikkar og skal legge tak er dette neppe draumen.
 
 
 
Vindskeider er på plass på kjøkkensida.
 
Lite kosleg å jobbe ute i dette været. All ære til snikkarane som står på for at vi skal få hytta vår så snart som råd, 1. november nermar seg <3
 

Bjorliskisenter - "Nå kommer snøen"

I dag tidlig la Bjorliskisenter ut denne meldinga:

"Nå kommer snøen - Torsdag 25. oktober 2012 07:04

Nordvesten er på tur, og med den også snøen. I dag tidlig var det lagt ned 7 cm hvit kosmetikk nede ved bunnstasjonen. Værprognosene sier en sterk økning av nedbøren utover dagen og natta. Snøværet skal fortsette også på fredag. Dersom dette slår til, er vi klar til åpning allerede på lørdag morgen. Følg med på den videre utviklinga!"




Lovar godt for skisesongen 2012/2013, ikkje like godt for hyttebygginga. Heldigvis lovar yr.no bedring over helga. Ein ting som er sikkert er at det blir ikkje oljing av underliggara i år, dette må nok utsettast til våren.