lørdag 27. oktober 2012

Den første middagen

I dag tok vi med ongane på tur til Bjorli for å sjå på bygginga. Sjølv om vi var godt oppdaterte i prosessen med bilder var det kjekt å sjå hærlegheita med egne auge.
Vi hadde med pizza til snikkarane, og sjølv om det var så vidt dei rakk å ta pause, trur eg dei satte pris på litt varm mat.


Velkommen inn :)
 
Første middagen i hytta
 
Minnar mest om eit lagerbygg, men eit lite pizzaselskap fikk vi plass til
 
 
To små som etterkvart vart litt vel husvarme til å kunne opphalde seg lenger på byggeplassen.
 
Stova med utgong til terasse.
 
Hytta er nesten snøva vekk
 
Bilde frå vegen
 
Mykje snøv rundt hytteveggen
 
Utsikt frå stova mot Rånåkollen.
 
 
Hyttegata vår - Hytta vår til høgre og med skitrekket i bakgrunnen.
 
 
Nydlege Bjorli :)
 
 
I følge snekkarane var det no ikkje mykje att, men den stadig fallande snøven gjær det litt komplisert å skulle f.eks legge tak. Heldigvis letta været litt i dag og dei hadde kunne jobbe vidare med det gjennståande.
I kveld fikk eg bilda under på eposten. Etter at vi reiste hadde dei fått starta med ytterkledninga og takpappen.  
 
Kledning straks ferdig i endegavlen
 
Takpappen legges 
 
 
 Det er no under ei veke til vi skal overta arbeidet, eg begynner å føle presset for valg av interiørfargar. Eit lite luksusproblem i at det er for mykje fint å velge mylla.
Om nokon har ein fin brunleg olje- eller beisfarge å anbefale tek vi gjerne mot tips!
 

6 kommentarer:

  1. Hei!

    Jeg har nettopp begynt å følge bloggen din, og skal følge med videre også! Du spør om tips om fin brun olje- eller beisfarge. Vil anbefale vår blanding av Valnøtt og Drivved interiørbeis fra Jotun! Ble veldig fornøyd med den. Vi brukte den oppå panel fra midten av 70-tallet, men regner med at den blir fin på nytt panel også. Lykke til videre! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du vil følge bloggen vidare Liv :) Skal prøve å holde bloggen oppdatert med smått og stort frammover.
      Takk for fargetips, nydeleg farge de har blanda sammen, ser veldig flott ut!

      Slett
  2. Så kjekt å se :-) dette blir bra :-)) Jeg har også store problemer å velge farge på beisen inne. Vanskelig valg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, vi er kjempefornøyd med hytta til no :)
      Inne beisen er kjempe vanskelig, særleg å finne rette nyansen og å sjå fargen for seg i hytta.

      Slett
  3. Såå koselig! Familiehytta dere også?? Gled dere! Vi var i samme prosess i fjor på denne tid!! Nå er det kos hver helg!! Lykke til :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, Familiehytta her også :) Gler meg til prosessen framover og ikkje minst hyttekosen! Har funne masse inspirasjon til interiør fra Låvebutikken, liker stilen din :)

      Slett