lørdag 13. oktober 2012

Godfølelsen

I dag fikk eg virkelig kjenne litt på hytteroa. Eirik skulle fikse litt på muren, mens eg var handtlangar og den som sola seg på ein stabel med terassebord.
Sjølv med sikkert over 400timar med jobb liggande pakka inn i plast rundt meg fikk eg ei uforklarlig glede og ro i kroppen når eg sto i hytta (eller det som skal bli hytta) å kjika ut dei flotte vindua. Hytta VÅR! Ein heilt ubeskriveleg følelse av glede! :)

Vi fikk også helse på snikkarteamet som jobbar med hytta vår. Dei var no på ei av dei andre hyttene for å få heise på plass materiale og takstolar der også før snøven kjem og skal bruke dei neste to vekene på det. Vår hytte blir derfor ståande som no til snikkarane er tilbake.
Snikkarane virka som ein gjeng med kjekke karar og vi fikk eit godt inntrykk av dei. Slik som svært mange av snikkarane i Noreg i dag snakka dei ikkje norsk, men teamleder-Thomas var god på engelsk og han var lett å kommunisere med, så dette skal gå bra.

Medan Thomas gikk gjennom litt detaljar ved bygginga med oss gikk nokre andre snikkara over alle materealhaugane våre, festa og kontrollerte presseningar så dei skulle være beskytta mot vær og vind best mulig. Det bles kraftig i dag, vinden reiv godt i preseningane. Betryggande å vite at snikkarane passar godt på byggeplassen for oss når vi sjølve er langt borte. Slik service er viktig i byggeprosessen.

Hytta frå vegen
 
Utgang til veranda frå stue i frambygget (verandadøra er ikkje satt i enda, men kjem i hjørnet ;) )
 
 
Oppsida med parkering og inngang. I bakkant til høgre er plassen til anekset.
 
 
 
Til vår store glede hadde snikkarane bært interiørmaterealet inn før dei lukka veggane. Kjempe service! Sparte oss for mykje bæring :) (Vinden hadde reve av presseningen her, snikkarane passa på å dekke lasset godt til igjen)
 
 
Store vindu i frambygget på stova. Ikkje lett å fange utsikta på bilde pga alt materealet som var i veia, men den var sjølvklart nydeleg om nokon lurte ;)
 
I skitrekket er dei i full gang med snøvproduksjonen, for vår del håpar vi det blir med kunstsnøv nokre veker til slik vi rekk å lukke hytta. (Og eg veit at snikkarane også hadde store ønsker om å sleppe snøven lengst mulig) Vi kryssar fingrane.
 

4 kommentarer:

  1. Grattis :) Ser ut til at det blir kjempeflott. Blir kjekt å sjå framgangen utover vinteren!!

    Vi har også valgt Osensjøen. Kontrakta vart signert i går, så vi skal følge dokke tett på bloggen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gratulerer med signert kontrakt! De har ei spennande tid i møte! Vi har stor tru på Osensjøen og det lovar svært godt til no :)

      Slett
  2. Dette så jo utrolig bra ut! Heldige dere! Gleder meg til å følge fortsettelsen :-)

    SvarSlett